Hopp til innhold

Frp-fylkesleiar foreslår skatteauke for å bli kvitt bompengar

Dersom Frp ikkje får bruke oljepengar på å bli kvitt bomstasjonane, er Frp-fylkesleiar Odd Eilert Persen villig til å auke skattane i staden. Venstre åtvarar mot skatteauke på det sterkaste.

Odd Eilert Persen

Odd Eilert Persen er fylkesleiar i Troms og Finnmark Frp.

Foto: Rune Nordgård Andreassen / NRK

– Helse, barnehagar og skular blir betalt over skattesetelen. Det er ein rettferdig måte å betale på. Men mange eldre og sjuke har ikkje råd til bompengar, seier Odd Eilert Persen, fylkesleiar i Troms og Finnmark Frp.

Han er blant fylkesleiarane som har teke til orde for å gå ut av regjeringa dersom Frp ikkje får gjennomslag på sine bompengekrav.

Onsdag ettermiddag møter han opp til landsstyremøte på partikontoret til Frp for å diskutere saka.

Kravet som står høgast på lista til Frp-grasrota no, er å følgje opp landsmøtevedtaket om å bruke oljepengar til å slette bompengegjeld. Regjeringspartia er derimot ikkje villige til å gå med på dette.

Men fylkesleiarar NRK har snakka med, fryktar at bompengeprotestane kan ramme Frp hardt i haustens kommuneval. Dei treng «betydeleg gjennomslag» på bompengar, og håper det kjem alternativ på bordet.

– Skatt er meir rettferdig

Odd Eilert Persen ser føre seg at eit alternativ for å få fjerna bomstasjonane er å auke skattane:

Fylkesleiaren peikar på at det meste anna blir finansiert over skattesetelen, og meiner det blir meir rettferdig enn flate bomsatsar som rammar uavhengig av inntekt.

– Det må vere ei rettferdig fordeling for å finansiere velferda, og då er skattesetelen betre. Dei som ikkje har så god råd, kjem då heldigvis betre ut. Med dagens bompengar rammar det minstepensjonistar like mykje som oss som har pengar og kan betale for oss. Det er urettferdig, seier Persen.

– I dag er det knapt bompengestasjonar i din region. Er det rettferdig at de i nord over skattesetelen skal betale for veg i sør?

– Nei, men eg brukar jo også vegen i sør om eg reiser dit. Vi kan ikkje dele landet to. Vi ønskjer også å bygge vegar i nord, og då må dei i sør vere med på å betale for dei. Eg bidreg gjerne til å bygge gode vegar så eg kan køyre rundt i Noreg, seier fylkesleiaren.

Kor mykje vil du i så fall heve skattane?

– Det har eg ikkje rekna på direkte, men vi får sjå, seier han.

Venstre åtvarar Frp

Samarbeidspartnarane på Stortinget ser med skepsis på å skulle auke skattane for å bli kvitt bompengeringane.

Venstre og KrF seier dei held seg til regjeringsplattforma som blei underteikna på Granavolden.

– Det er eit heilt nytt moment og svært overraskande at dette kjem frå Frp, seier stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold.

Geir Jørgen Bekkevold

Geir Jørgen Bekkevold er stortingsrepresentant for KrF.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det vil vere ekstremt dårleg politikk å auke skattane; det vil eg på det sterkaste åtvare Frp imot, seier stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Abid Raja intervjues av NRK

Abid Raja er stortingsrepresentant for Venstre.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Partikollega Guri Melby (V) seier argumentet om at bompengane rammar usosialt og urettferdig er vel så gyldig ved skatteinnkrevjing som ved bompengeinnkrevjing.

Møter kald skulder i Frp

Persen får heller ikkje støtte i eige parti, i alle fall ikkje blant fylkesleiarane NRK har snakka med:

– Det er heilt uaktuelt å auke andre skattar. Det er eit anna vonde, seier Liv Gustavsen i Viken Frp.

Liv Gustavsen, Frp

Liv Gustavsen, fylkesleiar i Viken Frp, er mot å auke skattar for å bli kvitt bompengar.

Foto: Edin Babic

– Vi vil ikkje auke, men redusere skattane. Totaltrykket må betrakteleg ned for folket, seier Christian Eikeland i Agder Frp.

– Vi må kunne bruke av oljefondet, seier Johan Aas i Innlandet Frp.

– Vi betalar nok veg- og bilavgifter frå før. Eg vil ikkje betale for vegar eg ikkje køyrar på, seier Frank Sve i Møre og Romsdal Frp.

– Frp skal ikkje vere partiet som finn på nye skattar og avgifter for å lette bompengar. Vi må finne ei innsparing framfor å skattlegge, seier Tone Ims Larssen i Oslo Frp.

Tommy Skatland i Trøndelag Frp seier han kan vere open for å sjå på forslag som kjem opp på landsstyremøtet onsdag, men at han i utgangspunktet er svært skeptisk til forslaget til Persen.

Treng noko å gå til val på

Persen tek motstanden med stor ro.

– Vi er ulike i partiet, men eg tenker på kva som kan vere løysinga. Staten får ikkje pengar av seg sjølv. Vi må bidra, men på ein rettferdig måte, seier fylkesleiaren i Troms og Finnmark Frp.

Dersom det ikkje blir noka løysing i bompengestriden, meiner Persen det berre er å «pakke kofferten og forlate dei svarte bilane».

– Då kan vi hente veljarar som sit på gjerdet. Vi vil gjerne sitte i regjering, men det er press frå grasrota i partiet. Folk kjenner seg ikkje att. Vi treng ein plan og ei pakke som gir noko vi kan gå til val på, seier han.

AKTUELT NÅ