Erlend Wiborg (Frp) er leiar for Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Han ventar støtte frå regjeringspartia for forslaget, sidan ei utgreiing av Nav-ombod var eit punkt på Granavolden-erklæringa. Dette var eit viktig gjennomslag for Frp, seier han.
Granavolden-erklæringa var grunnlaget for Solberg II-regjeringa, der Framstegspartiet var med saman med Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. No har Frp gått ut av regjeringa, og partiet vil ikkje lenger følgje denne plattforma.
Wiborg har merka seg at Erna Solberg har sagt at den nye trepartiregjeringa skal styre etter grunnlaget frå Granavollen.
Hvem har trygdeskandalen rammet og hvilke feil er gjort? NRKs Astrid Randen forklarer.
– Hovudet i veggen
– Vi veit at mange stangar hovudet i veggen i møte med byråkratiet i Nav. Vi har fått tilbakemeldingar om dette i lang tid, og så kom også den siste Nav-skandalen. Enkeltmennesket treng nokon som talar deira sak og hjelper når dei står fast, seier Erlend Wiborg til NRK.
Han trur det er fleirtal i Stortinget for å innføre eit Nav-ombod.
– Dette har vore ei kampsak for Frp i mange år. Dette er sannsynlegvis det enkelttiltaket som vil ha størst effekt. Vi fekk gjennomslag for ideen i Granavolden, og då ventar eg at regjeringa støttar forslaget vårt, seier Wiborg.
I eit intervju med Dagbladet seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen at han har sett ned ei
liste på ti punkt
for å rydde opp i Nav. Innføring av eit Nav-ombod står ikkje på denne lista.
NRKforklarer
Kva er trygdeskandalen?
Bla videre
Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.
Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen.
Kven er ramma?
Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.
Kva er feilen?
Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.
Kven har gjort feil?
Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane.
Kor lenge har det pågått?
Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.
Kva skjer no?
Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.
Heidi Nordby Lunde (H) vil ikkje love støtte til forslaget frå Frp, men seier at regjeringa vil ha ei utgreiing om ombodsfunksjon for Nav.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Høgre-representant i Arbeids- og sosialkomiteen, Heidi Nordby Lunde, vil ikkje love full støtte til Frp-forslaget.
– Når vi skal følgje opp Nav-saka, så skal vi sjå på ombodsfunksjonen. Ikkje nødvendigvis eit eige Nav-ombod, men det kan til dømes ligge under pasientombodet i helserelaterte saker. Og vi har også andre tryggingsmekanismar som også skal ta vare på Nav-klientane, seier ho.
Ho meiner det er naturleg å greie ut ombodsfunksjonen, og seier at det kan hende at regjeringa vil lande på ei full ombodsløysing.
– Eg har merka meg at Frp går inn for eit fullt ombod, men eg har lyst til å minne om at dei har gått ut av regjeringa. Sjølv om regjeringa seier at dei følgjer Granavolden-erklæringa, så merker eg meg at Frp ikkje har tenkt å følgje denne. Og det synest eg bør vere til refleksjon, avsluttar Heidi Nordby Lunde.
Erlend Wiborg er klar på at det er viktig for Frp at enkeltmenneske får det dei har rett på i møte med Nav, og at alle skal behandlast skikkeleg.
Wiborg fortel at partiet ikkje har låst seg til ein modell for korleis eit Nav-ombod skal arbeide. Det kan vere eit sentralt ombod, men det kan også vere aktuelt med fylkesvise Nav-ombod som opererer saman med pasient- og brukarombodet.
– Vi treng tilbakemeldingar frå brukarane, men vi har tidlegare foreslått eit Nav-ombod saman med Pasient- og brukarombodet. Dette fordi mange som har bruk for Nav også har helsemessige utfordringar, og vi må sjå dette i ein samanheng, seier komiteleiaren til NRK.
Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.
27. november 2018
Blir orientert
Nav gir Arbeids- og sosialdepartementet ei foreløpig orientering om brevet Trygderetten sende 19. november om feil praktisering av EUs trygdeforordning.
18. desember 2018
Saker sett på vent
Alle klagesaker om fleire korte opphald i EØS-området blir sette på vent medan ein prøver å forstå regelverket.
20. desember 2018
Brev frå Nav
Departementet blir formelt orientert om at Trygderetten vurderer å sende spørsmål om korleis Nav praktiserer artikkel 21 i EUs trygdeforordning til EFTA-domstolen.
18. januar 2019
Møte mellom Nav og departementet
Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om saka i eit møte.
24. januar 2019
Brevveksling mellom Nav og departementet
Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei ber direktoratet gjer greie for praksisen til etaten og vurdere om forståinga av artikkel 21 er i tråd med forordninga. Same dag sender Nav eit brev til departementet der dei skriv at dei vil gjere endringar i korleis dei tolkar artikkel 21 i framtida.
22. februar 2019
Uformell kontakt
Arbeids- og sosialdepartementet sender ein e-post til Nav for å orientere om at det kjem eit brev i mars.
25. februar 2019
Set saker på vent
Den delen av Nav som jobbar med å avdekke og anmelde trygdesvindel seier at dei set saker med nordmenn som har vore på korte opphald i EØS-området på vent.
5. mars 2019
Departementet sender brev
Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei gir tilslutning til den nye praksisen som går ut på at ein ikkje skal stanse eller avslå støtte når nordmenn er midlertidig i eit anna EØS-land.
14. mars 2019
Ny praksis
Dei tilsette i Nav får beskjed om den nye praksisen, og blir bedne om å setje saker der støtte blir kravd tilbake på vent.
23. april 2019
Siste politimelding
Nav sender den siste politimeldinga om trygdesvindel basert på gammal praksis til påtalemakta. Denne blei kjent for Arbeids- og sosialdepartementet først 25. oktober 2019.
21. juni 2019
Brev frå Nav
Nav sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet om korleis dei har endra praksis for ulike typar støtte.
30. august 2019
E-post frå Nav
Nav sender ein e-post til Arbeids- og sosialdepartementet der dei orienterer om at feiltolkinga kan omfatte fleire saker enn det ein har trudd tidlegare. I den interne gjennomgangen i Nav kjem det fram at artikkel 21 heller ikkje har vore vurdert ved lengre midlertidige opphald i andre EØS-land.
2. september 2019
Nav ber om møte
I ein e-post frå Nav skriv dei at dei treng eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet. Departementet får for første gong vite at folk kan ha sona i fengsel på grunn av feil praksis av regelverket.
13. september 2019
Møte mellom Nav og departementet
Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om status i saka. Men dei var framleis usikker på om lova var brukt feil, og seier dei vil be påtalemakta om pågåande saker lbir sett på vent.
16. september 2019
Siste rettssak
Den siste saka som er basert den gamle tolkinga av lova går for retten.
17. - 19. september 2019
Brev til politiet
Nav sender brev til alle politidistrikta der dei ber om at saker som er melde, men der det ikkje er teke ut tiltale, blir sette på vent.
26. september 2019
Kontakt med Riksadvokaten
Nav har ein uformell kontakt med Riksadvokatembetet om saka. Riksadvokaten får det formelle varselet om feilen i oktober.
18. - 25. oktober 2019
Møter mellom Nav og departementet
Mellom 18. og 25. oktober har Nav og Arbeids- og sosialdepartementet tre møter for å få ei avklaring på korleis lovverket skal tolkast. På det siste møtet deltek Nav-direktør Sigrid Vågeng og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
27. oktober 2019
Brev frå Nav
I eit brev Nav har sendt til Arbeids- og sosialdepartementet konkluderer dei med at tidelegare lovtolking av forordninga ikkje har vore rett, uavhengig av lengda på opphaldet.
28. oktober 2019
Brev frå Trygderetten
Trygderetten sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei gjer greie for sakene dei har behandla etter at forordninga blei sett i kraft i 2012.
29. oktober 2019
Brev frå departementet
Arbeids- og sosialdepartementet sender brev til Nav der dei orienterer om korleis dei skal følge opp saka for å rette opp i dei feila som er gjort.
4. november 2019
Brev frå ESA
ESA sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei ber om ei utgreiing av tolkinga av artikkel 21 i EUs trygdeforordning, og korleis denne er praktisert.
5. november 2019
Stortinget blir orientert
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie orienterer Stortinget om trygdeskandalen. Ho varslar også ei ekstern gransking av det som har skjedd.
8. november 2019
Granskingsutval
Professor i Europa-rett ved UiO, Finn Arnesen, skal lede et granskingsutval på sju personar som skal finne ut korleis reglene kunne bli tolka feil.
19. november 2019
Visste om straffesaker
I et brev frå arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomiteen kommer det frem at Nav allerede i februar var klar over at trygdeskandalen omfatta straffesaker.
25. november
Raudt fremmer mistillit
Raudt-leder Bjørnar Moxnes gjør det klart at partiet fremmer mistillitsforslag mot Anniken Hauglie. Når Stortinget stemmer over forslaget 27. november, er det berre Moxnes som stemmer for.
28. november 2019
Ber alle statsrådar gjennomgå
Statsminister Erna Solberg ber alle statsrådane i regjeringa om å gå gjennom sine departement og underliggande etatar for å sjekke om de har tolka EØS-regelverket galt.
4. desember 2019
Ytelsesdirektør i Nav går av
Kjersti Monland går av som ytelsesdirektør etter trygdeskandalen. Bjørn Lien, daverande direktør for Nav Innlandet, overtek etter Monland.
5. desember 2019
Brev hamna i skuff
I eit brev som blei sendt frå Nav til Arbeids- og sosialdepartementet i juni 2018, men som først blei oversendt Stortinget nå, drøftar Nav forholdet mellom norsk lov og EUs trygdeforordning artikkel 21. Nav ber om ei tilbakemelding på sin tolking og praksis, men brevet blir i staden liggjande i ein skuff. – Eg beklagar overfor dei som er råka, seier Anniken Hauglie.
17. desember 2019
Opprettar ny nemnd
Statsminister Erna Solberg seier på si halvårlege pressekonferanse at regjeringa opprettar ei ny nemnd som skal behandle eventuelle klager på erstatningskrav som spring ut av saka.
6. januar 2020
Minst 78 personar feilaktig dømde
Ei ny oversikt frå Setteriksadvokaten viser at 78 personar truleg er feilaktig dømde i trygdeskandalen. Samstundes opplyser han at talet kan vere høgare.