Hopp til innhold

Ny rapport: Unge ser meir negativt på framtida

Noreg er framleis det sjuande lykkelegaste landet i verda, ifølge FNs lykkerapport. Men det er store skilnader mellom generasjonane, der særleg dei unge har fått mindre tru på framtida.

To personer går forbi et stort boligbygg.

Høge bustadprisar, inflasjon og ein trong arbeidsmarknad gjer at mange unge nordmenn ser meir negativt på framtida, ifølge ny rapport. Illustrasjonsfoto.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

For sjuande år på rad toppar Finland lista over dei lykkelegaste landa i verda, følgd av Danmark og Island, ifølge FNs årlege lykkerapport.

Noreg ligg på ein sjuandeplass, som er lågast av dei nordiske landa.

Rapporten måler korleis folk i dei ulike landa opplever lykke og livskvalitet. I år ser han også på korleis livskvaliteten er i ulike fasar, og då ser vi ein klar tendens.

– Norden er eit lykkas seniorsenter. Alle dei fem nordiske landa ligg øvst blant dei som er over 60 år, seier seniorforskar ved FHI, Ragnhild Bang Nes, som i fleire år har forska på lykke.

Dersom det berre hadde vore personar over 60 år som deltok i undersøkinga, ville Noreg ha vore verdas tredje lykkelegaste land.

Ragnhild Bang Nes, seniorforsker, FHI

Seniorforskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Astrid Waller

Dårlege framtidsutsikter

Men for dei yngre generasjonane ser biletet annleis ut. Dei under unge brukte å ligge høgare enn dei eldre, men no har dette snudd. Tek ein berre omsyn til dei som er under 30 år i undersøkinga, ville Noreg ha vore nummer 20 på indeksen.

– Denne aldersgruppa har negative forventningar til framtida. Det er mange faktorar som spelar inn på dette. Dei har blant anna ei uro for arbeid, økonomi og bustad, seier Nes.

Les også Stressa? Her er psykiaterens ti beste tips for å håndtere det

Bjarte Stubhaug, stressmestring

Rapporten trekk fram denne reverseringa i kor nøgde unge folk er med livet som ei utvikling vi særleg ser i USA og Vest-Europa. I tillegg ser ein eit klart generasjonsskilje, seier Nes.

– Dei som er fødde etter 1985, rapporterer om ein klart dårlegare opplevd livskvalitet.

Evalueringa henger klart saman med opplevd økonomi og levekår, seier ho.

Les også – Fattigdommen har fått nye ansikter

Mona ligger og hører på musikk.

Viktig med betre fordeling av lykke

Utviklinga med at dei unge har blitt meir misnøgde, starta allereie for nesten ti år sidan. Men pandemien, som mange meiner ramma dei unge hardt, og uroa i økonomien dei siste åra kan ha bidrege til å forsterke trenden.

Det er uheldig at det er så store forskjellar mellom dei ulike aldersgruppene, seier Nes.

– Det er uheldig med ei slik skeiv fordeling av livskvalitet. Det rammar heile befolkninga, og skapar grobotn for konflikt, mistru og misnøye. Vi ønsker jamn og god fordeling av livskvalitet og lykke.

Alt blir bra

Under pandemien var det mange barn som laga regnbogeteikningar med teksten «Alt blir bra».

Foto: Lise Åserud / NTB

Funna i undersøkinga er ei klar tilbakemelding til politikarane og regjeringas arbeid med å utarbeide ein nasjonal strategi for livskvalitet.

– Denne undersøkinga er nyttig for politikarane. Noko er gale, og no må dei finne verkemiddel som gjer at unge kan få betre liv. Dårleg livskvalitet heng saman med stress og uro, som i sin tur rammar helsa.

Les også Skeive har lågare livskvalitet enn heterofile: – Kjipt, men ikkje ei overrasking

Pil Ulheim ser alvorleg ut.

Kjenner seg lykkelege

Alle dei NRK møtte på gata, både unge og eldre, seier dei kjenner seg lykkelege. Dei trekk blant anna fram jobb og god helse, og det at ein bur i eit trygt land, som faktorar som bidreg til lykke.

Ein av dei er Liv-Solveig Miklegard, som vi møtte på Blindern i Oslo. Ho seier ho er ein jamt over glad person.

– Eg kjenner meg veldig sjeldan ulykkeleg, så det er jo ganske praktisk.

Liv-Solveig Miklegard og Lily Cdhang
Foto: Julianne Flølo / NRK

Ho nemner ei rekke ting som gjer at ho kjenner på lykke.

– Når eg er ferdig å trene. Når det er fint ver og kan gå på ski ute. Når eg et god mat med vennar. Alt det der. Og når eg snakkar med bestefar på telefonen. Slike ting.

AKTUELT NÅ