Hopp til innhold

Fly med SAS-passasjerar mangla exit-skilt: – Noko gamalt rask

Eit slite fly med manglar gav familien Lagerqvist ein dårleg start på ferien. Luftfartstilsynet har no varsla styresmaktene om flyturen.

SAS SmartLynx Lagerqvist

MANGLAR: På flyturen frå Arlanda til Roma tok Lagerqvist bilete av manglane.

Foto: PRIVAT

– Det er det verste eg har sett i Europa og frå SAS noko sinne, seier Anders Lagerqvist.

Flyselskapet skulle i førre veke frakte han og familien til Italia for ein etterlengta ferie.

– Det var ein gamal og sliten Airbus A320. Med ein gong vi kom om bord såg vi at det var mykje rart i kabinen, seier han.

IMG_4729

Anders Lagerqvist skulle fly til ein to veker lang ferie med SAS-innleigde SmartLynx.

Foto: Privat

Han meiner at flyet er ei tidleg utgåve av A320, og tippar flyet er mellom 20 og 25 år gammalt.

Bileta han tok på flyet syner eit armlene som manglar, og det er teip rundt vindauget ved ein nødutgang.

Ved ein nødutgang midt i flyet mangla det «exit»-skilt. Skilta er meint å vise vegen ut i ein nødssituasjon.

– Det er vel skaderisiko ved slike «løysingar», spør Lagerqvist.

Han får støtte av Luftfartstilsynet, som fører tilsyn med flytrafikken og selskapa.

– Dette kan potensielt vere veldig alvorleg, og må vere i orden. Nettopp i tilfelle ein nødssituasjon, seier kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet.

SAS SmartLynx Lagerqvist

Exit-skilta skal vise veg i ein naudsituasjon. Midt i flyet mangla det.

Foto: PRIVAT

Lagerqvist påpeikar at dottera har flyskrekk, og ho lurte på om flyet i det heile tatt var trygt å reise med.

Lagerqvist er sjølv utdanna flymekanikar, men han har aldri hatt det som yrke. Timane med flymaskin har han derimot tatt igjen i lufta som medlem av SAS-kundeprogrammet Eurobonus med statusnivået «Gold for Life».

– Dei tar premium betalt, då forventar ein premium levert. Det verka som noko gamalt rask dei fekk fatt i siste liten, seier han.

SAS SmartLynx Lagerqvist

Vindauga ved nødutgangen midt i flyet var teipa.

Foto: PRIVAT

– Beklagar på det sterkaste

– Her kjem vi til å fylgje opp kva som har skjedd, seier pressekontakt i SAS Norge, Tonje Sund.

Det var det latviske selskapet SmartLynx som stilte med fly til SAS-passasjerane frå Arlanda til Roma 13. juli.

– Eit manglande exit-skilt ville ikkje hindra ei effektiv evakuering ved ein nødssituasjon. Vi forstår likevel den visuelle tryggleiken skilta gjev, seier talsperson Agija Kola-Kanca.

Flyselskapet hevdar flyginga med det slite flyet var ei «isolert hending».

– Vi vil på det sterkaste beklage eventuelle ulemper og uro som passasjerane opplevde, skriv ho til NRK.

Varsla latviske styresmakter

– Det sjer litt sjuskete ut, det er tydeleg. Likevel er det eit godt stykke mellom øydelagde armlene og manglar på flyet sitt vedlikehaldsprogram, seier kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet.

Pressebilde av Håvard Sverre Vikheim

Kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet.

Foto: Luftfartstilsynet

Etter at NRK tok kontakt har Luftfartstilsynet varsla latviske styresmakter.

– Vi har ikkje formelt høve til å føre tilsyn med operatøren. Likevel har vi retta oss til luftfartsmyndigheitene og gjort dei merksame på forholda. Det gjer vi fordi det er i alle si interesse at vi snakkar saman på tvers av landegrenser, seier Vikheim.

Tonje Sund i SAS seier tilbakemeldingane frå passasjerar blir følgde opp.

– Det gjeld alle delar av verksemda. Det er viktig for oss å gje kundane ei god oppleving, seier ho.

For familien i Italia står det endå att meir enn ei veke i Sør-Europa.

– Så håpar eg på eit skikkeleg SAS-fly heim, seier Anders Lagerqvist.

Sprengd kapasitet

Flyselskapa er no inne i den mest travle sesongen, og fraktar hundretusenvis av sollystne nordmenn til varmare strok. Det har sett kriseråka SAS i ei knipe.

– For å sikre kapasitet har vi mellombels leigd inn 15 fly. Det gjer vi samstundes som vi rekrutterer og lærer opp eigne crew, seier Sund.

SAS SmartLynx Lagerqvist

SAS har kontakta SmartLynx for å få vite kva som skjedde med flyet til Roma.

Foto: PRIVAT

Åtte av dei 15 innleigde SAS-flya er frå Smartlynx.

– Dei opererer under same regelverk som andre flyselskap i Europa. Vi vil aldri kompromisse på tryggleik, seier Sund.

Ho understrekar at det ikkje er rom for usikre flyselskap i europeisk luftfart.

Tonje Sund

Tilbakemeldingar frå flyturen blir følgde opp, lovar pressekontakt i SAS Norge, Tonje Sund.

– Alt er strengt kontrollert og underlagt same regulatoriske rammeverk frå EASA, seier Sund.

AKTUELT NÅ