Hopp til innhold

Uklart kva «full erstatning» til pelsdyrbøndene vil koste

Dei fire tidlegare regjeringspartia er blitt samde om full erstatning til pelsdyrbønder som er tvinga til å avvikle drifta. Men ingen veit kva det vil koste, vedgår landbruksministeren.

Rev

SLUTT INNAN 2025: Ein rev kikkar nysgjerrig ut av buret sitt på ein pelsdyrfarm i Rogaland. No ligg det an til at pelsdyrbøndene får full kompensasjon for tapet når dei må avvikle pelsdyrdrifta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Framstegspartiet og dei tre regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti er einige om at pelsdyrbøndene skal få erstatning som om det skulle ha vore ekspropriasjon.

Landbruksminister Olaug Bollestad seier at «ekspropriasjonsmessige prinsipp» skal leggjast til grunn i utrekninga.

– Vi har fått til ei ordning der gardane skal takserast etter prinsippa om ekspropriasjon, og det er eg glad for, seier ho.

Taksering etter sommaren

Tidlegare har landbruksministeren tilbode ein kompensasjon som låg i storleiksorden 850 millionar kroner. Kva sum som full erstatning inneber, er uklart, men summar som 1,4 og 2 milliardar kroner har vore nemnde.

Bollestad seier no at det ikkje er mogeleg å seie kva sluttsummen blir, men at det heilt sikkert blir meir enn det som låg i det første tilbodet til bøndene.

På spørsmål frå NRK om eit anslag på 1,6 milliardar kunne vere rett, svara Bollestad at det var «NRKs sine berekningar». Ho svara heller ikkje klårt på om ekspropriasjonsprinsippet, som tek utgangspunkt i at eigaren må «gå frå gard og grunn». Det må jo ikkje desse bøndene, men ho svara heller ikkje tydeleg på dette.

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) og Frps Morten Ørsal Johansen i Stortinget.

SEMJE: Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) og Frps Morten Ørsal Johansen presenterte den nye avtalen i Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Alle bruk skal takserast

Landbruksministeren opplyste at forskrifta om verdifastsettinga skal vere klar før sommaren. Deretter skal den praktiske takseringa skje. Først då vil summen vere klar. Utbetalingane vil strekkje seg over perioden frå i år og fram til 2025 når forbodet blir absolutt

Teksten i framlegget frå Høgre, Frp, venstre og KrF er slik:

«Stortinget ber regjeringa om å endre kompensasjonsordninga for pelsdyroppdrettarar som heldt pelsdyr 15. januar 2018, og som vert ramma av vedtaket i Stortinget av 13. juni 2019 om forbod mot hald av pelsdyr, slik at dei får kompensasjon som om det dreidde seg om eit ekspropriasjonsarta inngrep.»

Ifølgje avtalen mellom dei fire partia, skal verdivurderinga byggje på ei forventa salsverdi i ein marknad utan forbod mot pelsdyrhald og på skinnprisar basert på trendutvikling.

Det betyr at uavhengige takstmenn skal taksere kvart einskild bruk, og ikkje ei sjablongmessig kompensasjon som i det første framlegget frå landbruksministeren.

Sp og Ap støtter

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet seier dei vil støtte det nye framlegget.

– Det er Staten som skal ta rekninga. og ikkje bøndene som har vorte ofra i eit stygt politisk spel, seier Geir Pollestad frå Sp.

Han seier det ikkje er rett at folk skal tape pengar på at næringa deira blir forbode. Om dette kostar éin eller to milliardar, er underordna, meiner han.

SV: – Prinsipielt feil

SV støtter og framlegget, men meiner det er prinsipielt feil å gå inn i ein ekspropriasjons-diskusjonen, og viser til grunnlovas paragraf 105.

– Vi støtter forslaget til regjeringa, fordi det er einaste vegen ut av situasjonen vi er i nå, slik at pelsdyrbøndene skal få eit skikkeleg oppgjer, sa Torgeir Knag Fylkesnes (SV) frå talarstolen i stortingssalen, og la til:

– Men det er spesielt at regjeringa legger seg på ei prinsipiell linje som kan få utilsikta konsekvensar på andre område. Vi vil gjerne ha det same forslaget om full kompensasjon, men utan å kople inn ekspropriasjon, sa han.

Miljøpartiet dei Grøne er mot regjeringa sitt framlegg. Dei støtter SV sitt primære framlegg, av di dei er redde for at saka skal ta så lang tid at heile forbodet kan bli reversert etter 2021. Raudt støtter fleirtalsforslaget subsidiært.

Venstre: Siger for dyrevelferda

Venstre, som var pådrivaren for forbodet mot pelsdyravl, er og nøgd med semja i dag.

– Eg er glad for at pelsdyrforbodet står, trass i at Arbeidarpartiet og Senterpartiet har forsøkt å trenere og utsette heile forbodet. Dette er ein god dag for dyrevelferda, seier André N. Skjelstad, næringspolitisk talsperson i Venstre.

Han seier at produsentar som vil omstille seg til andre næringar, no raskt kan komme i gang med det. Han peiker på at ein tredel av pelsprodusentane har slutta sidan 2014 grunna lav lønsemd. Kompensasjonen dei no får er raus og gir stort rom for pelsdyrbøndene til omstilling, meiner han.

– No får vi rydda skikkeleg opp, og ingen skal hamne i økonomisk uføre, seier Skjelstad.

Dyrevernarar skuffa

Dyrevernallianswen er skuffa over pelsdyrforliket.

– Det vert skapt usikkerheit og vi er utruleg skuffa over at det no kjem nye utsettingar og runder på korleis avviklinga av pelsdyrnæringa skal skje, seier kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, Live Kleveland.

Frp trua med å stemme med opposisjonen

I Politisk kvarter gjorde saksordføraren til Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, det klart, at dersom det ikkje vart oppnådd semje med regjeringspartia om full kompensasjon innan Stortinget starta behandlinga av dagens saker klokka 10, ville Frp stemme for forslag frå andre parti som tilbyr dette.

POLITISK KVARTER: Morten Ørsal Johansen, stortingsrepresentant Frp, Guri Wormdahl, informasjonssjef Noregs pelsdyralslag, Geir Pollestad, stortingsrepresentant Sp.

Men etter at avtalen var presentert like før møtestart klokka 10, ville Pedersen ikkje vere med på at einigheita i dag kan takast som eit teikn på at Framstegspartiet vil halde fram med å presse mindretalsregjeringa i Stortinget.

– Dette er ei sak vi har prioritert høgt heile tida, seier han til NRK.

Den nye utviklinga i saka starta kort etter at Frp gjekk ut av regjeringa i januar. Frp gjorde det klart at dei ikkje lenger følte seg bundne av den semja som firepartiregjeringa hadde om korleis erstatningsordninga skulle vere.

– Heilt fantastisk

Pelsdyrbonde og leiar i Rogaland pelsdyralslag, Jan Ove Horpestad, har reist frå Rogaland for å stå framfor Stortinget i dag.

Han er glad for avgjerda.

– Det er heilt fantastisk. Eg mista munn og mæle, rett og slett, seier Horpestad til NRK.

Han seier det blir eit tap å leggje ned næringa, men at dei no slepp den økonomiske bekymringa.

– Dette tyder at familiane får vurdert sine garder opp mot den reelle verdien, og får erstatta dei tapa dei lir. Det er det vi har kjempa for i all tid.

Pelsdyrbønder utenfor Stortinget.

Leder i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, og ei rekke pelsdyrbønder heldt markering utanfor Stortinget i forbindelse med at pelsdyrerstatninga var oppe i Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

– Skittent spel

Fylkesleiar i Trøndelag Bondelag, Kari Åker, og Lars Ole Bjørnbet, som er fylkesleiar i Trøndelag pelsdyralslag, er både glade for avklaringa i dag.

– Dette viser at det nyttar å kjempe for å få rettferd. No får dei 171 gardsbruka som driv oppdrett, ei kompensasjon som er mykje betre enn det som var førespegla i starten, seier ho.

Bjørnbet seier pelsdyrbøndene ikkje tør juble før dei ser det skriftleg.

– Det er helt vanvitig at storting og regjering har brukt så mykje tid og ressursar på eit sånt skittent spel overfor ei yrkesgruppe som har bringa milliardar til det norske samfunnet i eksportinntekter over 100 år, seier Bjørnbet.

Pelsdyrbonde Lars Ole Bjørnbet i Agdenes.

Lars Ole Bjørnbet er pelsdyrbonde i Agdenes i Trøndelag.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Uklart kva det vil koste

Både pelsdyrnæringa og Senterpartiet har kravd full erstatning. Guri Wormdahl, som er informasjonssjef i Noregs pelsdyralslag, seier at bøndene er frustrerte, og at dei har måtte vente lenge på svar. Mange fryktar at dei skal bli ruinerte, seier ho.

Lovforbodet mot pelsdyr, som var ein stor siger for Venstre då dei gjekk inn i regjering, vart vedteke i Stortinget i fjor sommar.

Innan 1. februar 2025 skal pelsdyrhald verte avvikla, og bønder som vert ramma av forbodet, fekk løfte om kompensasjon. Men kor mykje dei skal få, oppstod det raskt strid om.

Strid om verdigrunnlaget

I ettertid har det mellom anna vorte debattert korleis pelsdyrfarmane skal blir verdsett. Fleire har klaga over at dei vil gå på store tap. På same tid er lønnsemda i bransjen usikker.

Regjeringa førespegla i fjor at bøndene som vert ramma, skal få ein sum basert på den bokførte verdien av garden.

Men denne verdien vil ofte ligge godt under den faktiske verdien, hevda næringa, og langt under beløpet på rundt 850 millionar kroner, som låg i det første tilbodet frå landbruksministeren.

Mange bønder meiner at erstatninga dei vart førespegla, på langt nær ville dekkje dei investeringane og det tapet dei vil få. Striden har mellom anna stått om erstatning for avlsdyr, for kostnader til rivning og sanering, og om pensjonsordningar for eldre bønder.

Pelsdyrbonde fnyser av nytt tilbod | – Legger livsverket mitt i ruinar | Fryktar han må selje huset | Går til sak mot staten | Pelsdyrbønder blir deprimerte og sjukemelde

Pelsdyrbønder demonstrerte i Gloppen då Erna Solberg kom på besøk. Atle Roger Evebø (i midten) og Nils-Magne Gjengedal.

Statsminister Erna Solberg vart møtt av rasande pelsdyrbønder då ho besøkte Gloppen i fjor. Atle Roger Evebø (i midten) og Nils-Magne Gjengedal.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Etter at Frp gjekk ut av regjeringa i januar, har dei tre regjeringspartia ikkje lenger fleirtal i Stortinget. Ei rekke Frp-representantar har sagt at dei vil sjå på kompensasjonsordninga på ny.

Også Senterpartiet har vore hard i kritikken sin av kompensasjonen som bøndene har fått tilbod om. Forskrifta om kompensasjon har i haust vore ute til høyring.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger