Pelsdyrbønder blir deprimerte og sjukemelde

Pelsdyrbønder over heile landet ser svært mørkt på framtida og er sjukemelde, ifølge Noregs pelsdyralslag. Pelsdyrbonde Per Arild Vådeland (63) fryktar eit liv utan jobb.

Per Arild Vådeland

Per Arild Vådeland (63) starta med pelsdyr som 20-åring. Snart skal pelsnæringa avviklast i Noreg og 63-åringen fryktar eit liv på gata.

Foto: Erik Waage / NRK

– Her kjem den store staten og frårøvar meg heile livsverket mitt. Eg har ingenting å stilla opp med og taper alt, seier Vådeland.

63-åringen starta opp som pelsdyrbonde på Jæren alt som 20-åring. Men innan få år er det slutt for ein av landets største pelsoppdrettarar

Regjeringa har vedtatt å legga ned heile pelsdyrnæringa i Noreg innan 2025, etter initiativ frå Venstre.

Berre i Rogaland er det om lag 80 oppdrettarar, mens det på landsbasis er opp mot 200 pelsdyrbønder.

Mink Sola

Pelsdyrnæringa skal leggast ned innan 2025 i Noreg.

Foto: Erik Waage / NRK

Bøndene skal få erstatning for avviklinga av næringa, og i mai la regjeringspartia fram eit nytt forslag til kompensasjon.

Pelsdyrbonde Vådeland har fått takst på begge sine pelsanlegg på 31 millionar kroner. Frå staten blir han tilbydd fire millionar i erstatning, ifølge han sjølv.

Med andre ord eit avvik på 27 millionar.

– Eg blir frårøva grunnlaget til å starta ny næringsverksemd. Dei tar frå meg alt eg har, set meg igjen med gjeld eg skal betena med pensjonistløn. Det vil seia at gata er neste, konkluderer Vådeland.

– Forferdeleg sinne og djup sorg

Pelsdyrbonden klarer ikkje å halda tårene tilbake når han fortel om arbeidskvardagen sin.

– Eg blir deprimert av å tenka på dette og får ikkje utført jobben slik eg burde. Motivasjonen er på botn.

Medlemsorganisasjonen Noregs Pelsdyralslag fortel om tunge tider og sjukemeldingar for pelsdyrbønder over heile landet.

– Generelt er det frykteleg tungt for våre medlemmer. Det gjer seg utslag i både forferdeleg sinne og djup sorg. Bønder er også blitt asosiale og har problem med å halda oppe eit normalt familieliv, seier leiar i Rogaland pelsdyralslag, Jan Ove Horpestad.

– Er du trygg på at alle har det greitt?

– Nei. Eg fryktar dei om ikkje klarer å ta kontakt. Eg er alvorleg bekymra for medlemmene mine.

To menn vurderer pels på pelsdyrutstilling

I helga er mange av pelsdyrbøndene i Noreg samla på den årlege storsamlinga for pelsdyrbønder på Hamar. For fleire er dette siste året dei deltek.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Krev at politikarane ryddar opp

I helga er det årleg storsamling for pelsdyrbønder frå heile landet på Hamar.

Her får bøndene snakka om utfordringane dei står i – og ikkje minst lagt ein strategi på kva dei skal melda tilbake om forslaget til kompensasjon som er på høyring til 1. oktober.

– Det er sannsynlegvis mange som er her for siste gong no. Derfor er det viktig at me samlast og byggjer kvarandre opp til å klare å gå gjennom denne vanskelege situasjonen som me opplev, seier Bertran Skadsem, styreleiar i Noregs Pelsdyralslag.

Han har eit klart krav til politikarane.

– Det forslaget som er lagt fram, vil føre til at veldig mange av pelsdyrbøndene får ei vanskeleg framtid. Eg forventar at politikarane ryddar opp, og gjev bøndene det dei har krav på, altså full erstatning.

Pelsdyrbønder Sola

Tre generasjonar på pelsdyrgarden til familien Oftedal på Sola i Rogaland. F.v.: Ove, Bength og Ina Oftedal.

Foto: Erik Waage / NRK

Klar til å gå rettens veg

På Sola i Rogaland har familien Oftedal drive med mink i bur sidan 1961.

Tre generasjonar fortvilar over det Sola-garden ligg an til å få i kompensasjon frå staten når næringa skal avviklast.

Taksten på pelsdyrgarden i vår var 12,3 millionar. Knappe to millionar blir tilbydd i kompensasjon, ifølge pelsdyrbonde Bength Oftedal.

– Framtidsutsiktene er at garden blir lagt ned. Me får ikkje pengar til å starta med noko nytt. Det siste håpet er rettssak. Men eg håpar me klarer å gjera noko før det.

Opnar opp for ny runde i Stortinget

Pelsdyrbøndene får støtte frå fleire politikarar.

– Staten og regjeringa må ta rekninga når dei legg ned ei næring som fører til at enkeltpersonar og familiar får fleire millionar i kostnad. At regjeringa ikkje tek rekninga er urimeleg, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Framstegspartiet opnar opp for ei ny runde om kompensasjonen til pelsdyrbøndene i Stortinget, dersom bøndene ikkje får betre erstatning enn det som er lagt på bordet til no.

– Me må betale den fulle kostnaden av nedlegginga. Den kostnaden veit me ikkje før me har vore ute og vurdert kvar enkelt gard individuelt, seier Roy Steffensen (Frp).

Det har ikkje lukkast NRK å få intervju med Venstre som har stått i bresjen for avviklinga.