Israel hevdar Hamas har brote våpenkvila
Etter eit luftangrep mot Gaza måndag hevdar det israelske militæret (IDF) at dei blei angripne av væpna grupper i Rafah sør på Gazastripa.
IDF skriv på Telegram at det blei det fyrt av mot soldatar som arbeidde med å fjerne militær infrastruktur. Dei omtalar hendinga som eit alvorleg brot på våpenkvileavtalen, og seier dei vil svare med fast hand.
Angrepa kjem medan både Israel og Hamas skuldar kvarandre for å ha brote våpenkvila som USA har mekla fram.
Ein representant for Hamas seier at gruppa held seg til avtalen.
Det er dokumentert fleire israelske angrep sidan våpenkvila trådde i kraft for litt over ei veke sidan. Fredag vart ni palestinarar drepne då IDF skaut mot eit sivilt køyretøy i Gaza by.
Ifølge helsepersonell som har uttalt seg til Al Jazeera, skal minst 51 palestinarar ha blitt drepne sidan våpenkvila tok til.