Hopp til innhold

Koronasmitta Jann Post må kommentere frå hotellrommet: – Ikkje hyggeleg

Kommentator Jann Post har testa positivt for korona og må kommentere Tour de Ski frå hotellrommet.

Jann Post smitta av korona.

Ein av dei smitta i NRK sitt team er kommentator Jann Post.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fredag testa ein av medarbeidarane positivt, og heile NRK-teamet måtte difor testast og vart sett i 14-dagars karantene på hotellet i tyske Oberstdorf.

Testane stadfestar no at fleire i teamet er smitta. Alle NRK sine medarbeidarar i Tyskland blir verande i karantene.

Ein av dei som testa positivt er kommentator i NRK Sporten, Jann Post.

– Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg, men eg håpar at dette skal gå greitt, seier Post.

Må kommentere frå hotellrommet

– Dette betyr at vi må sitte på hotellrommet og kommentere medan vi ser bilete frå tysk TV, forklarar han.

Kommentator i NRK Sporten Jann Post i karantene på hotellet i tyske Oberstdorf.

Jann Post trur det går fint å kommentere sendingane frå hotellrommet.

Foto: Privat

– Det er sjølvsagt ikkje ideelt. Ein er ikkje i løypa og får ikkje snakka med folk. Heldigvis har vi litt erfaring, så eg trur vi skal klare det på ein grei måte, seier Post.

Trass i positiv test, er forma fin.

– Eg er litt sår i halsen og hatt litt vondt i hovudet i eit par dagar, men helsa er eigentleg veldig fin.

– Det blir eit ganske langt opphald på eit hotellrom i Tyskland, avsluttar han.

Har sendt nytt team til Tour de Ski

– Det er veldig kjedeleg sjølvsagt. Det er mange som blir smitta om dagen, så det viktigaste no er at dei som er smitta har det bra og er i relativt god form, seier redaksjonssjef i NRK Sporten Anders Sårheim.

– Vi skal nok løyse dette med innhald og journalistikk etter kvart, legg han til.

I dag har Tour de Ski flytta frå tyske Oberstdorf til italienske Val di Fiemme.

– Vi har erstatta dei som no sitte i karantene i Tyskland, med eit nytt team som reiste frå Oslo i går, slik at vi har journalistar og ekspertar på plass i Italia frå i dag, forklarar Sårheim.

Dei siste renna frå Tour de Ski blir sendt som planlagt på radiokanalen NRK Sport.

AKTUELT NÅ