Hopp til innhold

NNPF-bråket: Krev at «politi» blir fjerna frå namnet

Fleire parti ynskjer namneendring av Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF). – Må vera tydeleg for folk at NNPF sine meiningar ikkje er føringar frå ei myndigheit som politiet, seier Venstre-leiar Guri Melby.

Guri Melby

KRITISK: Venstre-leiar Guri Melby meiner namnet til rusforeininga har bidratt til misforståingar om NNPF si rolle og mandat.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Den siste tida har det storma rundt politiet si tilknyting til den politiske interesseorganisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF). NRK har tidlegare meldt at Politidirektoratet har gitt til saman nesten 3 millioner kroner til NNPF.

Dette, samt saker i fleire medium om NNPF si rolle i eit omstridt utelivssamarbeid, førte til at politidirektør Benedicte Bjørnland førre veke varsla ein ekstern gjennomgang av banda mellom politiet og den omstridde rusforeininga.

Politidirektør Benedicte Bjørnland sa i samband med granskinga at det den siste tida har blitt synleggjort at bruken av ordet «politi» i namnet til frivillige foreiningar «kan skapa usikkerheit rundt politiet si rolle».

Fleire parti krev namneendring

Fleirtalet av NNPF-medlemmane er politimedlemmar. Foreininga har likevel inga formell tilknyting til politiet.

Venstre-leiar Guri Melby meiner NNPF bør skifta namn, fordi namnet er eigna til å skapa forvirring.

– Det må vera tydeleg for folk at NNPF sine meiningar ikkje er føringar frå ei myndigheit som politiet, seier ho.

Peter Frølich, justispolitisk talsperson i Høgre, meiner at politikarar bør vera forsiktige med å diktera kva private personar skal kalla seg.

Peter Christian Frølich (H)

Peter Christian Frølich, justispolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Casper Lehland / Høyre

– Men NNPF bør tenkja grundig over at mange blandar dei med politiet og trur dei opptrer med politimyndigheit. Eit namneskifte kan løysa ein del av problemet, seier han.

Også Raudt vil oppmoda NNPF til å skifta namn.

– Det er ingen tvil om at folk har oppfatta NNPF som ein del av, eller sterkt tilknytt politiet. Dei har dermed fått ein legitimitet dei ikkje har, seier Seher Aydar, vara på Stortinget og andrekandidat i Oslo.

Seher Aydar

Seher Aydar i Raudt.

Foto: Einar Aslaksen / Rødt

Sara Bell, stortingskandidat for SV i Hordaland, meiner namnet til Norsk Narkotikapolitiforening kan vera eit problem i seg sjølv.

– Men det er langt meir alvorleg at vi over tid har sett at ei privat foreining har blitt «lovens forlenga arm». Dette må granskast, og det ansvaret må liggja hjå regjeringa. Eit namneskifte løyser lite i seg sjølv, seier ho.

Denne presentasjonen holdt et NNPF-medlem for Sandefjord kommune.

Denne presentasjonen heldt et NNPF-medlem i det som då var Vestfold politidistrikt for Sandefjord kommune i 2018. Dette for å selja inn et utelivssamarbeid der NNPF var part.

Foto: Skjermbilde

– Største rettssvikten i vår samtid

Sosialpolitisk talsperson i MDG, Farid Shariati, går hardt ut.

– Ingen politisk organisasjon, som NNPF faktisk er, bør ha «politi» i sitt organisasjonsnamn, seier han.

Shariati hevdar at det har vore ei rolleblanding mellom NNPF og politietaten der offentlege tilsette har blanda rollene sine «på ein måte som saknar sidestykke».

Farid Shariati, sosialpolitisk talsperson i MDG.

Farid Shariati, sosialpolitisk talsperson i MDG.

Foto: Bjarne Riesto

– Det er sensasjonelt at tilsette, i blant anna politiet og påtalemyndigheitene, har fått lov til å driva med politiske kampanjar i teneste og ved å misbruka sine posisjonar som maktpersonar når dei er på oppdrag for NNPF, held han fram.

Farid Shariati meiner at denne saka er «den største rettstvisten i vår samtid og får NAV-skandalen å stå fram som ein bagatell».

– Eg meiner blant anna at statsadvokat Geir Evanger umiddelbart bør suspenderast om han ikkje sjølv fråtrer som statsadvokat, seier han.

Viser til gjennomgangen

NRK har vore i kontakt med statsadvokat Geir Evanger, som også er nestleiar i NNPF. Han ynskjer ikkje å kommentera påstanden til Farid Shariati.

Evanger sa i Dagsnytt 18 førre veke at han ei gransking er heilt greitt. Han sa også at han ikkje har sett mange gode eksempel på at NNPF-medlemmar har uttalt seg i politiuniform.

Statsadvokat Geir Evanger

Geir Evanger, nestleiar i NNPF.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Politidirektør Benedicte Bjørnland har tidlegare uttalt til NRK at ho ikkje kan bestemma kva Norsk Narkotikapolitiforening skal heita.

Asisterande politidirektør seier at Politidirektoratet er opptekne av at det ikkje skal oppstå uklarleik derr frivillige foreiningar blir oppfatta som ein del av politiet.

– Vi har derfor tatt initiativ til ein ekstern gjennomgang. Gjennomgangen skal sikra ei tydelegare og meir prinsipiell forståing for dette rolleskiljet. Vi arbeider med mandat og samansetning av eit utval, og er i dialog med Justis- og beredskapsdepartementet om begge delar, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad til NRK.

Håkon Skulstad, politidirektør

Håkon Skulstad er assisterande politidirektør.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Han seier utvalet og mandatet til utvalet vil vera klart over sommaren. Då vil det ikkje vera unaturleg at bruken av «politi» i namnet til det han kallar frivillige politiorganisasjonar vil bli granska.

– Sidan vi no har tatt initiativ til ein ekstern gjennomgang er det ikkje riktig at vi ytterlegare kommenterer tematikk eller enkeltsaker som vil vera ein del av det utvalet skal undersøka, føyer Skulstad til.

Nestleiar Geir Evanger i NNPF ynskjer ikkje å kommentera denne saka.

– Som følgje av at POD har vedteke at kontakten til politiet med NNPF skal granskast har vi ingen ytterlegare kommentarar til aktivitetane våre før granskinga er avslutta. Spørsmålet om namneendring kommenterte eg på Dax18 førre veke. Det eg sa då står ved lag, skriv Evanger i ein e-post til NRK.

Statsadvokat Geir Evanger

Sjå heile debatten med Geir Evanger frå Dagsnytt 18.

Ynskjer behandling av rusreforma

I tillegg til ei namneendring, ynskjer Venstre ei ny behandling av rusreforma. Det var VG som omtalte dette fyrst.

Guri Melby seier at det den siste tida har kome fram mange nye opplysningar om NNPF si rolleblanding.

– Det er sannsynleg at mykje av NNPF sin argumentasjon har blitt brukt og misforstått som politiet sitt standpunkt, og vi ser at både Ap og Sp har brukt retorikk som er svært lik NNPF sin, seier ho.

Sara Bell i SV seier at vil ha ein ruspolitikk som hjelper og ikkje straffar folk med rusproblem.

Sara Bell

Sara Bell i Sosialistisk Venstreparti.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Ap og Sp visste godt kva dei gjorde då dei tok til orde for å halda fram mein ein feilslått forbodspolitikk. Det vi må jobba for, er at både folk og politikarar tar inn over seg kunnskapen vi har om dette, heller enn feilinformasjon frå NNPF og andre, seier ho.

Også sosialpolitisk talsperson i MDG, Farid Shariati, seier at dei ynskjer at rusreforma blir behandla på nytt. Det same seier Seher Aydar i Raudt.

Peter Frølich, justispolitisk talsperson i Høgre, meiner rusreforma bør behandlast på nytt kvar einaste stortingsperiode fordi den er riktig og nødvendig.

– At det florerte med feilinformasjon frå både organisasjonar og opposisjonen var tragisk, men den vil vinna fram til slutt, seier han.

– Skivebom

Senterpartiet meiner det er ein «heilt total skivebom» av Venstre å foreslå ny behandling av rusreforma.

– Det var brei motstand mot reforma til regjeringa, seier helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe som meiner at Venstre må forstå at politikken deira for å liberalisera narkotikalovgivinga faktisk ikkje har støtte.

Kjersti Toppe

Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson i Sp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

Toppe seier også at partiet ikkje har tatt stilling til om NNPF bør skifta namn.

– Men vi har heller ikkje reagert på namnet sidan det er politifolk som er medlemmar der. Det må i tilfelle vera som del av ein større diskusjon om korleis ordet «politi» skal kunna brukast i foreiningsnamn, seier ho og legg til at ho i større grad reagerer på Norsk Narkotikapolitiforbund.

NRK har også vore i kontakt med både Ap, KrF og Frp som ikkje har svara på førespurnaden.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger