Hopp til innhold

Nestleiar i omdiskutert rusforeining: – Ei gransking er heilt greitt

Politidirektoratet har bestemt seg for at ei gransking av bandet deira til Norsk Narkotikapolitiforening skal gjerast eksternt. Det meiner nestleiaren i rusforeininga er uproblematisk.

Statsadvokat Geir Evanger

Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforening.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Kritikarar etterspurde ei uavhengig gransking.

Det gjorde at politidirektoratet bestemte seg for at granskinga av bandet mellom direktoratet og Norsk Narkotikapolitiforening skulle gjerast eksternt.

– Uproblematisk

Geir Evanger, nestleiar i den omdiskuterte foreininga, seier at dei i likskap med politiet er opptekne av rolleforståing og å skilja politi med det å vera medlem i Norsk Narkotikapolitiforening.

– Det at Politidirektoratet ser nærare på dette, med ei ekstern gruppe, tykkjer vi er heilt greitt, seier Evanger.

Han presiserer at organisasjonen har 3500 medlemmar, og at dei difor ikkje har styr på alle til alle tider.

– At det blir gjort feil, trur eg nok berre er slik, seier han og understrekar igjen at ei gransking er heilt uproblematisk.

Statsadvokat Geir Evanger

Sjå debatten i Dagsnytt 18.

Uniformskritikk

Dei fleste av medlemmane i NNPF er politi. Organisasjonen har blitt kritisert for at medlemmar har stilt i politiuniform når dei har vore på oppdrag for rusforeininga.

– Det er jo ein påstand. Men eg har ikkje sett så alt for mange gode døme på det. Vi har hatt eitt døme frå Osterøy som eg er kjent med, seier nestleiaren.

I tillegg til å vera nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforening, er Evanger statsadvokat.

– Korleis skal folk føla seg trygge på at du ikkje tar med deg synet frå denne foreininga inn i det arbeidet du gjer på jobben din?

– Eg er jo statsadvokat. Eg jobbar med det same på jobben som eg gjer i foreininga. Det er jo stort sett samanfall mellom det eg gjer på jobb, og det eg gjer i foreininga, seier han og legg til at han hentar kunnskap, og ikkje tek med seg noko som er usunt.

Meiner namnet gir falsk autoritet

Anne Rokkan, kommentator i Bergens Tidende, er ein av dei som har kome med krass kritikk.

– Endeleg. Det har vore etterspurt i årevis, seier ho om granskinga som no er vedtatt.

Ho meiner at det blant publikum har vore vanskeleg å kjenna att forskjellen mellom det som er politiet og det som er Norsk Narkotikapolitiforening.

– Namnet gir dei også ein falsk autoritet, meiner ho.

Marie Benedicte Bjørnland, poiltidirektør

Politidirektør Benedicte Bjørnland.

Benedicte Bjørnland seier at ho ikkje kan bestemma kva Norsk Narkotikapolitiforening skal heita.

– Men eg tenkjer jo at det er naturleg å gå i ein dialog med Norsk Narkotikapolitiforening og høyra med dei om dette er namnet ein bør ha i framtida.

Evanger seier dei kjem til å ha ein gjennomgang av porteføljen deira, sett i lys av den omfattande mediemerksemda.

– Når det gjeld namnet så er vi opptekne av rolleforståing. Og viss det er slik at vi ser i 2021 at det kanskje bidreg til å laga problem, så må vi vurdera det, seier Evanger som hevdar at dei ikkje er ei lobbyorganisasjon, men ein kunnskapsbedrift med opplæring.

AKTUELT NÅ