– Det er så fantastisk at det ikkje liknar nokon ting, seier Kirsten Clausen frå Stavanger og lessar handlekorga full med egg og bacon.
Ho et ikkje bacon kvar dag, men etter ho byrja på lågkarbodiett kosar ho seg meir og meir med feite matvarer som smør, rømme og fløyte. Og ho er langt i frå aleine.
- Les òg:
- Les òg:
Egg og bacon
Produsentane av feite matvarer kan melda om eit sal som nærmast har tatt av det siste året. Dei trur at det er dietten som tilrår feit mat som har skulda.
– Salet av bacon har auka med 15 prosent hittil i år eller 113 tonn. Det er freistande å tru at lågkarbotrenda har skuld i dette, så vidt eg kjenner til er dette den einaste dietten som tilrår bacon, seier kommunikasjonsdirektør Nina Sundqvist i Nortura.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Det er ikkje berre dei som oppdagar st det har kome ein «baconboom» til landet. På Skagen Brygge Hotell står frukostvert Dorrit Gerdy Olsen i osen av baconfeitt.
Ho har steikt bacon i 17 år, men aldri opplevd at etterspurnaden etter grisekjøtet har vore større enn nå:
– Det hender ofte at me går tomt for bacon. Gjestane seier det ikkje er meir att og eg svarar at dei venlegast må venta litt, seier Olsen. Det hender ofte at ho må ut etter meir bacon før frukosten er omme.
(Saka held fram etter bilete)
Høyr radiosak om baconboomen:
– Nå kan eg eta den skikkelege rømmen
Lågkarboslankarane kastar seg over feite matvarer og også meierigiganten Tine kan visa til auka sal av meierismør, kremfløyte, seterømme og crème fraîche.
– Alle desse produkta er viktige ingrediensar i ein lågkarbodiett. Sal av meierismør har auka med nesten tolv prosent, og mykje av dette er ei vriding frå bruk av margarin, seier konserndirektør Hege Holter Brekke i Tine.
Også kyllingsalet har auka.
Mellom butikkhyllene vandrar Kirsten Clausen som ikkje har nokon ting imot den nye trenda:
– Feitt skal feitt fordriva slik eg nå forstår det. Om denne dietten verkar forstår eg ikkje kvifor folk ikkje har gjort det for lenge sidan. Eg som har spist lettrømme i alle år, nå kan eg endeleg eta den skikkelege rømmen, seier den glade 66-åringen.