Hopp til innhold

Fafo trekkjer tilbake omstridd forskingsrapport

Fafo varslar at dei har trekt tilbake rapporten «Haldningar til diskriminering, likesetilling og hatprat i Noreg» etter kraftig kritikk.

Tone Fløtten

Tone Fløtten er dagleg leiar i forskingsstiftinga Fafo.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Rapporten blir endra og publisert på nytt, opplyser dagleg leiar i Fafo, Tone Fløtten, til NRK.

Det var særleg spørsmålet om folk trudde nokre menneskerasar var meir intelligente enn andre , som vekte reaksjonar. Mange reagerte på bruken av ordet rasar om menneske. No kjem forskingsstiftinga Fafo til å gå gjennom og korrigere denne delen av rapporten, og så publisere han på nytt.

Kritikk mot metode

Ottar Hellevik

Professor Ottar Hellevik var ein av dei skarpaste kritikarane av Fafos metodebruk i rapporten.

Foto: Fredrik Hansen

Statistikar og professor i statsvitskap, Ottar Hellevik, er blant dei som har kritisert metodebruken i forskingsrapporten. Det gjekk fram av den opphavlege rapporten at 26 prosent meinte at nokre menneskerasar er smartare enn andre.

– Vi ser at dette spørsmålet ikkje fungerer etter intensjonen, og det får konsekvensar for korleis vi kan bruke svara på dette spørsmålet. Vi har teke sjølvkritikk på dette tidlegare, og no endrar vi på den delen av rapporten, seier Tone Fløtten til NRK..

Ho presiserer at Fafo er samd i kritikken som blant andre Ottar Hellevik har framført.

– Ikkje mål på rasisme

Fløtten seier dei aldri vurderte dette spørsmålet til å vere eit mål på rasisme i samfunnet, og at undersøkinga ikkje vart laga for å måle rasismen her i landet. Dette har ikkje kome tydeleg nok fram, meiner ho.

Fafo-leiaren trur ikkje denne saka har svekt tilliten til Fafo.

– Dette var eitt spørsmål i ei stor undersøking. Vi leverer opp mot 70 forskingsraportar i året, så det bør ikkje føre til mindre tillit til oss som forskingsorganisasjon, seier ho.

Tone Fløtten meiner det er synd at denne saka, som var berre ein liten del av ei stor undersøking om likestilling, skulle få all merksemda.

Rasismens mange ansikter

Forskere: Folkegrupper har ulik IQ, men det skyldes ikke genene

Har ikke stemplet folk som rasister

AKTUELT NÅ