Hopp til innhold

25 prosent i norsk undersøking: «Nokre menneskerasar er meir intelligente enn andre»

I ein fersk forskingsrapport seier 25 prosent av dei spurde at dei er heilt samde eller delvis samde i påstanden: Nokre menneskerasar er meir intelligente enn andre rasar.

Mari Trommald

Mari Trommald er direktør i Bufetat. Ho er overraska over ein del av funna i den ferske undersøkinga.

Foto: Tine Poppe / Tine Poppe

  • Den 12. juni trakk Fafo rapporten tilbake for å korrigere den. Fafo opplyser at det er svakheter i spørsmålet om menneskeraser og at man ikke med sikkerhet kan vite hva folk har svart på.

Det er forskingsstiftinga Fafo som har laga undersøkinga på oppdrag frå Bufetat . 4443 personar har delteke i undersøkinga. Direktør Mari Trommald i Bufetat seier at ho er overraska over at så mange har stereotype haldningar til rase, og at rase betyr noko for intelligens.

Ho minner om at rase er eit omgrep som i dag ikkje blir nytta om menneske, men at forskarane bak rapporten har brukt uttrykket bevisst for finne ut kva folk legg i det. Eit forskingsmessig grep, kallar ho det.

Ny forskingsrapport

Det er ingen skilnad mellom aldersgrupper når det gjeld haldningar i rasespørsmålet, men det er fleire som meiner at nokre rasar er meir intelligente enn andre blant dei med låg utdanning.

– Kan ikkje bli heilt norske

Det er fleire funn i Fafo-rapporten. Det går blant anna fram at 39 prosent av nordmenn meiner ein somaliar aldri kan bli heilt norsk. 22 prosent meiner ein svenske aldri kan bli heilt norsk, medan 16 prosent meiner at ein mørkhuda person aldri kan bli heilt norsk.

Ein tredel av dei spurde seier dei av og til blir redde om dei må gå forbi ei gruppe muslimske menn på gata. Undersøkinga viser også at det er særleg negative haldningar til kvinner som brukar hijab, og ifølgje forskarane viser rapporten av det er stor aksept for å diskriminere denne gruppa. 35 prosent seier seg heil eller delvis einige i påstanden: Ei kvinne som går med hijab kan ikkje vente å bli behandla likt som andre kvinner.

Fafo-forsker Guri Tyldum

Fafo-forskar Guri Tyldum har leidd arbeidet med forskingsrapporten.

Foto: NRK

Romfolk eller sigøynarar toppar lista over kven nordmenn ikkje vil ha til naboar. 38 prosent, altså nær fire av ti, seier dei helst ikkje vil ha romfolk eller sigøynarar som naboar. Til samanlikning seier kvar sjette at dei helst ikkje vil ha muslimar som naboar.

Romfolk og muslimar

På spørsmål om kven som blir diskriminerte her i landet, så peikar eit fleirtal på romfolk, sigøynarar og muslimar. Dette er også dei gruppene som er minst populære som mogleg statsminister og som potensiell nabo eller ektefelle, viser undersøkinga.

Det er like upopulært å ha romfolk eller sigøynarar som naboar som psykisk ustabile og alkoholikarar, går det fram av undersøkinga. Det går også fram at det er langt mindre vilje til å gripe inn mot diskriminering som gjeld romfolk og muslimar, samanlikna med samar eller folk frå Thailand.

– Vi ser at nordmenn er ganske konservative. Mange svarar at ein svenske aldri kan bli heilt norsk, og det gjeld i endå større grad for folk frå Somalia. Det er viktig å vere oppteken av haldningar blant innbyggjarane. Det positive er at dei fleste nordmenn sluttar opp om det faktum at vi har ein diskrimineringspolitikk, og det er bra, seier Mari Trommald til NRK.

Tiltak mot diskriminering

Ho meiner det er viktig å diskutere funna i denne rapporten, slik at styresmaktene kan setje inn tiltak mot diskriminering av folkegrupper. Målsetjinga er at alle skal vere integrerte i samfunnet.

– Mykje er gjort i arbeidet for integrering, men vi er ikkje i mål. Vi må heile tida arbeide for å førebyggje stereotype haldningar, seier Bufetat-direktøren

Ho trur mange av den negative haldningane til spesielle grupper kjem av frykt.

Les heile rapporten her: Holdninger til diskriminering, likestilling og hatprat

Skogen Lund: – Menn diskrimineres også i arbeidslivet

Kommunen vil gjerne busette fleire flyktningar, men regjeringa seier nei

AKTUELT NÅ