Hopp til innhold

Forsvarsministeren om våpen til Ukraina: – Kjem heilt sikkert nye donasjonar

Krigen i Ukraina og donasjonar frå verda over gjev oppsving i forsvarsindustrien. Kongsberg-gruppa treng fleire tilsette i tida framover.

Kongsberg-Støre-NASAMS

Luftvernsystemet Nasams som Ukraina ønsker seg meir av.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Dette er verdsleiande teknologi og industri i toppklasse, utvikla på Kongsberg. Det er godt å sjå at det er på plass i Ukraina, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Saman med forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) besøkte han i dag Kongsberg Defence & Aerospace.

Dei produserer mellom anna luftvernsystem, noko Ukrainas president Volodomy Zelenskyj bad Stortinget om å donere for å sikre seg mot russiske åtak.

Sidan Russland gjekk til åtak på sin nabo i sør har president Volodymyr Zelenskyj gjenteke bøna til vestlege land om støtte. I løpet av 2023 er den norske støtta anslått til nær 14 milliardar kroner, syner regjeringa si oversikt.

Rundt 5,4 milliardar av dette er militær støtte.

Treng fleire folk

Geir Håøy Kongsberg Gruppen

– Forståinga er nok større no for at vi ikkje kan ta fred for gitt, seier administrerande direktør Geir Håøy.

Foto: Snorre Tønset / NRK

På Kongsberg er det auka merksemd for løysingane og våpena dei leverer.

– Generelt i Noreg, Europa og verda er nok forståinga for at vi ikkje kan ta fred for gitt, den er nok komme veldig tydeleg fram, seier administrerande direktør Geir Håøy.

Håøy seier dei tar sikte på å tilsette fleire i tida framover.

– Vi veks både innanfor våre sivile og militære område. Vi kjem til å ha behov for nye kloke hovud, og vil auka talet på tilsette framover, seier Håøy.

Effektivt mot kryssarmissil

Nasams blei utvikla for kring 30 år sidan. I forsvarskrinsar blir luftvernsystemet omtala som ein norsk innovasjonssuksess, som i denne omgang har hjelpt Ukraina stå i mot åtak frå Russland.

Utskytingsrampane er produserte i Noreg, medan mellom anna missilane i systemet blir laga i USA.

Luftvern, NASAMS, på Ørland

Her er Nasams-luftvernsystemet plassert på Ørland.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden

På nyttårsaftan skal Nasams-systemet ha skote ned 45 av 45 russiske åtaksdroner, meldte det ukrainske forsvarsdepartementet.

I Nasams er det sensorar, kommandovogner, sambandssystem og utskytingsplattformer, som alle er mobile. Gjennom nettverket samarbeider dei forskjellige delane, og alle ser det same.

Slik fungerer Nasams – Et av de beste systema i verda

NASAMS II

Før jul meldte NRK at ukrainske soldatar skal ha fått opplæring i luftvernsystemet i Noreg.

Støre meiner den norske støtta monnar.

Kongsberg-Støre-NASAMS

Statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Snorre Tønset / NRK

– Vi ser på dramatisk vis kor enorme øydeleggingar det blir på stader utan luftvern. Vi blir stolt på av våre allierte, så det å kunne beskytte seg frå missilangrep er òg i Noreg si interesse.

Norsk milliardeksport

Krigen i Ukraina har ført til stor etterspurnad etter våpen og ammunisjon. Tidlegare i januar inngjekk regjeringa ein kontrakt med norske Nammo til ein verdi av inntil 2,6 milliardar kroner.

– Vi har tru på at dette er ei god løysing, som gjer at vi kan halde fram med å gi støtte til Ukraina, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) då.

– Vi vurderer fortløpande korleis vi skal bidra framover. No har vi nettopp sagt at vi skal stille opp med stridsvogn, så kjem det heilt sikkert nye donasjonar i tida framover, seier forsvarsministeren.

Ifylgje SSB auka eksporten av våpen og militære køyretøy frå 3,3 milliardar i 2021 til 4,59 milliardar i 2022.

Statsministeren vil ikkje kommentere eventuelle framtidige donasjonar til Ukraina.

– Men la meg seie det slik, dette systemet er openbert naudsynt. Det er verdsett og det tryggar, så det gjer vi løpande vurderingar av. Noreg gjer ikkje noko aleine, vi samordnar oss godt med våre allierte og behova Ukraina har.

Jonas Gahr Støre (Ap) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Midten: Nils Molnæær og Ingrid Jensen.

Jonas Gahr Støre (Ap) t.h. og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) t.v.. Midten: Nils Molnæær og Ingrid Jensen.

Foto: Snorre Tønset / NRK

AKTUELT NÅ