Hopp til innhold

Nammo får milliardkontrakt med staten

Nammo på Raufoss og regjeringa har inngått ein avtale verdt inntil 2,6 milliardar kroner. Pengane skal blant anna gå til innkjøp av artilleriammunisjon. Dette er den største kontrakten til verksemda nokon gong.

Konsernsjef Morten Brantzæg i Nammo og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) ankommer pressekonferansen.

Nammos konsernsjef Morten Brantzæg (til venstre) på veg inn til pressekonferansen saman med finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fredag

Foto: Geir Olsen / NTB

Krigen i Ukraina har ført til at Europa rustar opp, og etterspurnaden etter våpen og ammunisjon har auka kraftig. Men industrien har vanskar med å halde tritt.

I september bad Nammo på Raufoss hjelp frå det offentlege for å kunne auke både produksjon og lagerkapasitet, og på den måten møte den auka etterspurnaden.

Fredag kunngjorde regjeringa at dei har inngått ein avtale med produsenten om innkjøp verdt opp mot 2,6 milliardar kroner. Saka må fremjast for Stortinget.

– Vi har tru på at dette er ei god løysing, som gjer at vi kan halde fram med å gi støtte til Ukraina, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) på pressekonferansen.

Han meiner kontrakten vil kunne bidra til å styrke beredskapen i Noreg. Dersom saka går gjennom i Stortinget, kan Nammo auke produksjonen allereie i 2023.

Soldater fra 2. bataljon under deres instrumenterte trening på Rena. Her med panservernvåpen av typen M72.

Den handhaldne panservernraketten M72 er blant våpena Nammo produserer som er særleg ettertrakta.

Foto: Anette Ask / Forsvaret / NTB

– Viktig kontrakt

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier dette er ei viktig kontrakt for å sikre tryggleiken til Noreg.

– Gjennom denne tunge investeringa, bygger vi meir kunnskap. Dette er ei stor sak for regjeringa. Det var viktig å ha framdrift, og at vi gir dei rammene som trengst for at Nammo skal utvikle seg, sa han.

Han lova at Forsvaret skal bli prioritert framover.

Parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet på Stortinget, Rigmor Aasrud, seier kontrakten vil vere viktig for både Noreg og det lokale næringslivet.

– Dette er ein gledesdag. Eg er trygg på at vi skal få dette gjennom Stortinget på ein god måte.

Største kontrakt

Konsernsjef i Nammo, Morten Brantzæg, seier milliardkontrakten blir den største verksemda har hatt nokon gong.

– Vi er svært nøgde med at regjeringa vil skaffe denne ammunisjonen frå Nammo. Vi skal levere så raskt vi kan.

Les også: Bruker 90 mill. til å kjøpe norskproduserte «sorte vepser» til Ukraina

Black Hornet 3
Black Hornet 3

Kontrakten gjer at verksemda kan auke produksjonskapasiteten raskt, og er viktig for drifta framover for fabrikken.

– Denne kontrakten gir oss føreseielegheit til å investere. Dette vil også gi ytterlegare arbeidsplassar på Raufoss.

Nammo er eigd 50 prosent av den norske staten og 50 prosent av finske Patria, som igjen er eigd 50,1 prosent av den finske stat og 49,9 prosent av norske Kongsberg Gruppa.

Stortinget positive

Regjeringa er avhengige av støtte på Stortinget for å få gjennomslag for milliardavtalen. Forsvarspolitisk talsperson i Høgre, Hårek Elvenes, er positiv, og meiner det var på høg tid at avtalen kom.

– Det er eit stort behov for å auke lagra av ammunisjon. Nato og Noreg treng meir ammunisjon for å styrke den operative evna. Donasjonane til Ukraina har tæra på ammunisjonslagera i Nato, skriv han i ein e-post til NRK.

Også Venstre-leiar Guri Melby er glad for den nye avtalen, og meiner det er godt nytt for både beredskapen i Noreg og for Ukrainas mogelegheit til å forvare seg.

– Vi vil halde fram med å støtte Ukraina samtidig som vi styrkar vårt eige forsvar og Natos samla styrke, skriv ho i ein e-post.

Også SV er positive til avtalen, seier forsvarspolitisk talsperson Ingrid Fiskaa.

– Produksjon og lager av ammunisjon er ein viktig del av norsk beredskap. Europeiske bidrag til krigen i Ukraina har tømt europeiske våpen- og ammunisjonslager. Dette, kombinert med lange globale leveringstider på grunn av pandemien, har gjort beredskapen sårbar, seier ho.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ