Hopp til innhold

Desse kjempar om Nordisk råd sin litteraturpris

13 romanar, diktsamlingar og historier er med i kampen. To norske forfattarar kjemper om den gjeve prisen.

Med brev og eldre bilete framfor seg, fortel Niels Fredrik Dahl med briller i hånda, korleis det har vore å skrive den nye boka si «Fars rygg».

NOMINERT: Forfattar Niels Fredrik Dahl er nominert til Nordisk råd sin litteraturpris.

Foto: Trygve Heide / NRK

Prisane frå Nordisk råd er rekna for å vere blant dei mest prestisjefylte i Norden. Førre gong Noreg vann var i 2015, med Jon Fosse og «Trilogien».

Niels Fredrik Dahl er eitt av dei to norske håpa. Han er nominert for romanen «Fars rygg».

NRK sin litteraturkritikar Leif Ekle trilla terningkast 6 og skildra romanen som ei vakker bok om arveleg einsemd.

I VG fekk boka terningkast 5, og i Aftenposten blei romanen skildra som ei eventyrleg og traumatisk oppveksthistorie framstilt med ei skjørheit ein sjeldan ser maken til.

Niels Fredrik Dahl

Forfattar Niels Fredrik Dahl debuterte i 1997 og er ein prisvinnande forfattar og dramatikar.

Foto: Fartein Rudjord

Då Bernhard Ellefsen melde boka i Morgenbladet, skreiv han at romanen er skriven for å likne stor litteratur, men er i realiteten «rein kitsch»

Dahl ble slaktet i Morgenbladet, men har ellers fått meget god kritikk. Slik eg har forstått det er boka ein skikkeleg «goodread». Eg trur mange vil like den, seier Knut Hoem, litteraturkritikar i NRK.

Dahl er ein kjend forfattar og dramatikar i Noreg som utgjeve romanar, noveller, og dikt i fleire tiår. Han debuterte i 1997 med romanen «Journalisten».

Les også «En vakker roman om arvelig ensomhet»

Kombinasjon av forfatter Niels Fredrik Dahl og omslaget til boka «Fars rygg».

Skriv om alminnelege folk og slik livet vart

Maria Navarro Skaranger er også nominert til den gjeve prisen med boka «Jeg plystrer i den mørke vinden».

Då NRK meldte romanen, vart den omtala som ei hjarteskjerande lita bok.

– Maria Navarro Skaranger skriv om alminnelege folk som må ta til takke med livet slik det vart, skriv kritikar Anne Cathrine Straume.

Maria Navarro Skaranger

Maria Navarro Skaranger har fått fleire prisar sidan ho debuterte i 2015.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ifølgje Straume er romanen ei bok menneske som ikkje akkurat har hatt flaks i livet.

Både i VG og Dagbladet fekk boka terningkast 5. I omtalen til VG står det at Skaranger ser djupet og sårbarheita til dei som slit.

30 år gamle Skaranger debuterte med romanen «Alle utlendinger har lukka gardiner» i 2015, som blei nominert med Tarjei Vesaas debutantpris. Sidan den gongen har forfattaren blitt tildelt fleire prisar for bøkene sine «Emily forever» og «Bok om sorg».

No er ho nominert til Nordisk råd sin litteraturpris.

– To Oslo-romanar på kvar sin ytterkant

Knut Hoem, litteraturkritikar i NRK, er ikkje særleg overraska over dei to norske nominasjonane.

– Spesielt ikkje Skaranger. Ho har vunne mange prisar allereie, men dette er kanskje hennar gjennombrot for eit større publikum.

Begge romanane finn stad i Oslo, men skildrar ulike liv i hovudstaden.

– Det er to Oslo-romanar som finn stad på kvar sin ytterkant. Skaranger skriv om dei nedst på den sosiale rangstigen, i eksperimentell form. Dahl skriv om Oslos flottaste vestkant.

Knut Hoem

Litteraturkritikar Knut Hoem er ikkje overraska over nominasjonane.

Foto: Robert Rønning / Robert Rønning / NRK

Den eldste prisen

Litteraturprisen er den eldste av dei nordiske prisane, og vart delt ut for første gong i 1962. Sidan har musikkprisen, miljøprisen, filmprisen og barne- og ungdomslitteraturprisen kome til.

Prisen går til eit skjønnlitterært verk som er skrive på eitt av dei nordiske språka. Målet med prisen er å auke interessa for nabolanda sin litteratur og språk.

I fjor var det forfattar og illustratør Joanna Rubin Dranger frå Sverige som fekk litteraturprisen, for den grafiske romanen «Husk oss til livet».

I boka teikna og skriv Dranger om sin eigen jødiske familie si historie, og om leitinga etter kva som skjedde med dei sidan ingen prata om det.

Nordisk råd 2023

Kulturminister Lubna Jaffery delte ut prisen til svenske Joanna Rubin Dranger

Foto: Terje Pedersen / NTB

I en tidligere versjon av denne saken var NRK-anmelder Knut Hoem sitert på at «Fars rygg» har fått blandet kritikk. Det er endret til at romanen fikk slakt i Morgenbladet, men at den ellers har fått meget god kritikk.

AKTUELT NÅ