Hopp til innhold

Krisemåling for regjeringa: Høgre og Frp med reint fleirtal i Stortinget

Ny meiningsmåling gjev Høgre og Frp reint fleirtal i Stortinget. Arbeidarpartiet får ny botnnotering, og Senterpartiet nærmar seg sperregrensa.

Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp) i London

Erna Solberg (H) og Sylvi Listhaug (Frp) får fleirtalet saman og reiser saman på komitetur i London i dag.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Norstat si novembermåling gjort for NRK og Aftenposten viser at Høgre og Frp ville gjort storeslem om det var val i dag.

For første gong sidan august 2013 viser målinga at dei to partia ville fått 89 av mandata på Stortinget. Det er fire meir enn dei treng for å få fleirtal.

– Dette er jo veldig hyggelege tal for oss, seier høgreleiar Erna Solberg.

– Kor mykje av framgangen skuldast at Høgre gjer det bra og kor mykje skuldast at regjeringa gjer det dårleg?

– Litt av begge deler, for det er det alltid. Men veljarane har nok eit minne om at då me sat i regjeringa handterte me vanskelege situasjonar kanskje litt annleis enn dagens regjering gjer, seier Solberg.

Partibarometer for november 2022

Periode 25.10–30.10. 945 intervjuer. Feilmarginer fra 1,4–3,7 pp.
R
5,9 %
−1,1
SV
8,4 %
−0,7
AP
18,2 %
−1,7
SP
4,3 %
−1,9
MDG
3,7 %
+0,6
KRF
3,6 %
+0,2
V
3,4 %
+0,0
H
32,4 %
+3,2
FRP
14,7 %
+0,3
Andre
5,4 %
+2,3
Kilde: Norstat

Svakaste for Ap nokosinne

Berre 18,2 prosent av dei spurde i målinga seier dei ville stemt Arbeidarpartiet om det var val i dag.

Dette er det svakaste resultatet for Ap gjort på ei måling gjort for NRK. NRK har målingar ein kan samanlikne tilbake til 2006.

Det er den fjerde målinga på rad der Arbeidarpartiet ligg under 20 prosent oppslutnad. Fleire av dei som stemte Arbeidarpartiet ved valet seier no dei vil stemme Høgre.

Må få folk til å forstå

– Kvifor går det så dårleg med Arbeidarpartiet no?

Det er vanskeleg å seie. Målinga viser at me har ein stor jobb å gjere for å få folk til å forstå kva det er me faktisk arbeidar med, seier nestleiar Bjørnar Skjæran. Han trur det tek tid for folk å venne seg til at Noreg står i ein krevjande økonomisk situasjon og må stramme inn budsjetta.

Bjørnar Skjæran-Havoppdrett-Trænabanken

Nestleiar i Arbeidarpartiet Bjørnar Skjæran lanserte regjeringa sine planar for havbasert oppdrett på Lovund i Nordland i dag, men måtte også kommentere den dårlege meiningsmålinga.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Mandatfordeling november 2022

Slik ville Stortinget sett ut om denne målinga var val. Endring samanlikna med nåverande storting.

Rødt

11 mandater
3 opp fra 2013

Sosialistisk Venstreparti

16 mandater
3 opp fra 2013

Arbeiderpartiet

36 mandater
12 ned fra 2013

Senterpartiet

9 mandater
19 ned fra 2013

Miljøpartiet De Grønne

3 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

3 mandater
Ingen endring siden 2013

Venstre

2 mandater
6 ned fra 2013

Høyre

61 mandater
25 opp fra 2013

Fremskrittspartiet

28 mandater
7 opp fra 2013
Norstat for NRK og Aftenposten

Høgre stel frå Ap

Om denne målinga hadde vore valresultat ville meir enn 100 000 av dei som sa at dei stemte Arbeidarpartiet ved valet, stemt på Høgre.

– Ap og Sp er nær halvparten så store som Frp og H til saman. Kva er det Høgre og Frp gjer som ikkje de gjer?

– Det får du spørje andre om, svarar Skjæran.

Senterpartiet nær sperregrensa

Senterpartiet får ein oppslutnad på 4,3 prosent, det er ein tilbakegang på 1,9 prosent sidan sist måling. Ved valet fekk dei 13,5 prosent av røystene.

No nærmar partiet seg faretrugande sperregrensa som er på 4 prosent.

– Eg trur mange kjenner på ei uro no på grunn av tidene me er inne i og økonomien sin. Og regjeringa må betale prisen for det, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Oppslutninga til Sp har ikkje vore så låg sidan Trygve Slagsvold Vedum tok over som leiar etter Liv Signe Navarsete i 2014.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Lojalitetskrise

Berre 26 prosent av dei som sa dei ville stemme Senterpartiet førre val, seier dei vil stemme på partiet i dag. Også Senterpartiet mistar flest veljarar til Høgre.

– Er det noko med Senterpartiet sin politikk som gjer at veljarane flyktar frå partiet?

– Folk må velje sjølv. Me gjer det me meiner er rett for å få oss gjennom desse urolege tidene, seier Vedum.

Under grensa

Både Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne kjem under sperregrensa. 3,4 prosent seier dei ville røysta på Venstre, 3,6 prosent ville stemt KrF og 3,7 prosent seier dei ville røysta MDG.

AKTUELT NÅ