Hopp til innhold

Høgres sparegrep: Byråkrati, bistand og bensin

Staten må ta store delar av rekninga når Høgre vil betre økonomien for barnefamiliar. Partiet vil kutte meir i bistanden enn regjeringa og vil gjere det dyrare å fylle drivstoff.

Henrik Asheim

SER TIL STATEN: Høgre-nestleiar Henrik Asheim meiner staten har stort innsparingspotensial.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Høgre ønskjer at alle offentlege verksemder skal kutte 1 prosent i budsjettet sitt. Det ville spart staten for om lag 4 milliardar i utgifter neste år.

I dag er det Høgre sin tur å presentere sitt forslag til statsbudsjett. For første gong sidan 2012, har Høgre sine tankar om statsbudsjettet lite å seie. Det viser berre korleis pengane ville bli brukt dersom partiet fortsatt styrte.

Frir til familiane

I dag presenterte Høgres nestleiar Henrik Asheim tankane i NRKs Politisk kvarter.

Dei viktigaste familieøkonomiske satsingane er

  • auke barnetrygda (3,3 mrd kr)
  • auke personfrådraget for alle med 5000 kroner (3,3 mrd kr)
Høgre legg fram alternativt statsbudsjett for 2023 på Månefisken ved Akerselva i Oslo. Henrik Asheim, Tone W. Trøen og Helge Orten.

STRAMT: Høgretrioen Henrik Asheim, Tone W. Trøen og Helge Orten presenterer Høgres budsjettforslag på ein pressekonferanse tysdag føremiddag.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Kvar haust legg regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Forslaget blir det forhandla om i Stortinget før ein gjer vedtak om statens inntekter og utgifter det komande året.

Også partia som ikkje sit i regjering lagar sitt forslag til budsjett. Høgre la i dag fram sitt.

Høgre varslar også at dei vil bruke 2 milliardar kroner mindre i oljepengar enn regjeringa.

Staten må spare fire milliardar

Men dei store pengane vil Høgre hente på dei offentlege budsjetta.

Dermed er det duka for ein Høgre-klassikar: ABE-reformen.

I åra Høgre sat i regjering, brukte dei eit prinsipp om at alle offentlege verksemder skulle redusere budsjettet litt kvart år. Det mest vanlege var at kuttet var på 0,5 prosent.

– Vi kan anslagsvis ta inn to milliardar på ABE-reformen når den er på 0,5 prosent, seier Asheim i dag.

– Men regjeringa ber alle om å stramme til i år. Vi meiner også at offentleg sektor bør kunne gjere det. Difor legg vi på ytterlegare 0,5 prosent på reformen.

Det betyr at alle offentlege verksemder ville fått beskjed om å kutte 1 prosent på budsjettet sitt dersom Høgre hadde makta.

– Det er eit eingongstiltak, seier Asheim.

Vil gå utover folk

Frode Jacobsen

KUTT: Aps Frode Jacobsen meiner Høgre kuttar velferd.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Kritikken mot ABE-reformen har ofte handla om at den ikkje er målretta, men er eit ostehøvelkutt som gjer at alle verksemder må spare.

Arbeidarpartiet meiner politikken også går utover folk.

– Dei kutta i offentleg sektor er også velferdskutt, innvendte Arbeidarpartiets Frode Jacobsen i debatten mot Asheim i dag tidleg.

– Det betyr for eksempel mindre pengar til Nav for å drive oppsøkande arbeid.

– Mange familiar og bedrifter får det tøffare. Det er ikkje brutalt å be staten spare ein prosent. Sosialdemokratiske Danmark har to prosent, argumenterer Asheim.

Dyrare drivstoff

Om Høgre styrte ville det blitt dyrare å fylle bensin og diesel.

Partiet vil droppe reduksjonen i vegbruksavgifta som regjeringa legg opp til neste år, noko som staten vil spare rundt 1,5 milliardar kroner på.

«Vi vil at det skal løne seg å velje grønt og let CO2-avgifta virke. Ved å gjere dette kuttar vi 165.000 tonn meir CO2 enn det regjeringa legg opp til», skriv partiet.

Bensinpumper

DYRARE: Høgre meiner fossilbilistar bør merke avgiftene.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Partiet vil gjere elbilar med lang rekkevidde rimelegare og aukar taket for MVA på elbil til bilar som kostar over 600.000 kroner.

Aksepterer delar av skatteskjerpinga

Høgre planlegger for å dra inn om lag 2 milliardar mindre i formuesskatt i 2023 enn regjeringa vil gjere. Men det betyr at dei aksepterer det formuesskattenivået som Støre-regjeringa har styrt på i år. Støres regjering auka formuesskatten då dei tok over Høgres forslag til statsbudsjett for 2022.

Høgre går altså ikkje tilbake til formuesskattenivået som Erna Solberg styrte på.

Anniken Hauglie er viseadministrerende direktør i NHO.

NHO: Anniken Hauglie.

Foto: Hallvard Norum / NRK

I NHO er bedriftene fornøgde med kutt i offentlege utgifter, men organisasjonen meiner dei det ville vere mogleg å prioritere skattelette høgare.

Venstre fann også rom for også å fjerne auken i utbytteskatten. Det tyder på at det kan finnast eit større moglegheitsrom for skattekutt enn det Høgre viser, seier viseadministrerande direktør Anniken Hauglie, som tidlegare var statsråd i Erna Solbergs regjering.

Samla sett gir Høgre 10,1 milliardar i «skattelette». Men dette er samanlikna med Støre-regjeringa sitt forslag som skjerpa skattane med 46 milliardar. For eksempel endrar ikkje Høgre inntektene frå hardare skattlegging av kraftbransjen. Med andre ord er også Høgres forslag å auke skattane i 2023.

Folk som tener under millionen vil kome ut med skattelette på ein dryg tusenlapp i året samanlikna med regjeringa sitt opplegg. Dei som tener betre får skatteskjerping, men ein god del tusenlappar mindre enn regjeringa har foreslått.

Det er veldig overraskende at Høgre aksepterer mesteparten av regjeringa sitt skattesjokk i statsbudsjettet, dei vel å behalde rundt 40 milliardar i skatteskjerping, seier FrPs finanspolitiske talsperson Hans Andreas Limi.

I dag fortalte også nestleiar Henrik Asheim at Høgre ikkje vil at arbeidslause skal få feriepengetillegg på dagpengane sine. Det gir om lag ein milliard i reduserte utgifter når ein samanliknar med regjeringa sitt budsjettforslag.

Det er eitt av grepa som Arbeidarpartiet meiner er usosialt.

Høgre gjer vondt verre for dei som slit mest, seier Aps Rigmor Aasrud etter å ha sett heile opplegget til Høgre.

Dei prioriterer lågare skatt for folk med store formuer og høge inntekter, og rekninga blir sendt til arbeidslause, uføretrygda og kronikarar med behov for tannlege.

Kuttar bistand

Høgre kuttar ein knapp milliard i bistand i sitt forslag til statsbudsjett.

Kjell Ingolf Ropstad rett før debatt i TV 2 08.09.2021.

KRITISK: KrFs Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ein dårleg idé, meiner Høgres tidlegare regjeringspartner KrF. Partiet har i haust kritisert regjeringa for å vere dryge 14 milliardar unna å oppfylle målet om å gje ein prosent av brutto nasjonalinntekt i bistand. Høgres forslag vekker endå mindre jubel.

– At Høgre vel å toppe regjeringa sitt bistandskutt er usolidarisk og skuffande, seier stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad.

– Det er vekst i bistandsbudsjettet, men vår er noko lågare enn regjeringa sin. Og så omprioriterer vi mot utdanning og nokre av dei viktigaste FN-organisasjonane, svarar Høgres finanspolitiske talsperson Helge Orten.

For å finansiere forslaga sine, foreslår Høgre blant anna følgande punkt som skil seg frå Støre-regjeringa sine satsingar:

  • 1 mrd på å fjerne momsfritak på bøker
  • 2,6 mrd meir inn i grønne avgifter, blant anna CO2-avgift for landbruket (talet inkluderer vegbruksavgiftene som er nemnt over)
  • 1,5 mrd mindre til fylke med ekstraordinære konsesjonskraftinntekter
  • Gjeninnfører karensperiode på arbeidsavklaringspengar, 0,7 mrd
  • Droppe foreslått auka skattefrådrag for fagforeiningsmedlemskap, 0,6 mrd
  • 0,3 mrd på å droppe regjeringa sin tannhelsereform
  • 0,2 mrd på å utsette vedlikehald på veg og bane
  • 0,2 mrd på å ikkje prioritere gratis ferjer slik regjeringa gjer
  • 0,2 mrd på å ikkje prioritere oppløysing av fylker og kommunar
  • I tillegg hentar Høgre 1,3 mrd meir frå statens investeringsselskap Argentum
  • Og som vanleg: Høgre sparar inn 21 millionar på å kutte skulefrukt

AKTUELT NÅ