Hopp til innhold

Høgre tilbake på same nivå som før habilitetssaka

Det er framleis borgarleg fleirtal på meiningsmålinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten i mars. Høgre er landets største parti.

Erna Solberg

Habilitetssaka ser ikkje ut til å ha skada populariteten til Høgre-leiar Erna Solberg. Partiet er framleis landets største i marsmålinga frå Norstat.

Foto: William Jobling / NRK

Dei borgarlege partia har hatt fleirtal på alle NRKs målingar sidan august 2022, med unntak av novembermålinga i fjor.

I den nye målinga Norstat har gjort for NRK og Aftenposten får partia eit fleirtal med 91 mandat. Det er mest solide fleirtalet blokka har hatt sidan august 2023. Endringane er innanfor feilmarginen.

Representanter på Stortinget

Sammenlignet med dagens fordeling.

PartiAntall mandater Endring
Høyre47+11
Arbeiderpartiet35−13
Fremskrittspartiet27+6
Sosialistisk Venstreparti17+4
Senterpartiet13−15
Rødt11+3
Venstre10+2
Kristelig Folkeparti7+4
Miljøpartiet De Grønne2−1
Andre0−1
997 intervjuer gjort i perioden 5.3.24–9.3.24. Feilmarginer fra 0,7–3,2 pp. Kilde: Norstat

Ein viktig grunn til dette er at Venstre har klart å stabilisere seg rundt 6 prosent, medan KrF så vidt klarer å kome seg over sperregrensa på 4 prosent for tredje gong i denne stortingsperioden.

– Eg har ikkje ei enkel forklaring på dette, men det handlar om langsiktig arbeid. Målingar går opp og ned, men dette er eit lagarbeid, seier KrF-leiar Olaug Bollestad til NRK.

Olaug Bollestad

KrF-leiar Olaug Bollestad kan glede seg over at partiet hennar er over sperregrensa for tredje gong i denne perioden.

Foto: William Jobling / NRK

Første måling sidan kritikken i habilitetssaka

Høgre går svakt fram til 27 prosent på denne målinga. Framgangen til samarbeidspartia gjer at Høgre-leiar Erna Solberg har gode grunnar til å vere nøgd.

– I mange år opplevde vi nesten alltid at KrF og Venstre var på undersida av 4-talet mellom val. Men no har vi sett at Venstre har stabilisert seg godt over sperregrensa, og at KrF også ofte er over. Og så er eg nøktern nok til å vite at det er lenge til valet, og vi må slåst for veljarane kvar dag, seier ho.

Nasjonalt partibarometer mars 2024

Hva ville du stemt om det var stortingsvalg nå? Sammenlignet med februar.

PartiOppslutningEndring
27,0%
+0,5
18,2%
+0,4
15,2%
+0,9
10,1%
+0,6
6,7%
−0,1
6,2%
+0,9
6,1%
−0,5
4,0%
+0,3
3,5%
−0,1
1,1%
−1,5
2,0%
−1,3
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 997 intervjuer gjort i perioden 5.3.24–9.3.24. Feilmarginer fra 0,7–3,2 pp. Kilde: Norstat

Målinga er teken opp etter at Stortinget samla gav Solberg sterk kritikk i habilitetssaka. Høgre får på denne målinga si høgaste oppslutning i NRKs og Aftenpostens målingar etter at Sindre Finnes aksjehandel blei kjent i oktober 2023.

Men habilitetssaka ser ikkje ut til å rokke ved tilliten til veljarane.

– Denne saka har ikkje bringa med seg noko nytt dei siste månadane. Og det trur eg veljarane har oppdaga, seier Solberg.

Tungt for regjeringa

På den raudgrøne sida går det framleis trått. Dei tre partia ville fått til saman 65 mandat dersom det hadde vore val. Det er den svakaste oppslutninga sidan kommunevalkampen.

Senterpartiet står så å seie på staden kvil på 6,7 prosent i målinga, medan Arbeidarpartiet aukar svakt oppslutninga til 18,2 prosent.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum

Målinga gir få lyspunkt for regjeringa, men Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum håper det snart snur.

Foto: NTB

Sjølv om det er ein svak positiv tendens, gjer målinga statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre berre måteleg nøgd.

– Det er ikkje godt nok. Det har vore tøffe tider for folk. Eg skjønar også det. Men det tek tid før politikk begynner å verke, men no ser vi lyspunkt, seier Støre.

Han håper det at prisstiginga kan sjå ut til å vere på veg ned, og at vi snart skal ha nådd rentetoppen også vil vise seg att på målingane.

– Får det noko å seie, trur eg det også vil vise seg i tilliten i politikken.

AKTUELT NÅ