NRK Meny
Normal

Avviser helikopter-spekulasjonar

Leiaren for helikoptertenesta ønskjer å setja punktum for alle spekulasjonane om politihelikopteret kunne ha redda liv på Utøya.

Politihelikopter/regjeringskvartalet

Helikoptermannskapet hadde ferie då terrorhandlingane starta, og først etter 2,5 timar var helikopteret i lufta. Då var 69 personar drepne på Utøya, før gjerningsmannen vart arrestert.

Foto: Scanpix

Oslo-politiet får kritikk frå fleire hald for sine påstandar om at politihelikopteret ikkje var eigna til å bistå i Utøya-operasjonen.

Fleire personar med god kjennskap til helikopteret meiner det kunne ha vore svært nyttig for politiet både under og etter massakren.

Leiaren for politiet si helikopterteneste, Ole Vidar Dahl, seier det er nyttelaust å diskutera i kva grad helikopteret kunne ha redda liv dersom det hadde vorte kalla inn til Utøya.

– Grunnen til at politihelikopteret ikkje blei brukt den 22.juli, var kort og godt ferieavvikling. Tenesta var ikkje operativ, seier leiaren for politiet si helikopterteneste, Ole Vidar Dahl.

«Stålkontroll»

Krf-politikaren Einar Holstad seier i dag til Dagsavisen at politiet ville hatt «stålkontroll» med helikopteret på plass over Utøya.

Leiinga ved Oslo politidistrikt fekk tidleg spørsmål om kvifor dei ikkje flaug Beredskapstroppen som skulle uskadeleggjera Anders Behring Breivik til Utøya i helikopter, i staden for å bruka 50 minutt med bil og båt.

Politiet sa først at helikopteret stod på bakken grunna ferie-avvikling og mangel på ressursar. Men NRK kjenner til at personar frå politiet si helikopterteneste meldte seg friviliig til å koma på jobb kort tid etter at bomba gjekk av i Oslo.

Einar Holstad

KrF-politikar Einar Holstad.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ole Vidar Dahl i helikoptertenesta kjenner ikkje til at tilsette i helikoptertenesta skal ha sagt seg villige til å avbryta ferien for å bistå politiet i terror-beredskapen.

– Einskilde personar kan ha ringt, men dette er i tilfelle ikkje loggført. Uansett er det krav om ei besetning på tre mann - ein flygar og to systemoperatørar, fortel Dahl.

– Politiet sine påstandar er usanne

I etterkant har politileiinga forklart at helikopteret først og framst er eit observasjonsverktøy.

Ifølgje Oslo politidistrikt er det ikkje eigna til skarpe oppdrag, og hadde uansett ikkje hatt plass til å frakta ein spesialstyrke på ti mann med tungt utstyr og store våpen.

– Eg har vore tilbakehalden med kommentarar så langt. Men Oslo-politiet sine påstandar er usanne og bør ikkje få stå uimotsagde, seier Holstad.

Holstad var saksordførar då Stortinget i 2002 vedtok å kjøpa inn eit politihelikopter. Han seier at politiet sitt Eurocopter EC 135 er den best utstyrte maskina i heile Europa, og meiner det ikkje finst ein betre operativ plattform.

Politihelikopter.

Politiet vil no evaluera helikoptertenesta for å sjå om kapasiteten er god nok.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

– Berre fantasien set grenser

– Eg har sjølv vore med å utforma krava som må stillast til helikoptertenesta. Kamerautstyret om bord kan lesa registreringsskilt på fem kilometers avstand. Mannskapet ville hatt stålkontroll dersom dei hadde nådd Utøya tidsnok, seier Krf-politikaren.

Hans er ikkje den første som omtalar polithelikopteret som ei vidundermaskin. Den dåverande operative leiaren i politiet si helikopterteneste, Håkon Gerhardsen, sa i 2006 følgjande i eit intervju med TV2:

– Berre fantasien set grenser for kva me kan gjera med dette helikopteret.

Ingen ildstøtteplattform

Gerhardsen viste til ein 210 kilo tung boks med spesialutstyr festa til buken på helikopteret.

Boksen skjuler spesialutstyr til ein verdi av 20 millionar som er spesialbestilt til den norske helikoptertenesta, i tråd med Justuskomiteen si svært detaljerte utstyrs- og spesifikasjonsliste.

Av tekniske finesser har politihelikopteret blant anna avansert kamera- og videoutstyr og nattbriller som forsterkar lyset 30.000 gonger.

Men ifølgje stabssjefen i Oslo-politiet er kapastiteten til helikopteret likevel nokså avgrensa.

Johan Fredriksen

Stabssjef i Oslo-politiet Johan Fredriksen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Politihelikopteret har ingen ildstøtteplattform eller innsetjingskapasitet, seier Johan Fredriksen, som dermed avviser argumentet om at helikopteret kunne ha plukka med seg ein skarpskyttar til å uskadeleggjera gjerningsmannen.

Leiaren for helikoptertenesta peikar på at helikopteret ikkje er sertifisert til å brukast som skarpskyttarplattform.

– Me har testa ut dette eit par gonger, men helikoptertenesta og Beredskapstroppen har ikkje trent på dette. Det er helikoptra i 720-skvadronen til Forsvaret som er eigna til den typen skarpe oppdrag.

– Treng ikkje landingsplass

På gårsdagens pressekonferanse uttalte stabssjefen også at helikopteret uansett ikkje kunne ha landa på Utøya, og at båt frå fastlandet difor var det einaste moglege framkomstmiddelet over til den vesle øya der blodbadet skjedde.

Tidlegare etterretningsoffiser Bernard Duncan Lyng meiner denne argumentasjonen ikkje held vatn:

– Antiterror-innsatsstyrkar landar ikkje i helikopter. Dei rappellerer ut ved hjelp av tau. Det tek berre sekund, og nedfiringspunktet er uavhengig av landingsplass. Spesialstyrken kan rappellera ned i skog, på hustak og så vidare, seier Lyng til NRK.

Vurderer større helikopter

Politiet vil no evaluera helikoptertenesta for å sjå om kapasiteten er god nok. Ei utgreiingsgruppe har allereie lagt fram eit forslag om å skaffa eit helikopter med større lastekapasitet og rekkjevidde.

– Men det helikopteret me har i dag fungerer ekstremt bra som ein observasjonsplattform, som det også er meint til å vera. Det er ikkje meininga at helikopteret skal erstatta anna politiverksemd eller at det skal opptre åleine. Det skal vera eit supplement til andre politistyrkar, seier Dahl i helikoptertenesta.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger