Måtte svare på kritiske spørsmål om vaksineringstempo

Mens Israel har sett over ein million vaksinedosar, så har Noreg så vidt kome i gang med vaksineringa. FHI seier det har vore ein langsam start, men at tempoet no skal auke.

Statsminister Erna Solberg med pressekonferanse om koronasituasjonen

Det er for tidleg å meine noko om tempoet på vaksineringa i Noreg, meiner statsminister Erna Solberg. Her saman med direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Me skal vurdere framdrifta når vaksineringa reelt sett er kome i gang, sa Erna Solberg på søndagens pressekonferanse der regjeringa kom med mange innstrammingar i smittevernreglane.

Svaret kom då ho vart spurt om å vurdere tempoet på vaksineringa i Noreg etter at den første vaksinen vart sett den 27. desember.

Også direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, måtte svare på kvifor andre land har kome lengre i vaksineringsarbeidet.

– Me har vore opptekne av at kommunane skal ha tid til å rigge seg til å gjennomføre vaksinasjon effektivt, godt og trygt frå i morgon av, sa Stoltenberg på pressekonferansen søndag kveld.

Det er altså først måndag at vaksineringa startar for fullt i Noreg. Så langt er det registrert at 2.200 nordmenn har fått vaksinen. Men Stoltenberg sa på dagens pressekonferanse at talet også kan vere høgare fordi det kan vere forseinkingar i registreringa.

Kritikk mot EU

I fleire EU-land har tempoet på vaksineringa blitt kritisert gjennom romjula. I Tyskland er det så langt gitt 190.000 vaksinar i eit land med over 83 millionar innbyggjarar. Og i Frankrike er det berre gitt vaksinar til 500 personar i løpet av den første veka med vaksinering, skriv Le Monde.

Virus Outbreak France

I Frankrike er vaksineskepsisen høg. President Emmanuel Macron må innsjå. Ei meiningsmåling viser at under halvparten av folket vil ta vaksinen.

Foto: Gonzalo Fuentes / AP

Også talet på bestilte vaksinedosar har vore eit heitt tema. EU blir kritisert for å ha satsa på for mange ulike vaksinetypar, i staden for å bestille mange nok av den vaksinen som allereie er godkjent.

Uğur Şahin er toppsjef i BioNtech, firmaet som produserer den EU-godkjente vaksinen. Han kritiserte denne veka tempoet til EU-landa. Han påstår EU ikkje kjem til å ha tilgang på nok vaksinar framover fordi dei har kjøpt for få vaksinar, og gjort innkjøpa for seint.

– Det gjekk heilt klart ikkje så raskt og saumlaust som det gjorde med andre land, sa han til Der Spiegel.

Om Sahin har rett, vil dette også påverke Noreg som får sine vaksinar gjennom EU.

EU avviser derimot påstandane om at dei er ein flaskehals i arbeidet med å få ut vaksinar til kontinentet. Dei har sagt at det ikkje er bestillingane som er problemet, men produksjonskapasiteten, og dei seier at dei er klare til å hjelpe vaksineprodusentane med å auke produksjonen.

Israel ligg langt framfor resten av verda

Samanlikna med enkelte andre land ligg både Noreg og alle EU-land eit stykke bak dei landa som har vaksinert flest.

Universitetet i Oxford har ei side der dei held oversikt over kor langt ulike land har kome med vaksineringa.

Søndag kveld viser oversikta at Israel skil seg kraftig ut med at det er gitt 12,59 vaksinedosar per 100 personar. Det betyr at over ein million menneske er vaksinerte i Israel.

Israel vaksine

I Israel har det gått raskt med vaksineringa. Her frå ein klinikk i Jerusalem.

Foto: Menahem Kahana / AFP

Deretter følger Bahrain med 3,53 per 100 personar, Storbritannia med 1,39 og USA med 1,28. Desse tre landa kom ekstra tidleg i gang med vaksineringa fordi dei hastegodkjente vaksinen.

Israel var litt seinare i gang med vaksineringa, men har hatt hovudfokus på å få vaksinert folk så raskt som mogleg. Landet står midt oppi ei tredje smittebølgje. Akkurat no tyder mykje på at landet kan ha vaksinert så mange, så raskt, at dei vil mangle vaksinar om ei veke.

Difor vert det no diskutert om folk som har fått sin første dose ikkje skal få den etter tre veker slik planen eigentleg er, eller om dei som ikkje har fått sin først dose må vente lengre. Det skriv avisa Haaretz.

Noreg har brukt krefter på å førebu kommunane

For Noreg er strategien ein ganske annan. FHI-direktør Camilla Stoltenberg seier dei har vore opptekne av å førebu kommunane godt.

Ho seier at tempoet vil bli langt høgare i tida som kjem når fleire typar vaksinar vert godkjente.

– Dette kjem til å gå fort, og det kan gå fortare enn det me har trudd hittil, seier Stoltenberg.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har møte om årets influensasesong og influensavaksine

Camilla Stoltenberg er klar på at tempoet i den norske vaksineringa vil bli høgare etter kvart.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Men enn så lenge er det grenser for kor mange som kan vaksinerast. Gjennom sitt EU-samarbeid kjem Noreg til å få 40.000 dosar per veke i vekene framover. Det blir rundt 7.000 vaksinar per dag, og med eit slikt tempo ville det tatt rundt fire år før alle nordmenn har fått to vaksinedoser, slik ein må ha per dags dato.

Men planen og håpet er at tempoet kjem til å auke ganske snart når det kjem nye vaksinar på marknaden.

– Me reknar med at det kjem fleire vaksinar til Noreg ganske raskt. Til dømes Moderna-vaksinen trur me kjem tidlegare enn me har trudd. Så til saman, i løpet av dei tre første kvartala vil det, trur me, vere dekning for 5 millionar personar i Noreg, seier Stoltenberg.

– Kompleks logistikk

Statsminister Erna Solberg meiner det er for tidleg å kritisere tempoet, all den tid vaksineringa ikkje har kome ordentleg i gang endå.

– Dei fleste kommunane har prioritert å vente på dette for å få på plass alt logistisk. Så får me heller ta status når det har gått 14 dagar, tre veker, og sjå kor godt me har fått det til, seier Solberg.

Koronavaksine

Vaksinane som er godkjente av EU må oppbevarast i 70 minusgrader fram til få dagar før den skal brukast. Slikt skaper ein del logistikk.

Foto: Tone Spieler / NTB

Stoltenberg fortel om ein kompleks logistikk for å få vaksinane ut til alle landets kommunar. Vaksinen som er på veg ut i landet no krev 70 minusgrader under frakta, noko som gjer logistikken vanskeleg. Det skal også settast to dosar med 21 dagar mellomrom.

At også Moderna-vaksinen ligg an til å bli godkjent 6. januar kan gjere all logistikken endå meir avansert.

– Det aukar kompleksiteten i logistikken, og den er ganske kompleks allereie. Samtidig så vert det planlagd for fullt i alle kommunar, og dei får støtte og rettleiing i den planlegginga frå oss, seier FHI-direktøren.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 21.04.2021
3 001
Smittede siste 7 dager
212
Innlagte
734
Døde
1 088 100
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger