Hopp til innhold

Moderna-vaksinen godkjend i dag – Noreg får 4000 dosar neste veke

Den andre vaksinen mot koronaviruset er straks klar for bruk i Noreg. Fordelen med denne vaksinen er at han er meir haldbar og ikkje krev spesialfrysar.

Modernas vaksine mot korona covid-19

Fordelen med Moderna-vaksinen er lengre haldbarheit og enklare transport.

Foto: Michael Holahan / AP / NTB

Det europeiske legemiddeltilsynet EMA sa onsdag føremiddag ja til Moderna-vaksinen, melder Reuters. Vaksinen er dermed den andre koronavaksinen som vert førebels godkjend i EU, og med det i Noreg. Godkjenninga gjeld for personar over 18 år.

– Kvalitet, tryggleik og effekt er grundig vurdert, skriv EMA i ei fråsegn. Dei har samrøystes tilrådd at EU-kommisjonen gir Moderna lov å marknadsføre vaksinen på særskilde vilkår.

Vurderte fordelar og ulemper

Fagfolka i EMA har sete saman sidan måndag for å diskutere fordelar og ulemper med koronavaksinen frå det amerikanske Moderna-konsernet. Vaksinen er allereie godkjend i heimlandet USA.

EMA-komitéen for medisin for menneske starta gjennomgangen av Moderna-vaksinen måndag. Dei kom ikkje i mål og diskusjonen heldt fram onsdag då dei konkluderte.

Før den kan takast i bruk i Europa, må han òg godkjennast formelt av EU-kommisjonen. det er rekna med at det vil skje raskt. EUs godkjenning gjeld òg for Noreg.

– Eg er glad for at den andre vaksinen mot covid-19, Moderna-vaksinen, no er tilrådd godkjend frå EMA. No ventar vi på at vaksinen skal verte godkjend av Europakommisjonen, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie til NTB.

Høie seier at takka vere EUs innkjøpssamarbeid vil Noreg få også denne vaksinen på same vilkår som EU-landa. Med leveransar frå Moderna, i tillegg til vaksinane vi får frå Pfizer/BioNtech, ser han fram til at enda fleire nordmenn kan få tilbod om vaksinering.

Avtale om 1,9 millionar dosar til Noreg

Sveriges vaksinekoordinator Richard Bergström seier til NRK onsdag at Noreg gjennom dei avtalane som så langt er gjort, skal få 1,9 millionar dosar. Med to injeksjonar per person, betyr det at snautt ein million nordmenn vert sikra denne vaksinen.

Han seier at Sverige vil få dei første 11.000 vaksinane neste veke. Noreg får 4000 av dei. I januar og februar aukar forsendingane til eit snitt på 10.000 i veka. Innan utgangen av februar skal Noreg ha fått 67.000 dosar.

I mars aukar leveransen til rundt 30.000 i veka, seier Bergström til NRK.

– For Noregs del er det dei same leverandørane og dei same avtalane som i Sverige, stadfestar helseminister Bent Høie.

Meir haldbar og enklare å frakte

Den store fordelen med Moderna-vaksinen, samanlikna med Pfizer/BioNtech sin, er at han er haldbar i inntil 30 dagar ved kjøleskapstemperatur. Ved temperaturar på – 20 grader er han haldbar i eit halvt år, ifølgje produsenten.

Moderna-vaksinen pakkes ut fra en transportkasse på et helsesenter i Boston i USA

Moderna-vaksinen treng ikkje spesialfrysar og er meir haldbar enn Pfizer sin. Her vert vaksinen pakka ut på eit helsesenter i Boston.

Foto: JOSEPH PREZIOSO / AFP/NTB

Pfizer/BioNtech sin vaksine krev som kjend lagring i spesialfrysar ved mykje lågare temperatur (minus 70 grader), og er berre haldbar i kjøleskap i fem dagar.

Men Richard Bergström seier at logistikken ikkje er ei utfordring med nokon av vaksinane.

– Pfizer/BioNtech-vaksinen vert frakta i frysebilar med ekstra tørris. Det er ikkje eit problem, og dermed er det ikkje stor forskjell i logistikken, seier han.

Ny teknologi

Både Moderna sin vaksine, og den frå Pfizer/BioNtech, er basert på såkalla mRNA-teknologi, som er ein ny måte å lage vaksinar på. Det inneber at det aktive stoffet er pakka inn i små feittpartiklar som cellene i kroppen tek opp.

Cellene les mRNA-koden og dannar såkalla spike-protein av same type som koronaviruset har. Kroppen oppfattar proteinet som framandt og lagar antistoff som også fungerer mot koronaviruset. Denne vaksinetypen er ikkje brukt på menneske før.

Moderna-vaksinen vert produsert i Europa. Vaksinen vert gitt i to dosar med fire vekers mellomrom. Den skal ifølgje testar gi vern mot covid-19 i 94,5 prosent av tilfella, noko som er på linje med resultata for Pfizer/Biontech-vaksinen (95 prosent). Det skal ikkje vere meldt om alvorlege biverknader.

Frå før er vaksinen frå Pfizer/BioNtech godkjent i EU og Noreg. Her i landet er vaksinasjonen i gang i kommunane for folk i risikogruppa med Pfizer/BioNtechs koronavaksine.

Ein tredje vaksine, frå Universitetet i Oxford og AstraZeneca, vart godkjent i Storbritannia sist onsdag. Det er lite truleg at han blir godkjend i EU i løpet av den næraste månaden, sa EMA før helga.

LES OG: VAKSINEKRIGEN: Fleire stader i verda er vaksineringa mot covid-19-viruset i ferd med å bli eit brennbart politisk spørsmål.

AKTUELT NÅ