Hopp til innhold

Aps mektige partisekretær om bildet av at Kjerkol «feira» med Giske – Dette var ingenting

Ap-topp Kjersti Stenseng kritiserer valkomitéleiar Arild Grande for uryddig prosess, og synest ikkje Ingvild Kjerkol viste fingeren til varslarar og AUF ved å «feire» med Trond Giske.

Kjersti Stenseng

PARTISEKRETÆR: Kjersti Stenseng møtte NRK til intervju søndag kveld, etter ei turbulent helg i Arbeidarpartiet avdeling Trøndelag.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Ho er øvste sjef for partikontoret på Youngstorget, og den som har ansvar for å handtere interne varsel og bekymringsmeldingar.

No går Kjersti Stenseng ut mot Arild Grande, som leia valkomiteen i Trøndelag Arbeidarparti:

– Eg synest den prosessen som er avdekka og det vi vart vitne til på årsmøtet er kritikkverdig.

– Eg er opptatt av at påstandar om uakseptabel oppførsel eller eventuelle spørsmål om varsel på ein person ikkje er noko ein valkomité skal handtere. Det må takast gjennom det riktige organet, som er partikontoret.

Stenseng seier ho tar eit atterhald om at det som er kome fram er riktig, sidan ho sjølv ikkje var til stades i rommet i valkomiteen, når Grande skal ha truga med at det ville komme eit varsel på Ingvild Kjerkol viss ho vart innstilt som ny fylkesleiar,

Som kjend innstilte valkomiteen på nokon andre, men Kjerkol vart fylkesleiar likevel, etter eit durabeleg verbalt oppgjer og kampvotering på årsmøtet.

Vil handtere eit eventuelt varsel mot Kjerkol

– Kan det bli aktuelt med sanksjonar mot Grande i denne saka?

– No må vi først få rydda opp her og få klarleik i kva som gjekk gale i denne prosessen, og så får vi vere tydelege på kva som er gjeldande retningsliner og god organisasjonskultur. Alle som stiller til val og alle som er med å ta val skal vere trygge på at det ligg ryddige prosessar bak.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Arild Grande søndag kveld.

Også frå talarstolen på årsmøtet åtvara han mot å velje Ingvild Kjerkol til ny fylkesleiar. Det gjorde han i eit kjensleprega innlegg kor han snakka om usunne maktstrukturar i Trøndelag og Ap negativ bruk av makt.

Fleire i salen som NRK snakka med tolka Grande slik at å velje Kjerkol til fylkesleiar, berre ville bety ei vidareføring av ukulturen fleire unge Ap-kvinner i Trøndelag har skrive innlegg om den siste veka.

– Du har aldri høyrt om at nokon skal ha opplevd noko ubehageleg med Ingvild Kjerkol?

– Eg har ingen kommentarar til eventuelle diskusjonar eller konfliktar mellom folk. Eg er opptatt av at dersom det finst påstandar om uakseptabel oppførsel internt i partiet vårt, så skal det varslast om på ein rettmessig måte og i tråd med retningslinene våre. Så er det også slik at konfliktar og usemjer kan løysast opp i rundt eit bord, seier Kjersti Stenseng.

– Kor nære er du og Ingvild Kjerkol?

– Ingvild Kjerkol er ein god partikamerat av meg. Ho er ein god kollega som både sit i sentralstyret og i stortingsgruppa. Eg trur ho er ei god løysing for Trøndelag, ho er vald av årsmøtet der og eg ønskjer ho lukke til med det arbeidet.

Dersom det faktisk kjem eit formelt varsel mot Ingvild Kjerkol. Skal du handtere det?

– Viss det skulle kome eit varsel mot Ingvild Kjerkol, så kjem det til å bli handtert på ein ryddig måte av partikontoret, slik som vi gjer med alle varsel.

– Dette var ingenting

Kort tid etter at fylkesleiar-vervet var sikra laurdag, publiserte VG eit bilete av Ingvild Kjerkol på pizzarestaurant i Steinkjer saman med mannen sin, partifellen May Britt Lagesen – og Trond Giske.

Tittelen på VG-oppslaget var «Kjerkol vant leiarkampen – feira med Giske», og i sosiale medium var det fleire noverande eller tidlegare Ap-folk som reagerte.

Laster Twitter-innhold

Det same gjorde politiske motstandarar:

Laster Twitter-innhold

Partisekretær Kjersti Stenseng var ikkje overraska.

– Ingvild har sjølv vore veldig tydeleg på at her prøver nokon å lage ei stor historie av at ho stakk innom ein restaurant for å hente mannen sin som fekk ein liten matbit etter årsmøtet, og det var vel ikkje så veldig mykje meir enn det.

– Men var det klokt av ho å la seg avbilde på restaurant med Giske rett etter årsmøtet – gitt situasjonen?

– Eg synest det var klokt av ho å stikke innom for å ta med seg mannen sin heim att, ja. Haha.

– Kva signal sender det å feire med Giske etter akkurat dette møtet og denne veka – til AUF og dei unge kvinnene som har stått fram med historier om Giske?

– Du, Ingvild har svart veldig tydeleg på dette sjølv, at ho skulle stikke innom for å hente mannen sin som sat og tok seg ein matbit. Dette var ingenting meir enn det.

  • PS: Måndag morgon klokka 07.45 er Ingvild Kjerkol gjest i Politisk kvarter på NRK P2 og NRK1.

Håpar bråk og konflikt er historie

Kjersti Stenseng vart vald til partisekretær i Arbeidarpartiet i 2015, på det same årsmøtet som Hadia Tajik og Trond Giske vart vald til nestleiarar.

Vinteren 2017/18 var det ho som måtte handtere ei rekke varslingssaker mot Giske, då #metoo-kampanjen trefte Arbeidarpartiet.

– Kva synest du om at Trond Giske ikkje tar attval til Stortinget?

– Eg tar det til etterretning. Trond var veldig tydeleg i går på at han no seier takk for seg i Arbeidarpartiet etter 37 år. Han har eitt år att på Stortinget, og no håpar eg at vi alle kan legge bak oss dei diskusjonane og konfliktane som har vart lenge no, seier Kjersti Stenseng.

Arbeiderpartiets landsmøte 2017

GYLNE TIDER: Støre, Stenseng, nestleiar Hadia Tajik og dåverande nestleiar Trond Giske saman på Ap-landsmøtet i 2017, det siste før #metoo nådde norsk politikk.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

AKTUELT NÅ