Debatten har rast etter NRK Brennpunkt-dokumentaren «Omsorg bak lukka dører», der eldreomsorga fleire stader i Noreg blei undersøkt ved hjelp av skjult kamera.
Her kom det fram at fleire eldre ikkje fekk den hjelpa dei skulle hatt.
Dokumentaren viser mellom anna ein pasient som får skifta bleie to gonger i løpet av eit døgn. I nokon tilfelle går det 17 og 24 timar mellom kvart bleieskift.
I ettertid har helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) sagt at folk må gjera meir for å planlegga for eigen alderdom.
– Eit svik
Dette fekk tidlegare justisminister for Arbeidarpartiet og forfattar Anne Holt til å reagera.
– Me plukkar ikkje lenger opp dei som fell. Det er eit svik mot sosialdemokratiet! seier Holt i Debatten.
Der møtte ho helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
Debatten kjem etter Brennpunkt-dokumentaren «Omsorg bak lukkede dører» i førre veke.
Holt meiner Kjerkol sitt råd er godt for dei som har moglegheit til det.
– Men nøkkelordet her er «kan gjera det». Det er nemleg forferdeleg dyrt.
Ho trekk fram at eldrebølga og problema i eldreomsorga ikkje er ei ny krise.
– Det er ikkje di skyld at det ser sånn ut, men det er du som er på vakt akkurat nå, og derfor er det ditt ansvar, seier ho til Kjerkol.
Holt gjekk tidlegare ut med denne kritikken i eit Facebook-innlegg.
Anne Holt meiner rådet til helseministeren berre er til hjelp for dei rike.
Foto: Anton LierInnlegget avslutta ho med å føreslå at rådet er «et knefall for et samfunn med forskjeller jeg trodde Arbeiderpartiet hadde viet de siste 136 årene til å bekjempe».
Over 1200 reaksjonar er lagt igjen på innlegget, som er delt meir enn 300 gonger.
– Som omsorgsminister har du først og fremst ansvar for dei som treng hjelp. Dei av oss som kan klare seg heime og har råd til dette sjølv, er ikkje i utgangspunktet eit ansvar for helseministeren, seier Holt i studio.
– Derfor blir eg så provosert av dette utspelet om å «passa på seg sjølv».
Kjerkol: Staten skal bidra
Helseministeren meiner Holt har misforstått bodskapen hennar og drar det for langt.
– Viss du har ein bustad må du tenka om dette er ein bustad som er god å bli gammal i, og så må staten bidra med nokon verkemiddel dersom det ikkje er mogleg for deg å gjera bustaden aldersvennleg, seier Kjerkol.
Ho meiner altså at fleire av dei som har moglegheita til det skal planlegga meir for alderdommen sin.
Eldreomsorg er tema i Debatten. Sjå han her.
Vidare seier ho at å ta vare på eldre både er eit ansvar for den enkelte som har evne til det, og fellesskapet som skal stilla opp slik at fleire får hjelp.
– Eg vil gjenta at det er fagfolk som utgjer tenester. Det er dei som gir helsehjelpa og me må sikra at me har god tilgang på den viktigaste ressursen. Dei som treng sjukeheimsplass, dei skal få det, seier Kjerkol.
Ho seier Brennpunkt-dokumentaren viser at det er folk som får pleie heime, som openbert skulle vore fått tryggleik heile døgnet på ein institusjon.
På spørsmål om kvifor ho valde å svara på kritikken slik ho har gjort fram til nå, seier Kjerkol at ho ikkje hadde sett Brennpunkt-dokumentaren før ho blei bedt om å kommentera saka.
– Eg føler nokon har tolka meg i verste meining, og det beklagar eg, seier Kjerkol.
Urapporterte avvik
Brennpunkt-dokumentaren avslørte avvik i heimetenesta fleire stader i landet, og viste kor pressa dei tilsette i eldreomsorga er på tid.
Hjelpepleiar Elisabeth Andersson i Larvik jobbar på ein sertifisert Livsgledeheim, men skildrar kvardagen som eit rotterace.
NRK bad om statistikk over avvik i kvar kommune i landet. Tala var overraskande. Det viste seg at ein rapporterte fleire avvik i kommunane med fleire tilsette per pasient.
I dokumentaren viser ein av dei pårørande bilde ho har tatt bilde av sin eldre mor som har fått Underernæring, tvang og manglande kontroll av legemiddel. Dette er nokon av problema på norske sjukeheimar.
Foto: NRKVed hjelp av det skjulte kameraet, kunne ein sjå at tilsette gjekk frå pasientane før dei hadde sjekka om dei hadde tatt medisinen eller spist opp maten.
Det resulterte ofte i at pasienten ikkje åt maten eller tok medisinen. Journalen viste likevel at jobben var gjort.