Hopp til innhold

– Dette er verving av leigesoldatar som kanonføde

NRKs avsløringar om verving av islandske soldatar i det norske forsvaret opprører mange på Island. Leiaren i utanrikskomiteen på Alltinget meiner dette er verving av leigesoldatar.

Hilmar Haraldsson i Afghanistan

Hilmar Haraldsson har fleire gonger vore på islandske vidaregåande skular for å verve islendingar til det norske forsvaret, og har sjølv delteke i krig for Noreg i Afghanistan.

Foto: Privat

Etter at NRK i går melde at det norske forsvaret går aktivt inn for å rekruttere islandske ungdomar, har det vore sterke reaksjonar på Island.

– Upassande av Noreg

Arni Thor Sigurdsson

Arni Thor Sigurdsson er leiar i utanrikskomiteen på Alltinget, og er svært kritisk til norsk verving av islandske soldatar.

Foto: Allthingi.is

Leiar i utanrikskomiteen på Alltinget, Arni Thor Sigurdsson, reagerer sterkt på at representantar frå det norske forsvaret har rekruttert islandske tenåringar til å bli soldatar i Noreg.

– Eg meiner det er svært upassande at det norske forsvaret søkjer leigesoldatar til å bli «kanonføde» i Afghanistan, seier Sigurdsson til NRK.no.

Sigurdsson representerer partiet Dei Grønne Venstre, som sit i regjering saman med Sosialdemokratane.

– Som leiar i Alltingets utanrikskomité stiller eg meg svært kritisk til at Noreg vervar ungdomar på Island og freistar med gratis utdanning.

Sigurdsson tykkjer det er svært rart at skulane på Island har tillatate det norske forsvaret å gå inn for å lokke unge til å gå inn i militæret for gratis utdanning i retur.

– Island er ein militær- og våpenfri nasjon, og me ønskjer at det skal bli verande slik.

– Kva meinar du om at islendingar går til krig for Noreg?

– Personleg meiner eg det er etisk tvilsamt, sjølv dei sjølvsagt har fri vilje. Det verste med saka er at ungdom vert lokka med gratis utdanning og garantert jobb av det norske forsvaret.

– Kva vil bli gjort med dette?

ICELAND JAPAN

Professor emeritus Sigurður Líndal meiner det er alvorleg at det norske forsvaret bryt islandsk straffelov.

Foto: STR / REUTERS

– Saka vil bli sett på av Undervisningsdepartementet dei næraste dagane, for å få ein slutt på at utanlandsk forsvar rekrutterer på islandske skular. Eg meiner også at Utanriksdepartementet bør finne ut kor mange islendingar som tenestegjer for Noreg, Danmark og Storbritannia.

Meiner norske soldatar bryt islandsk straffelov

Professor emeritus i jus ved Universitetet på Island, Sigurður Líndal, meiner det norske forsvaret si rekruttering av islandske soldatar er eit klart brot på den islandske straffelova.

I Islandsk straffelov står denne paragrafen, som sist vart oppdatert i 1998:

Den som vervar menn til utanlandsk militærteneste innanfor den islandske staten, skal bli dømt til opp til 2 års fengsel.

Islandsk straffelov, § 114

– Dersom ein tek i mot eit direkte tilbod om å ta norsk befalsutdanning, så følgjer det plikt til militærteneste. Difor er dette eit brot på paragrafen i den islandske straffelova.

Líndal meiner pliktåra som er ein integrert del av den norske befalsutdanninga, gjer at rekrutteringa er i strid med straffelova.

Ifølgje lovverket er det enkeltpersonane som aktivt driv med rekruttering på islandsk jord som er i fare for å bli straffa, og ikkje Forsvaret som heilskap.

Oppfordrar til politimelding

Fredsorganisasjonen Kampanje Mot Militarisme på Island oppfordrar skulane på Island til å politimelde dei som har drive med rekruttering av islandske soldatar.

– Det er heilt tydeleg at dette er i strid med islandsk lov. Me forventar at studentar kjem til å melde dette til politiet, eller at politiet startar ein eigen etterforsking, seier leiar i organisasjonen, Stefan Pallson.

Den NATO-kritiske organisasjonen, som tel nærare 2000 medlemar på Island, reagerer sterkt på at tenåringar vert lokka til gratis utdanning i militæret.

– Ungdomar i denne alderen er lett påverkelege. Dei kan bli overtalt til å søkje i det norske militæret av eventyrlyst, utan å kjenne til realitetane av å vere i krig. Å promotere dette som gratis utdanning er svært villeiande, når hovudoppgåva til militæret er å delta i krig.

Professor Sigurður Líndal meinar likevel ei politimelding vil få små konsekvensar for dei det gjeld.

– Naturlegvis er det alvorleg å bryte lova. Likevel trur eg dette vert løyst på ein måte som gjer at man tilgir det. Dersom Hilmar Haraldsson og andre held opp med rekrutteringa og unnskulder seg går det nok fint.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger