Hopp til innhold

Unge islendingar i krigen for Noreg

Unge islendingar vervar seg i det norske Forsvaret, og fleire har vore i krig for Noreg i Afghanistan - med det norske flagget på uniforma.

Hilmar Haraldsson i Afghanistan

Hilmar Haraldsson er ein av seks islendingar som dei siste åra har delteke i krig for Noreg i Afghanistan.

Foto: Privat

10 personar med islandsk statsborgarskap er for tida yrkesaktive i det norske Forsvaret, og 18 islandske gutar har vore innom dei siste ti åra. Seks av dei har vore ein del av norske militære operasjonar i Afghanistan.

Etter det NRK.no kjenner til, er det grunn til å tru at tala frå Forsvaret er underrapportert. Dette basert på informasjon frå islendingar i Noreg.

Det skal også vere eit tosifra tal islendingar i det danske forsvaret. Danmark har ei tilsvarande bilateral forsvarsavtale med Island som det Noreg har.

Islendingane er innrullert ved befalsutdanninga, anten ved Forsvarets ingeniørhøgskule på Jørstadmoen ved Lillehammer, eller ved Telemarksbataljonen på Rena.

Det skal også vere fleire islendingar som har avtent førstegangsteneste i Noreg dei seinare åra.

– Det er jobben som er viktig

Hildur Haraldsson

Islandske Hilmar Haraldsson har tenestegjort i Afghanistan for Noreg - og drar gjerne tilbake.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Hilmar Haraldsson (29) kom til Jørstadmoen allereie i 2003, som ein av dei aller første islendingane i Forsvaret. For han var det lysten på eventyr og nye erfaringar som var hovudmotivasjonen for at han søkte.

– Eg ville ha ei erfaring som dei andre på Island ikkje får. Så då eg var ferdig med vidaregåande på Island tenkte eg «ja vel, kvifor ikkje prøve forsvaret?».

– Kva reaksjonar fekk du frå familien din på Island då du bestemte deg for å dra?

– Som mange andre mødrer var ikkje mamma akkurat så veldig «happy». Bror min måtte leve lenge i frykt for at eg skulle reise ut til Afghanistan. Han måtte svare for mamma, sidan det var han som fekk meg til å søkje.

Det er både norsk og islandsk blod i meg. Og kjem det til å bli krig mellom Noreg og Island får eg ta ein diplomatisk avgjerd ved å kome meg unna på best mogleg måte.

Hilmar Haraldsson, islending og yrkestilsett i forsvaret

Haraldsson har vore seks månadar i Afghanistan, og drar gjerne tilbake. Det å gå i krig med norsk flagg på skuldra tykkjer han ikkje er så spesielt.

– Eg er yrkestilsett i Forsvaret, så då jobbar eg med det oppdraget eg får. Det gjer meg ingenting om det er norsk flagg eller islandsk flagg eg har på skuldra. Det er jobben som er viktig.

– Er du villig til å dø for Noreg?

– Ja.

– Har du gjort deg nokre refleksjonar om kor langt du er villeg til å støtte det norske forsvaret?

– Sjølvsagt. Men då må eg nok seie at det er både norsk og islandsk blod i meg. Og blir det krig mellom Noreg og Island får eg ta ei diplomatisk avgjerd ved å kome meg unna på best mogleg måte.

Nært samarbeid

At islandske soldatar kan tenestegjer i det norske forsvaret er ei relativt ny ordning. Det har bakgrunn i lova om personell i Forsvaret frå 1996, der det vart opna for rekruttering av utanlandske statsborgarar i norske militære operasjonar.

Det er likevel først i løpet av dei siste 8 åra at dette har vore ein praksis.

I 2005 vart det signert ei såkalla departementsavtale som regulerer forhold knytt til islandske styrkebidrag til norsk-leia styrker i Meymaneh. Denne avtala er ikkje tidlegare publisert.

Samarbeidet mellom Island og Noreg vart ytterlegare styrka i 2007, då utanriksministrane frå dei to landa inngjekk ei avtale om auka opplæring av islandsk personell på norsk jord.

Hilmar Haraldsson og Bjarki Kristinsson

Hilmar Haraldsson (t.v.) og Bjarki Kristinsson har ingen problem med å ofre seg for Noreg i Afghanistan.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Felles historie

Bjarki Kristinsson (21) kan bli ein av dei som går til krig i Afghanistan - med norsk flagg på skuldra. Hausten 2010 flytta 21-åringen til Noreg. Litt eventyrlyst. Litt ønske om å lære eit nytt språk. Litt finanskrise.

– Søstera mi fekk ein presentasjon om det norske forsvaret på skulen på Island. Då ho fortalte det var eg ikkje i tvil om at dette var noko som passa for meg, seier Kristinsson.

Bjarki Kristinsson leser realfag

Bjarki Kristinsson går gjennom hard teoretisk opplæring som del av utdanninga ved Forsvarets ingeniørhøgskule.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Forsvarets ingeniørhøgskule (FIH) på Jørstadmoen utanfor Lillehammer var neste stopp. Her venta knallhard fysisk trening kombinert med realfagundervisning på høgt nivå. Snart vert han yrkesmilitær i det norske forsvaret.

Bjarki Kristinsson seier han ikkje har spesielt lyst til å dra til Afghanistan, men at han vil takke ja dersom han blir sendt ut som ein del av tenesta ved FIH.

Han har ikkje noko i mot å gå til krig for Noreg.

– Islendingar og nordmenn er ikkje så ulike. Me har mykje felles historie, til dømes sagalitteraturen. Så Noreg er ikkje så framand for meg. Eg tykkjer det er greitt.

– Kva sa familien din då du bestemte deg for å bli med i det norske forsvaret?

– «Greitt. Så flytter han ut.» He-he. Dei sa det høyrtes veldig spennande ut, og dei meinte at dette var midt i blinken for meg. Eg har alltid vore glad i idrett og har vore mykje ute i naturen, så dei visste at dette var noko som passa for meg.

Kristinsson seier han stortrivst i Forsvaret, og at han får meir og meir lyst til å bli verande og få ein karriere som yrkesmilitær.

(Artikkelen held fram under videoklippet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Burde vore kontroversielt

Stein Ørnhøi

SV-veteran Stein Ørnhøi meinar islendingane burde vore skeptiske.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

SV-veteran Stein Ørnhøi, meiner det bør vere eit godt samarbeid mellom Noreg og Island, men at dei som deltek i krig for Noreg bør vere norske statsborgarar. Han tykkjer islendingane burde reagert sterkare.

– Dette burde ha vore ei kontroversiell sak på Island. Dersom norske statsborgarar hadde gått i krig for andre land ville eg verkeleg ha vore uroleg, seier Ørnhøi til NRK.no.

Sjølv om det juridisk sett ikkje er problematisk at islendingar deltek i norske operasjonar i utlandet, seier Ørnhøi at dette nok ikkje ville vore populært hos dei som forfatta den norske grunnlova.

Ørnhøi viser til § 25 i Grunnlova, der det mellom anna står: «(...) ingen fremmede Magters Krigsfolk, undtagen Hjælpetropper imod fiendtligt Overfald, maa inddrages i Riget uden Storthingets Samtykke.»

Fleire NRK.no har vore i kontakt med har samanlikna bruken av islendingar i Afghanistan med leigesoldatar. Dette avviser forsvarsdepartementet på det sterkaste.

– Islandsk personell har same immunitet og status som norske styrker i Afghanistan, og er sjølvsagt ikkje å rekne som leigesoldatar, seier pressvakt Svein Buer i forsvarsdepartementet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kva tykkjer du om at islendingar går til krig for Noreg?

AKTUELT NÅ