Hopp til innhold

Advokat­streik kan ramme PST

Advokatforeningen går måndag ut i ny streik, i protest mot det dei meiner er løftebrot frå regjeringa. Justisministeren avviser skuldingane.

Jon Wessel-Aas, leder Advokatforeningen

Regjeringa må auke rettshjelpssatsane, seier leiar i Advokatforeningen Jon Wessel-Aas.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Sakene hopa seg opp i Høgsterett då advokatane aksjonerte mot nivået rettshjelpssatsane i 2021. Det er det staten betalar når innbyggarar har rett på rettsleg bistand.

Først etter eit drygt halvt år med streik blei advokatane og regjeringa samde om ein avtale. Det blei oppretta eit uavhengig råd, Salærrådet, som skulle kome med ei tilråding om kva nivå satsane burde ligge på.

Les også Advokater roper varsko – varsler aksjon i Høyesterett

Norges Høyesterett

Men no blir det nye aksjonar fordi regjeringa har brote avtalen, seier leiar i Advokatforeningen, Jon Wessel-Aas.

– Vi hadde ein avtale om ein auke i satsen. Vi fekk også ei tilråding frå det uavhengige rådet, som dei ikkje har teke omsyn til. Dei har hatt fleire statsbudsjett å rette opp i dette, men det har dei ikkje gjort. Dette er rett og slett avtalebrot.

Les også Vil kutte gratis advokathjelp til voldtektsutsatte: – Dette er smålig

Anders Schrøder Amundsen, leder i Juristforbundet Privat.

Går ut i streik

Måndag blir samfunnsadvokatane tekne ut i streik. Dette er advokatar som blir peika ut av det offentlege på vegner av mistenkte eller utanforståande som ikkje veit at dei kan bli avlytta eller overvaka.

Slike advokatar er naudsynte når PST, E-tenesta eller politiet ber om å få overvake bestemte personar.

– Dette er oppdrag advokatane ikkje er pliktige til å ta på seg, men som staten føreset at nokon er villige til å ta på seg. Vi ønsker å vise at ein må sikre at betalinga er forsvarleg.

Jon Wessel-Aas, leder Advokatforeningen

Det er stor streikevilje blant advokatane, seier Wessel-Aas.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Dette gjer at retten ikkje kan gi politiet løyve til å overvaking eller avlytting så lenge aksjonen går føre seg.

– Det vil påverke arbeidet, men dette er ein konsekvens av systemet som reknar med at medlemmane våre skal seie ja. Men når regjeringa bryt løfta, og ikkje leverer på auka satsar, kan dei ikkje vente at vi stiller opp.

Tilrådinga frå Salærrådet for 2024 var at rettshjelpssatsane burde ligge på om lag 1464 kroner timen ved inngangen av året. Regjeringa foreslo å auke satsen til 1215 kroner i forslaget til statsbudsjett for 2024.

Les også E-tjenesten: Mener Russland er i ferd med å tvinge til seg overtak i Ukraina

Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstjenesten. Forsvarssjef Eirik Kristoffersen i bakgrunnen.

Vanskelegare for PST

For PST og E-tenesta er avlytting og overvaking viktige verktøy i etterforskinga av saker. Streiken gjer at dei får konsekvensar for arbeidet, vedgår seniorrådgjevar Eirik Veum i PST overfor NRK.

– PST kan stadfeste at vi er kjent med at det er varsla ei streik. Konsekvensane er at oppmodingar frå oss som gjeld tvangsmiddelbruk i graderte saker, ikkje blir behandla i tingretten.

– Er det uheldig?

– Utover dette har ikkje PST nokon ytterlegare kommentarar.

DSC00446

Seniorrådgjevar i PST, Eirik Veum.

Foto: Marius Christensen / NRK

E-tenesta har så langt ikkje svart på NRKs førespurnad om kommentarar.

Wessel-Aas seier det er stor streikevilje blant advokatane, og at det kan vere aktuelt å trappe opp om dei ikkje får gjennomslag hos Justisdepartementet.

– Det er absolutt aktuelt å trappe opp. Men eg håper vi slepp å gjere det. Men det er heilt opp til regjeringa å løyse dette.

Harde prioriteringar

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) synest det er alvorleg at advokatane no vel å aksjonere på denne måten, men seier at både regjeringa og advokatane må halde seg til det som kjem i statsbudsjettet.

– Det er mange saker vi ikkje klarer å få dekt inn i kvart statsbudsjett. Difor må vi prioritere hardt. Vi har meint å prioritere opp meir løn til advokatane ikkje har vore viktig nok samanlikna med å styrke forsvaret og domstolane, som vi har prioritert i år.

Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) avviser at dei har brote avtalen regjeringa gjorde med Advokatforeningen i 2022.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ho er ikkje med på at regjeringa har brote den avtalen dei gjekk inn i samband med den førre advokatstreiken.

– Vi har heile vegen vore tydelege på at avtalen ikkje fritek regjeringa frå å følge budsjett- og økonomiregelverket vårt. Vi kan ikkje gi garantiar for løyvingar på denne måten fram i tid. Statsbudsjettet blir vedteke av Stortinget.

AKTUELT NÅ