Hopp til innhold

– Oslofolk tør ikkje kjøpe dieselbil

Mens politikarane er ueinige om dieselbilar før forbys i Oslo, går innbyggjarar til bilauksjon for å selje dieselbilen. – Mange er usikre, seier ein bilseljar hos Økern Bilauksjon.

Bilselgar Gunn Ihlebakken

Folk er usikre og ventar med å kjøpe til bystyret har bestemt seg, seier bilseljar Gunn Ihlebakken.

Foto: NRK

Fleirtalet av bilar til sals hos Økern Bilauksjon i Oslo er dieselbilar. Dei har blitt vanskeleg å selje, fordi byrådet i Oslo vurderer å innføre lavutsleppssoner der det ikkje er lov å køyre dieselbil på dagar med akutt luftforureining.

– Utruleg gode kvalitetsbilar som skulle vore lette å få selde, tar det no lengre tid med. Folk er usikre og ventar med å kjøpe til bystyret har bestemt seg, seier bilseljar Gunn Ihlebakken.

Mange kundar spør om kva pris dei får på dieselbilen sin, fordi dei vil bytte til bensin eller elbil.

Biler i Oslo

– Før var diesel ikkje eit tema. No tar så å seie annakvar kunde det opp, seier Ihlebakken

Ein del av bileigarane seier at dei kjøpte dieselbil etter at regjeringa oppmoda til det med avgiftslette i 2007. Men forskning viste at NOX-utsleppa frå diesel er meir skadeleg for bylufta enn bensin. Forslag om avgifter mot diesel fulgte, og ein diskusjon om å gjere det ulovleg å køyre dieselbil i sentrum på dagar med akutt dårleg luftkvalitet.

– Mange kjenner seg lurt, seier bilseljaren.

No utgjer dieselbilar berre 35 % av alle nye bilar i Oslo, mot 72 % for berre fire år sidan. Utviklinga har vore lik på landsbasis.

– Ingen avklaringar

I dag var miljøbyråda for Oslo og Bergen i møte med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Byråd Lan Marie Nguyen (MDG) seier ho ikkje fekk klare svar.

– Vi fekk ingen avklaring på korleis vi kan innføre akutte eller permanente lavutsleppssoner. Solvik-Olsen skyver avgjersla over på vegdirektoratet. Det syns eg er alvorleg, seier Nguyen.

Førstegangsregistrert biler i Norge

Solvik-Olsen skuldar lokalpolitikarane for å mangle handlekraft.

– Oslo har ei rekke verkemiddel som dei har valt å ikkje ta i bruk, og som det er lokal debatt på om er fornuftig eller ikkje. Då bør dei heller bli einige lokalt, framfor å skulde på regjeringa når dei ikkje viser handlekraft sjølv, svarar Solvik-Olsen.

– Det stemmer at det finst ein del akutte tiltak vi kan innføre, men mange av dei er ikkje målretta. Til dømes datokøyring er ikkje et målretta tiltak mot dieselbilar, som er det store problemet i Oslo, svarar Nguyen.

Viser til vegstellet

Nguyen bad om avklaring på om kommunen kan forby dieselbilar også på statlege vegar. Det ville ikkje samferdsleministeren ta stilling til.

– Dersom dei vil ha eit generelt forbod mot dieselbilar må dei ta det opp på vegstellet lokalt, så vil dei gjere ei fagleg vurdering, seier Solvik-Olsen.

Du har ingen meining om det?

– Her skal lokalpolitikarane sjølv få ha innverknad, fordi det er dei som står ansvarleg for luftkvaliteten lokalt. Vi meiner at du må sjå på akuttløysingar når du har eit akutt problem, og ikkje sjå på korleis du kan forby dieselbilane resten av året når problemet ikkje eksisterer, seier Solvik-Olsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger