Hopp til innhold

– Nobelstiftinga skal ut av atom-investeringar i løpet av 12 månader

– Nobelstiftinga kjem i løpet av eitt år til å selje seg ut av alle fond som investerer i selskap som deltek i produksjon av atomvåpen, seier sekretær for Den norske nobelkomiteen, Olav Njølstad.

Nobelstiftinga kjem i løpet av 12 månader til å kvitte seg med alle investeringar i selskap som produserer atomvåpen, seier sekretær for Den norske nobelkomiteen, Olav Njølstad.

VIDE: Sjå Nobel/atom-debatten i Dagsnytt 18

Dette skjer etter kraftig kritikk frå blant andre Framtiden i våre hender, som har avslørt at Nobelstiftinga har investert i fleire selskap som er involverte i produksjon av masseøydeleggingsvåpen.

På Dagsnytt 18 i kveld gjorde Njølstad det klart at Nobelstiftinga har laga eit etisk regelverk, og at dette regelverket klart seier at slike investeringar ikkje er akseptable. Framtiden i våre hender har også kritisert Nobelstiftinga for å investere i konvensjonelle våpen, kol og tobakk.

– Ser ikkje bra ut

Anja Bakken Riise

Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, seier at organisasjonen tok investeringane til Nobelstiftinga alt i 2005.

Foto: Renate Madsen / Pressebilde

Olav Njølstad, som også er direktør for Nobelinstituttet, vedgjekk i kveld at det ikkje ser bra ut for Den norske nobelkomiteen at Nobelstiftinga har gjort slike investeringar, samstundes som Nobels fredspris om vel seks veker skal delast ut til ICAN, som arbeider for eit forbod mot nettopp atomvåpen.

Njølstad minte om at det ikkje er Den norske nobelkomiteen som har stått for investeringane. Det blir gjort av Nobelstiftinga, som held til i Stockholm, og som forvaltar heile formuane etter Alfred Nobel.

Han seier at alle fondsforvaltarane no har fått beskjed om at dei enten må droppe å investere i slike selskap, elles vil Nobelstiftinga trekkje seg ut.

– Vi har flinke folk til å jobbe med dette. Eg trur dei greier å halde fristen på 12 månader. Vi innser at det ikkje ser bra ut. Vi skulle gjerne ha vore ute av dette for lenge sidan. Eg trur vi kan påverke forvaltarane til å droppe slike investeringar ved å true med å trekkje oss ut, sa Olav Njølstad blant anna.

Nobels fredspris for 2017 går til Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen

- Trudde det var ein tulle-telefon

– Tok det opp i 2005

Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender (FIVH), sa i debatten på Dagsnytt 18 at ho er glad for at Nobelstiftinga vil trekkje seg ut av selskap som produserer atomvåpen. Men ho synest det kjem for seint. Ho minner om at FIVH tok opp dette spørsmål første gong for 12 år sidan i 2005.

Den gongen fekk dei til svar at dei skulle prøve å gjere noko med det, men det vart altså ikkje gjort.

Philip Ripman er senioranalytikar og portefølje forvaltar i Storebrand. Han gjorde det klart at det ikkje er noko problem å finne fondsforvaltarar som ikkje investerer i atomvåpen. Han minner om at Storebrand, som er største i Noreg på fondsforvalting, ikkje investerer i slike selskap.

AKTUELT NÅ