Hopp til innhold

- Trudde det var ein tulle-telefon

GENEVE/OSLO (NRK): – Det kom som eit sjokk på oss då vi fekk telefonen klokka 10.50 i dag. Vi hoppa og dansa, jubla og gret. Det var ein spesiell augneblink, seier Grete Østern, som var til stades på ICAN-hovudkvarteret i Genève i føremiddag.

ICAN-leder Beatrice Fihn får overaskende bekjed om at de tildeles fredsprisen

BESKJEDEN: Her får Beatrice Fihn i ICAN telefonen frå Nobelkomiteen. Mobilvideo: Grethe Østern.

Norske Grethe Østern er tilsett i Norsk Folkehjelp, men arbeider på ICAN-kontoret. Ho fortel om ei spent stemning der fredag føremiddag.

Beatrice Fihn og Grethe Østern i ICAN

Beatrice Fihn og Grethe Østern jublar over tildelinga av Nobels fredspris.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

– Vi sat og fylgde med på direktesendinga på NRK. Vi hadde eigentleg gitt opp håpet om å få prisen, fordi vi trudde at vinnaren ville få beskjed tidlegare. Vi førebudde oss på at atomavtalen med Iran ville få Nobels fredspris for 2017, og vi gjorde klar ei fråsegn, seier ho til NRK.

På direktesendinga sa tidlegare sekretær for Nobelkomiteen, Geir Lundestad, på eit tidspunkt at vinnaren nok alt hadde fått beskjed.

– Då var vi sikre på at det ikkje ville bli oss. Og då telefonen kom klokka 10.50 trudde vi først at det var ein tulle-telefon. Men då vi forstod at det var alvor, var det full jubel, seier Grethe Østern.

Det var leiar i ICAN, svenske Beatrice Fihn, som tok telefonen då Nobelkomiteen ringde ti minutt før vinnaren skulle offentleggjerast.

Slik forsøkte USA å skremme land fra å støtte atomvåpenforbudet

Grande: Ap dobbeltkommuniserer om atomvåpen

Mener prisen setter Norge i freds-skvis

ICAN-lederen: – Sender en klar beskjed til alle atommakter

2013: Tok initiativ til kamp mot atomvåpen 2017: Kritiserer FNs atomvåpenforbud

SISTE NYTT

Siste nytt