Hopp til innhold

Hevdar Nobelstiftelsen finansierer våpen, tobakk og fossilselskap

– Eit paradoks at dei deler ut fredsprisar til klimaforkjemparar og menneskerettsaktivistar, men på den andre sida er med på å finansiere det prisvinnarane kjempar imot, seier Fremtiden i våre hender.

SWEDEN-NOBEL-MEDICINE

NOBELSTIFTELSEN: forvaltar minnet til Alfred Nobel og delar ut fem prisar årleg; i fysikk, kjemi, fysiologi eller medisin, litteratur og fred. Bilete er frå ei pressekonferanse i Stockholm i oktober.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Same dag som vinnaren av årets Nobels fredspris vert annonsert, går Fremtiden i våre hender ut med ei liste over kontroversielle selskap dei meiner Nobel-pengar er investert i.

Dette er blant anna selskap som produserer kjernevåpen, tobakk og kol, selskap som er blanda inn i konfliktar mellom landsområde og er under etterforsking for brot på internasjonale reglar i krig, ifølgje organisasjonen.

Anja Bakken Riise

SJOKKA: Anja Bakken Riise, leiar for Fremtiden i våre hender, er sjokkert over funna dei har gjort i Nobelstiftelsen sine investeringar.

Foto: Knut Erik Helle

– Vi har funne ei rekkje problematiske investeringar, blant anna SAAB AB som produserer våpen, tobakksselskap som British American Tobacco, samt sterkt forureinande kolselskap som RWE, seier Anja Bakken Riise, leiar i Fremtiden i våre hender.

Fleire av selskapa har Oljefondet trekt seg ut av, fordi det ikkje har handla i tråd med fondet sine etiske retningslinjer. Riise meiner liknande krav må på plass hos Nobelstiftelsen.

– Det er hårreisande at ein respektabel, høgverdig institusjon som forvaltar ein så stolt arv ikkje har tydelege etiske retningslinjer for investeringane sine.

Saknar openheit

Organisasjonen har tatt utgangspunkt i Nobelstiftelsen sine eigne rapportar og forsøkt å grave i fonda dei investerer i. Nokre investeringar er dei meir sikre på enn andre.

Riise meiner dette berre er toppen av isfjellet og fortel at dei har mange andre kontroversielle selskap det er høgt sannsynleg at stiftelsen er inne i.

– Det har ikkje vore enkelt å verifisere alle funna, men det er eit poeng i seg sjølv, seier ho og etterlyser meir openheit.

Nomebsl fredspris

FINANSIERING: Midlar frå den svenske Nobelstiftelsen er med på å finansiere Nobels fredspris. Som i 2016 gjekk til Colombia sin president Juan Manuel Santos. Her med kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit, dronning Sonja og kong Harald i Oslo Rådhus.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Vi set høge krav til etiske problemstillingar

Nobelstiftelsen, som har sine kontor i Sverige, kan ikkje svare NRK på om dei har investeringar i våpen, kol eller tobakk. Dei har fått tilsendt lista over selskap Fremtiden i våre hender hevdar dei har investert i.

Lars Heikensten

ETISK: Etiske investeringar er viktig for oss, seie direktør for Nobelstiftelsen, Lars Heikensten.

Foto: Mats Andersson / SCANPIX / NTB scanpix

– Vi set høge krav til etiske problemstillingar, men er, i motsetning til for eksempel det norske Oljefondet, ein liten aktør. Vi arbeider derfor ikkje aktivt med å velje enkeltselskap, men gjer investeringane gjennom fond, seier direktør for Nobelstiftelsen, Lars Heikensten.

Han seier likevel at dei har utvikla etiske retningslinjer og kan garantere at ingen nye investeringar vert gjort hos forvaltarar som bryt med internasjonale konvensjonar, som landminer og klasevåpen.

– Vi har ein ambisjon om å gå føre i berekraftige investeringar. Derfor vurderer vi å bruke vår posisjon til å gjere aktive investeringar i prosjekt som bidreg til positiv utvikling, seier han vidare.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå den norske Nobelkomiteen.

– Dette er ikkje ulovleg

Sjefsøkonom i SweBank, Øystein Børsum, har lang erfaring i arbeid med investeringsstrategiar i Finansdepartementet for Oljefondet. Han forklarer at slike investeringar som regel ikkje er ulovlege.

Øystein Børsum, seniorøkonom i Swedbank

SET KRAV: Sjefsøkonom i SweBank, Øystein Børsum, meiner Nobelinstituttet bør setje høgre krav til sine investeringar.

Foto: Linda Reinholdtsen

– Det er jo lov å investere i for eksempel tobakk og våpen, i alle fall innan enkelte grenser. Spørsmålet er likevel om dette er verksemder som Nobelstiftelsen ynskjer å vere med på å finansiere.

Han meiner ein har lite å tape på å halde seg unna slike selskap.

– Mange stiftelsar set bort forvaltninga, det er likevel mogleg å setje krav til investeringane. Dei siste åra har dette blitt lettare å gjennomføre, seier han.

Her meiner han Nobelinstituttet bør setje standaren høgt og krevje at alle selskap dei investerer i skal setje strenge krav til miljø og sosiale forhold.

AKTUELT NÅ