Både i Nord-Noreg og på Romerike gjekk det i svart etter feil på leidningane den siste veka.
For at folk skal vera trygge på å få den straumen dei treng, vil konserndirektør for nettdrift i Statnett, Øivind Rue, setja opp fleire høgspentmaster.
Øivind Rue i Statnett
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK– Kraftlinjer er kontroversielt, men me treng fleire master for å gje ei tilstrekkeleg sikkerheit i forsyninga til fleire område.
Sjøkabel-utgreiing klar
I august i fjor vart det klart at det blir omkamp om den omstridde kraftlinja i Hardanger. Etter massive protestar frå lokalbefolkninga, gjekk regjeringa med på å greia ut for sjøkablar som eit alternativ til kraftlinjer i luftspenn.
Utspelet frå Statnett kjem like før utgreiinga om sjøkablar i Hardanger vert lagd fram for regjeringa. Også i Hardangerfjorden vil Statnett byggja høgspentlinjer.
- LES OGSÅ: Statnett skrinlegger sjøkabel
- LES OGSÅ: Slakter mastene i Hardanger
Fredag vart 40 000 straumkundar i Nord-Noreg bedde om å spara på straumen på grunn av linjefeil.
– Situasjonen er slik at forsyninga i Nord er ustabil, sa kommunikasjonsrådgjevar Stig Gøran Hagen i Statenett Nord-Noreg til NRK.
- LES OGSÅ: Nå vil han ta strømmen din
– Dyrt med nedgravde kablar
Mange mista i tillegg straumen både i nord og på Romerike fortel konserndirektør konserndirektør Rue:
– Me hadde to store feil førre veke. Forsyninga inn til Nordland, Troms og Finnmark blei stogga av eit brot på linja. Den andre store feilen var på Romerike, der me hadde to transformatorar med feil samstundes. Det førte til at forsyninga til Romerike periodevis vart kutta.
Administrerande direktør i Energi Norge, Oluf Ulseth, meiner det hastar med fleire linjer. Han vil slett ikkje ha nokre nedgravne straumkablar.
– Dersom halvparten av dei nettprosjekta som er planlagde i åra framover vert lagde i kabel i staden for i luftspenn, snakkar me om ei auka nettleige på opptil 3000 kroner for èin familie - sjølv om det vil variera etter kvar i landet ein er busett, seier Ulseth.
- LES OGSÅ: Sjøkabel kan forsinke ny kraft
- LES OGSÅ: Du må betale for sjøkabel
- LES OGSÅ: Vil spare strøm for å slippe master