Hopp til innhold

Vil rive åtte mil med kjempemaster i fjellet

Fleire kraftprodusentar vil rive store stålmaster i sårbare villreinområde. Olje- og energidepartementet og Statnett sa nei.

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo, på Slådalen mellom Vågå og Lesja. seinhaustbilde

KRAFTLEIDNINGEN: Med store stålmaster ynskjer Statnett å selja til Mørenett. Men kraftprodusentane bak klageskrivet meiner det ikkje lenger er behov for den åtte mil lange kraftleidningen og meiner at ho kan og bør rivast.

Foto: Even Lusæter / NRK

Enorme stålmaster kryssar snaufjell og viktige villreinområde på sin veg mellom Austlandet og Vestlandet.

Kraftledninga er åtte mil lang, og går i utkanten av tre store nasjonalparkar.

Kraftleidningen som vart bygd på 1960-talet er det ikkje lenger bruk for, hevdar fleire store kraftprodusentar. Dei vil at ho skal rivast.

Bilde henta frå klageskrivet til Eidefoss og Hafslund Eco. Kraftledninga som kan rivast i fjellområdet mellom aust og vest

KARTILLUSTRASJONEN: Av den åtte mil lange kraftleidningen er henta frå klageskrivet til kraftprodusentane; Eidefoss Nett AS, Hafslund ECO, Opplandskraft DA, Eidefoss Vasskraft AS, Oppland Energi AS, Nedre Otta DA og Øvre Otta DA.

Foto: NVE Atlas

Men Statnett som eig kraftleidningen, vil selje heile den åtte mil lange traseen, og meiner riving må bli opp til kjøparen.

– Vi meiner at denne ikkje skal rivast på nåverande tidspunkt, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje.

Christer Gilje

CHRISTER GILJE i Statnett meiner dei alltid er opptatt av fotavtrykket og tek klimaomsyn for drifta, men at dette er ei kraftledning som har vore der frå tidlegare, og at det har ikkje vore naturleg å tenke seg at denne skal rivast,

Foto: Jarle Nyttingnes

Bygger nytt og vil rive det gamle

Saka om riving kom opp etter bygging av to nye kraftverk i Gudbrandsdalen, Nedre Otta og Rosten.

I denne diskusjonen har kraftselskapa Eidefoss, Oppland Energi AS og Hafslund ECO kome med forslag om å auke kapasiteten på Statnett sitt anlegg i Vågå, for så å rive den lange og gamle kraftleidningen til vestlandet.

– Vi meiner den gamle kraftleidningen uansett har begrensa levetid, og at vårt forslag både er økonomisk fornuftig og eit godt miljøtiltak, seier Egil Skøien i Hafslund ECO.

Statnett, Slådalen, Vågå, stålmaster, fagverkmaster, kraftledning, fjell

STREKKET: Som kraftprodusentane meiner er svært lite brukt og som kan rivast går mellom Osbu og Vågåmo.

Foto: Even Lusæter / NRK

Klagarane meiner at ein elektrisk installasjon som endrar spenningsnivået, ein transformator, kan installerast på Statnett sitt anlegg i Vågå, og så kan heile det åtte mil lange strekket med store stålmaster rivast.

Dei meiner dette ville vore eit viktig miljøtiltak sidan den lange kraftleidningen tek opp nær 3000 dekar med fjell- og jordbruksterreng.

Mastene er dominerande i fjellterrenget og kryssar sårbare naturtypar.

Fekk avslag

Men klaga førte ikkje fram. Tidlegare i haust avslo Olje- og energidepartementet klagen frå kraftprodusentane, og dei store stålmastene blir ståande.

Hans Kolden i kraftselskapet Eidefoss seier han er svært skuffa over utfallet.

– Her hadde vi moglegheit til å få til ei god teknisk løysing og samstundes oppnå ein stor miljøgevinst, seier dagleg leiar i Eidefoss.

Peder Qvale i Olje- og energidepartementet seier dette i ein e-post til NRK.

– Departementet er kjent med at det er usemje mellom Eidefoss og Statnett om kva for ei løysing som gjev mest samfunnsmessig rasjonell utvikling av nettet i Vågåmo.

  • Det har vore sus i kraftleidningane for tida. Det tyder på høgt forbruk, og dermed høge priser:

Tiåret for naturrestaurering

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner det er viktig at ein ser Statnett i korta når det gjeld kva vurderingar som blir gjort.

tuls gulowsen

BØR GJE AREALET TILBAKE: Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner Statnett bør gje arealet tilbake og rydde etter seg der det ikkje lenger er behov for store kraftleidningar.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Om det er slik som dei lokale kraftselskapa her hevdar, at dette er ein trasé som kan erstattast av ein mindre teknisk installasjon, bør det ikkje vera nokon tvil om at Statnett må rive ned kraftleidningen, seier Gulowsen.

Gulowsen meiner det er eit dårleg argument at denne har stått der lenge og at ho kan brukast i mange år til.

– Særleg nå som vi er inne i eit tiår med naturrestaurering, så bør Statnett gje tilbake dette arealet til naturen. Er det ikkje behov for å ha ho der, bør ho fjernast, seier leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen.

Meiner kraftleidningen er i bruk

Christer Gilje er kommunikasjonssjef i Statnett.

Han seier Statnett stadig gjer vurderingar av nettet, og at dei har vurdert det som mest rasjonelt at denne kraftlinja blir med vidare i staden for å setja opp ein transformator i Vågå.

– Dette er ei leidning vi har søkt omklassifisert, men ho har framleis ein funksjon på eit anna nivå, seier Gilje.

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo
Slådalen mellom Vågå og Lesja, tatt på seinhausten

HAR KLAGA: Eidefoss Nett AS, Hafslund ECO, Opplandskraft DA, Eidefoss Vasskraft AS, Oppland Energi AS, Nedre Otta DA og Øvre Otta DA, står samla bak klaga.

Foto: Even Lusæter / NRK

NRK har spurt Statnett om å få innsyn i kraftflyten på det aktuelle strekket av kraftleidningen, men Statnett seier dei ikkje har tid til å finne fram dei tala.

– Rett og slett fordi sentralen hjå oss ikkje har ressursar til å ta ut flyten over tid, det rekker dei ikkje opp i alt anna dei jobbar med for tida, skriv Gilje til NRK i ein e-post.

  • Gesine Fischer fryktar økt fattigdom og fleire forbrukarlån:

Flere saker fra Innlandet