NRK Meny
Normal

- Psykisk sjuke bør arbeide

Dagleg er 25.000 nordmenn sjukemelde på grunn av psykiske problem. Likevel meiner dei fleste arbeidstakarar at psykisk sjuke har godt av å jobba samstundes som dei får behandling.

Bjørn Guldvog

Om lag ein fjerdedel av dei som vert sjukemelde eller uføretrygda har psykiske problem. - Det er høge tal, men eg er ikkje overraska, seier assisterande direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog.

Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

Artikkelen er flere år gammel.

– For meg betydde det å bli gjeven tillit og ansvar, seier Knut Stubben frå Hønefoss.

Stubben blei sjølv psykisk sjuk for 20 år sidan og måtte ta ein lang pause frå jobben. Trass i dei psykiske lidingane har han dei siste ti åra hatt ei 20 prosent stilling i ei bedrift.

Ein av fire sjukemelde slit psykisk

Stubben er ikkje åleine. Ei fersk undersøking frå Helsedirektoratet og Nav viser at meir enn seks av ti arbeidstakarar har opplevd at kollegaer ikkje har kunne jobba som vanleg på grunn av psykiske problem.

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog tykkjer talet er høgt.

– Ja det er eit høgt tal, men me er ikkje overraska. Me veit at mange slit psykisk. Det er ein veldig vanleg årsak til sjukefråver og uføretrygd i Noreg.

Ifølgje tal frå Helsedirektoratet har om lag ein fjerdedel av dei som vert sjukemelde eller uføretrygda psykiske problem.

Men sjølv om mange slit med psyken, meiner Guldvog at det kan vera bra at mange har opplevd at kollegaer har vorte psykisk sjuke.

– Fint

– Det er positivt på mange måtar. Det tyder at me har ei viss openheit kring det som har forårsaka sjukefråvêret. Det er viktig for at kollegaer og leiinga skal kunne vera med på å tilrettelegga arbeidsdagen, seier Guldvog i Helsedirektoratet.

– Ein skal ikkje gje innsyn i diagnoser og liknande. Men det er fint at me har ei merksemd kring det at folk slit, legg han til.

Seks av ti arbeidstakerar meiner også at det fungerer godt at folk med psykiske problem arbeider parallellt med behandling.

Professor Arnstein Mykletun er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. Han fortel at det å stå i jobb ofte er det beste for folk med psykiske lidingar.

Jobb gjev meining

Arnstein Mykletun og Hanne Bjurstrøm

Professor og leiar for den faglege gruppa mot sjukefråvêr, Arnstein Mykletun, meiner jobb er alfa og omega for psykisk sjuke. Her overleverer han innstillinga frå ekspertgruppa til arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i vinter.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Dei menneska som er i jobb har generelt betre psyklisk helse. Om ein får alvorleg sjuke menneske til å gå i jobb, vil dei verta friskare. Dei brukar mindre medisin og treng færre innleggingar, fortel Mykletun

Han leidde ekspertgruppa som i fjor blei sett til å vurdera tiltak for å få sjukefråvêret ned. Ifølgje professoren er det å kunne fylla dagen med noko meiningsfylt ei viktig årsak til at jobb er helsebringande for menneske.

– Du har ein grunn til å stå opp om morgonen og ein grunn til å leggja deg om kvelden. Du treff andre menneske og det gjev deg noko fornuftig å tenkja på, seier han.

Stubben frå Hønefoss kjenner seg att i uttalingane til Mykletun.

– Om ein har ei psykisk liding har det ingenting å seie for kompetansen. I den deltidsjobben eg er i no, vert eg behandla som ein medarbeidar på lik line med alle andre medarbeidarar i bedrifta. Det er slik det bør vera.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger