Hopp til innhold

- Let meg ikkje diktere av korkje Raymond eller Jens

Leiar i Vågå Arbeidarparti, Live Langøygard, avviser at partilaget har late seg presse av partileiinga i saka om tillit eller ikkje til Rune Øygard.

Leiar i Vågå Ap, Live Langøygard.

Leiar i Vågå Ap, Live Langøygard, vedgår at det har vore ein tøff periode for henne som leiar i partilaget.

Foto: Monica Rikkol / NRK

– Eg vil påstå at eg ikkje let meg diktere av korkje Raymond eller Jens, og eg trur ikkje deira meiningar har talt noko meir enn dei mange andre råda vi har fått. Det har ikkje vege tyngre enn noko anna, seier Live Langøygard til NRK i kveld.

Både statsminister Jens Stoltenberg og partisekretær Raymond Johansen har vore klare på at Rune Øygard ikkje kan halde fram som ordførar.

– Ein god debatt

Ho meiner at vedtaket i styret i Vågå Ap i dag ikkje er til å misforstå, og at avgjerda kom etter ein god debatt.

– Var det usemje i styret?

– Styret hadde ein god diskusjon, det var første gong vi hadde tid til å prate ut om denne saka. Det var inga lett oppgåve for styret, men medlemene hadde ein god diskusjon før vi landa på denne avgjerda, seier ho.

Live Langøygard fortel at ho har prata med Rune Øygard to gonger i dag. Først før møtet, og så etter at styret hadde teke si avgjerd. Ho vil ikkje seie noko om Øygard sin reaksjon, det meiner ho han skal få fortelje om sjølv.

LES OGSÅ: – Dette kunne vi vært foruten

LES OGSÅ: - Klok avgjerd av partilaget i Vågå

– Øygard førebudd på avgjerda

Lokallagsleiaren seier likevel at Rune Øygard var førebudd på at mistillit kunne bli avgjerda. Øygard har sagt via advokaten sin at han ikkje vil gi kommentarar til avgjerda måndag.

Kva gjer de om Øygard ikkje følgjer rådet om å trekkje seg?

– Det veit vi ikkje no, det må vi diskutere om det blir aktuelt.

– Kan det vere aktuelt å ekskludere han frå partiet?

– Eg veit at eksklusjon er mogleg, men så vidt eg har forstått kan han bli sitjande som ordførar sjølv etter ein eksklusjon.

LES OGSÅ: Visste at jenta delte rom med Øygard

LES OGSÅ: – Ho fortalde at Rune Øygard var forelska i henne

– Har vore tøft

– Korleis har det vore å vere leiar i Vågå Arbeidarparti i denne tøffe perioden?

– For første gong skal eg vere samd med journalisten. Dette har vore tøft, med mange kjensler. Det er på ingen måte enkelt å vere med på å gjere eit slikt vedtak, seier ho.

– Er det over no?

– Det har eg ikkje oversikt over no, avsluttar Live Langøygard.

LES OGSÅ: – Vurderer å be om lukka dører

AKTUELT NÅ