- Klok avgjerd av partilaget i Vågå

Partisekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet er glad for at partilaget i Vågå har bede ordførar Rune Øygard om å trekkje seg.

Intervju med Raymond Johansen.

VIDEO: - Ei klok avgjerd av Vågå Ap

Bent Tanstad
Journalist

– Dette var ei vanskeleg, men klok avgjerd at dei no ber Øygard om å trekkje seg , seier Johansen til NRK.

Styret i Vågå Arbeidarparti brukte i kveld tre timar på å kome fram til avgjerda om å uttrykkje mistillit til den permitterte ordføraren. Avgjerda er i tråd med kva partiet sentralt og Oppland Ap har konkludert med.

Øygard vurderer

Forsvararen til Øygard, Mette Yvonne Larsen, seier at klienten hennar vil bruke resten av kvelden til å diskutere kva han vil gjere no. Det blir ikkje offentleggjort ei avgjerd i dag, seier ho til NRK.

Partisekretær Raymond Johansen var raskt ute med å uttrykkje mistillit til Rune Øygard etter at opplysningane om nettsamtalane med den mindreårige jenta vart lagde fram i retten fredag.

Kjersti Stenseng

Kjersti Stenseng er leiar i Oppland Arbeidarparti.

Foto: Ketil Frøland/Kulturdepartementet

Johansen seier han har svært stor respekt for at lokallaget brukte helga og måndagen til ei grundig vurdering av saka.

– Eit tydeleg råd

Leiar i Oppland Arbeidarparti, Kjersti Stenseng, seier til NRK at dei har gitt eit tydeleg råd om at Rune Øygard ikkje bør kome tilbake som ordførar.

– No er den oppmoding gitt veldig tydeleg, og så er det opp til Rune Øygard å vurdere det, seier ho til NRK.

Ho legg til at det no er gitt tydelege signal frå Arbeidarpartiet sentralt, frå fylkespartiet i Oppland og frå partilaget i Vågå om at han ikkje har tillit.

LES OGSÅ: Stoltenberg mener Øygard må gå av

LES OGSÅ: – Øygards troverdighet er svekket

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger