Hopp til innhold

Øygard er skuffa over ikkje å få saka gjenopptatt

Tidlegare Vågå-ordførar, Rune Øygard, får ikkje saka si gjenopptatt. Advokat Elden skriv klienten er svært skuffa og at dei vil sende ny oppmoding.

Rune Øygard

SONA: Den tidlegare Arbeidarpartiet-ordføraren slapp ut av fengsel i juni 2015, etter å ha sona ferdig dommen. Dette biletet blei tatt i 2014.

Øygard blei i 2012 dømt i høgsterett til fengsel for gjentatte overgrep mot ei tenåringsjente, og i mars 2021 ba han om gjenopptaking.

I oppmodinga argumenterte den tidlegare Ap-ordføraren for at tekstmeldingane mellom han og den fornærma kunne vere fabrikkerte.

Avgjersla kom den 16. november, og Gjenopptakelses­kommisjonen avgjorde at saka ikkje skal takast opp igjen.

NRK har vore i kontakt med Øygard som viser til advokat John Christian Elden for kommentar.

Elden skriv i ein e-post til NRK at klienten «sjølvsagt er svært skuffa» over avgjersla.

– Han noterer at denne saka er avgjort av leiar av kommisjonen aleine, og er overraska over at ho nekta kommisjonen å vurdere ei så samansett sak, skriv Elden.

Fekk fire år fengsel

Rune Øygard blei vald til ordførar i Vågå kommune i Nord-Gudbrandsdalen for første gong i 1995. Deretter blei han vald på ny ved kvart kommuneval fram til 2011.

Øygard fekk permisjon frå ordførarvervet i 2012 då han blei tiltalt i overgrepssaka.

Øygard blei dømt til fire år fengsel.

Les også Elden: – Rune Øygard er tydelig på at han er uskyldig dømt

Elden om Øygard

Vil sende ny oppmoding

I klagen, som no er avvist, har Elden argumentert for at dommen mot Øygard er uriktig.

Elden skal ha skrive i klagen at det finst gode grunnar til å anta at jenta, som Øygard er dømt for å ha forgripe seg på, har forklart seg bevisst uriktig.

Elden skriv no til NRK at Øygard vil sende inn ei ny oppmoding for behandling av ein samla Gjenopptakelses­kommisjon, for ei fullstendig vurdering av saka.

Les også VG: Rune Øygard krever å få saken sin behandla på nytt

Rune Øygard