Hopp til innhold

– Vurderer å be om lukka dører

Forsvararen til overgrepstiltalte Rune Øygard (Ap) vurderer å be om lukka dører i rettssaka på grunn av trugsmål mot vitne og eit «uakseptabelt medietrøkk».

Mette Yvonne Larsen

Forsvararen til Rune Øygard, Mette Yvonne Larsen, seier det er uhaldbart at vitner får trugsmål retta mot seg frå både journalistar og privatpersonar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Rettsdagen måndag skulle ha starta med vitnemålet den fornærma 16-åringen sin far.

Men forsvararen til Øygard braut inn og bad om eit aktørmøte på bakrommet i forkant av rettsmøtet.

Ho meiner det er grunn til å setja spørsmålsteikn ved om rettssaka mot Vågå-ordføraren skal halda fram for opne dører, fordi vitne har motteke trugsmål og på grunn av måten media dekkjer saka på.

– Eg skal ikkje vera etterpåklok, men eg har sett korleis media dekkjer og handterer denne saka. At eg og Øygard har blitt nedringt, også gjennom helga, kan me leva med. Men vitne får førespurnader og trugsmål. Fleire vitne opplever at dei blei så pressa av journalistar førre veke, at dei ikkje kan akseptera situasjonen.

– Blir plåga natt og dag

I si utspørring av Reidun Øvre Øygard spurde Larsen om korleis den siste veka har vore.

– Dette er eit liv som ikkje er godt å leve, det er forferdeleg tøft.

Ho fortel at det er mange som har sjikanert dei.

– Vi blir plåga natt og dag, og eg har fått telefonar direkte til meg. Venene våre blir også sjikanert

Dommaren: – Trugslar er ei alvorleg straffbar handling

– Vitne har blitt oppringde og truga både av journalistar, anonyme og namngjevne personar, opplyste forsvarar Larsen då ho avbraut dommaren ved rettsdagens start.

Ingen av vitna har førebels trekt seg.

– Men dei har blitt så pressa av journalistar og privatpersonar at dei ikkje føler at dei kan akseptera denne situasjonen, legg Larsen til.

Aktor Thorbjørn Klundseter gjekk med på eit møte på bakrommet for å diskutera saka.

Då aktørane returnerte til plassane sine i rettssalen like før klokka 11, las dommaren opp tre retningslinjer for mediedekninga av saka.

1. det er ikke tillatt å gjere intervju, fotografera i rettssalen

2. i tinghuset skal intervju, filming skje i eit avgrensa område. Aktor, forsvarar og bistandsadvokat vil koma dit når dei ønskjer å gje intervju

3. retten understrekar at media må visa varsemd i si dekning av saka. Trugslar mot vitne er ei alvorleg, straffbar handling

Mette Yvonne Larsen var positiv til strammare retningslinjer og påminninga frå dommaren til journalistane i salen, men utelukkar ikkje at ho vil kunne be om at dørene blir stengde.

– Eg er nøgd med strakstiltaka som retten har kome fram til, men eg vurderer fortløpande å be om lukka dører, seier Larsen.

Ho meiner den løpande oppdateringa som mange nettaviser har av saka er skadeleg for personar som skal vitna i saka.

Øygard er tiltalt for overgrep mot en mindreårig

Det er sett av fire veker til rettssaka mot Vågå-ordføraren Rune Øygard. Han erkjenner ikkje straffskuld, og meiner jenta lyg om dei seksuelle overgrepa.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Massiv dekning

Det har vore eit stort medietrøkk på rettssaka, med rundt 50 mediefolk i retten kvar dag. Saka har prega framsidene av både papir- og nettaviser den siste veka.

Larsen viser særleg til ei overskrift som dekte ei avisframside førre veke: «Slik skal Rune Øygarden knuse jenta»

– Då er det eitt eller anna som er feil. Dette er ikkje gode arbeidsforhold, sa Larsen.

Forsvararen til den overgrepssikta ordføraren fryktar at saka blir avgjort i media.

– Me treng ikkje alle vurderingane som blir gjort i media. Me kan ikkje halda fram med at det er media som avgjer denne saka, det er det domstolen som skal gjera.

16-åring vil ha opne dører

Øygard sin forsvarar bad før saka starta om at den vart halden for lukka rett, men fekk ikkje medhald frå dommarane i Sør-Gudbrandsdal tingrett.

Jenta har heile vegen bede om at saka skal bli halden for open rett. Dette gav ho også inntrykk av etter at aktørane hadde gått til møtet på bakrommet.

Flere saker fra Innlandet