Hopp til innhold

– Ho fortalde at Rune Øygard var forelska i henne

Far til den snart 17 år gamle jenta Rune Øygard skal ha gjort overgrep mot, seier at han ikkje reagerte på den hyppige kontakten mellom dei to.

Direkterapport tingretten klokka 12.00

Direkterapport tingretten klokka 12.00 ved reporter Runar Henriksen Jørstad.

Far til jenta var den fyrste som vitna i Sør-Gudbrandsdal tingrett i veke to av rettssaka mot Rune Øygard.

Han var ein av dei fyrste som jenta betrudde seg til om det som skal ha skjedd, og i retten skildra han den dagen dottera fortalde om overgrepa.

– Pappa, du veit ikkje kor alvorleg dette er. Rune er forelska i meg, sa jenta da dei sat i bilen på veg heim.

Etter dette køyrde dei heim til huset hans, og han oppfatta at noko var gale. Han spurde rett ut om det hadde vore gjort overgrep. Då svara jenta ja.

– Vi heldt rundt kvarandre og gret. Eg ringde mor hennar for å avtale at ho skulle koma innom og snakka om dette.

– Foreldra ville melde til politiet

Mora kom, og det vart diskutert kva dei skulle gjere vidare.

– Det var alvoret i saka som gjorde at vi valte å melde saka til politiet.

Faren forklarde at den da 15 år gamle jenta ikkje sa mykje om kva som hadde skjedd mellom henne og Øygard.

På spørsmål om korleis 2012 har vore for dottera, svara han at det har vore eit tøft år for jenta.

– Ho slit, men heldigvis er ho sterk. Ho vart veldig innelukka, og likte best å vere åleine. Ho var mykje inne på rommet sitt, det er den største skilnaden eg har lagt merke til.

Han skildrar dottera som ei jente som er til å stole på, sjølv om ho av og til kan utelate ting i det ho fortel. Han la likevel til at han aldri har teke ho i løgn.

– Interessert i politikk

Faren fortalte i retten at han var klar over at Øygard og den mindreårige dottera hadde mykje kontakt, men at han ikkje reagerte på noko spesielt.

– Ho er svært interessert i politikk, og det er årsaka til at dei hadde den kontakta dei hadde.

Han fortel at han ikkje har oversikt over kor ofte jenta var på besøk hjå Øygard, eller kor ofte ho overnatta, men at det var ofte.

– Når ho hadde det vanskelig eller følte seg utilpass reiste ho til Øygard. Det kunne vere når ho hadde det vanskeleg på skulen eller i familien.

Bistandsadvokaten til 16-åringen viser til at den mindreårige jenta budde på same rom som 53-åringen på tiltalebenken når ho var med han på reiser. Dette var ikkje faren klar over på det tidspunktet.

– Eg hadde ikkje gjeve ho lov til å overnatta dersom eg visste at det var tilfelle.

Kona skal vitne

Seinare i dag skal kona til Rune Øygard vitne, i tillegg til mellom anna kjærasten og mor til jenta.

Før helga vart den permitterte Vågå-ordføraren pressa kraftig på kommunikasjonen han har hatt med jenta på chatteprogrammet Skype.

Han har sjølv innrømt at dette var «griseprat», og at slikt ikkje høyrer heime mellom ein eldre mann og ei yngre jente.

Flere saker fra Innlandet