Hopp til innhold

- Godt å sjå han under kontroll

– For mange av dei overlevande frå Utøya var det viktig å sjå massedrapsmannen i ein situasjon der han var under kontroll, seier bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen.

Video Massedrapsmannen i Dagsytt 18

video: Diskuterte assedrapsmannen i Dagsytt 18

I Dagsnytt 18 på NRK i kveld snakka bistandsadvokaten om korleis dei overlevande frå Utøya opplevde det som skjedde i Oslo tingrett. Hennar inntrykk er at dei som hadde møtt opp i retten i dag, var det greitt å sjå han, å sjå at nokon hadde kontroll på han.

– Ingen trussel lenger

– Sist dei såg han var på Utøya. Då var han ein trussel, men det var han ikkje i dag. Det hjelper dei at han var under kontroll, sa Mette Yvonne Larsen blant anna. Det var også ei hjelp, seier ho, å sjå han som ein liten og puslete person med pipete stemme.

Ho seier også at ho og hennar klientar etterpå diskuterte det som etterpå har blitt kalla ein høgreekstrem helsing . Ho fortel at dei såg på det som ei hjelpelaus løfting av handledda, og dei greier ikkje å tolke det som ei nazihelsing.

Det var mange ulike reaksjonar blant dei som hadde opplevd Anders Behring Breivik på Utøya. Nokre lo og rista på hovudet av at han kravde seg sett fri, medan andre igjen reagerer på at nokon kunne le av han.

LES OGSÅ: Orket ikke se Breivik - stoppet flyet

LES OGSÅ: Slik begrunnet Breivik sitt krav

– Ubehandla psykotisk person

– Men det som er merkelegast for dei er at han skal vere ein ubehandla psykotisk person. Det er ingen som får dette til å stemme, heller ikkje dei ungdomane eg snakkar om kvar dag, sa Mette Yvonne Larsen i Dagsnytt 18.

Rettspsykolog Pål Grøndahl meiner at massedrapsmannen frå Utøya og regjeringskvartalet i retten i dag stod fram som ein meir tilfreds og veltilpassa person enn sist han var i retten.

LES OGSÅ: Breivik blir sittende i varetekt

LES OGSÅ: – Han er enda mer ufarliggjort nå

– Velregissert

Grøndahl har inntrykk av at han var meir forvirra sist han var i retten, men at han ikkje var det i dag. Han brukar ord som velregissert, og at han var litt umodent opprømt over at han det var så mange pressefolk til stades, slik han lenge har ynskt.

LES OGSÅ: Krevde å bli løslatt umiddelbart

LES OGSÅ:

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger