Fnyser av krava frå FpU og Unge Høgre

Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom har laga krav til ei borgarleg regjering, men får ikkje med seg KrF og Venstre.

Dagfinn Høybråten og Ola Elvestuen
Foto: Fotomontasje: / Scanpix

- FpU og Unge Høgre har heilt klart nokre punkt vi kan vere med på, men i heilskap er pakken dei tilbyr lite freistande.

Hilde Ekeberg, nestleder KrFU
Foto: KrFU

Slik kommenterer fyrste nestleiar Hilde Ekeberg i KrFU krava FpU og Unge Høgre har sett til ei borgarleg regjering.

Krev økonomiske reformar

Etter ein dags forhandlingar har dei to ungdomspartia på høgresida nemleg kome fram til ei liste med krav dei meiner ei eventuell Høgre/Frp-regjering bør ha utgangspunkt i.

Sjå lista over krava lenger nede i artikkelen.

Lista inneheld ei rekkje økonomiske reformar som går ut på å kutte skattar og avgifter, privatisere statlege bedrifter og kutte i sjukelønsordningane, trygd og stønad.

For å setje krava ut i livet er ungdomspartia derimot avhengige av støtte ikkje berre frå moderpartia, men truleg også frå KrF og Venstre. Det kan by på problem.

- Håper Høgre ikkje følgjer etter

Såvel Venstre som KrF meiner lista er for snever og altfor mørkeblå til at ho er aktuell å støtte opp om.

- Utspelet frå ungdomspartia representerer ei dreiing i ytterleggåande liberalistisk retning. Eg håper for Høgre sin del av dei ikkje følgjer døme frå ungdomen tilbake til kalkulatorhøgre, men heller søkjer mot sentrum, der dei gode og balanserte kompromissa finst, kommenterer KrF-leiar Dagfinn Høybråten.

- Vi har større visjonar

Nestleiar Hilde Ekeberg i KrFU kallar framlegget ekstremt.

- Skal valet stå mellom ei raudgrøn regjering og ei Høgre/FrP-regjering som dette, har vi for dårlege alternativ. Dei som er misnøgde med ei regjering som har gått for langt til venstre, ser det ikkje naudsynt som ei løysing å gå i heilt motsett retning. Vi treng eit regjeringsalternativ nærare sentrum.

Fyrst og fremst meiner ho lista frå ungdomspartia har store manglar, som ikkje har med annan enn økonomiske prioriteringar.

- Kvar vart det av miljøpolitikken til dømes? Og utdanningspolitikken? spør ho.

Vi ønskjer oss også endringar i arveavgifta, men byggjer ikkje regjeringsvisjonen på arveavgift og endringar i departementsstrukturen. Vi har større visjonar enn som så.

Hilde Ekeberg / NRK

- Ein heilt uaktuell konstellasjon

Andre nestleiar Ola Elvestuen i Venstre stussar også over at FpU og Unge Høgre ikkje nemner miljø- , utdanning- og velferdspolitikk.

- Den økonomiske politikken må sjåast i samanheng med dei andre politikkområda. Miljø er til dømes eit sentralt aspekt som ein ikkje kan sjå vekk frå. Det går ikkje å isolere økonomiske reformar frå andre felt slik dei har gjort her.

Han synest likevel lista er interessant.

- Krava frå ungdomspartia illustrerer at FrP og Høgre står svært langt til høgre i det politiske landskapet og at dei to partia saman er ein ein heilt uaktuell konstellasjon.

Det vert spanande å sjå om Høgre går mot sentrum eller mot ytste høgre etter valet. Partiet treng å synleggjere kva retning dei vil gå.

Ola Elvestuen / NRK

- Vil ikkje fokusere på usemje

Dei to opphavsmennene til lista forklarar det reine økonomiske fokuset med at det er her dei to partia står nærast.

- Vi kunne ha krangla i timevis om kulturpolitikk og innvandringspolitikk, men vi ville heller syne kva vi var samde om, og det er dei økonomiske reformane. Vi må fokusere på kva vi kan gjere og på kva som er alternativet til regjeringa i dag, seier leiar Henrik Asheim i Unge Høgre.

Henrik Asheim og Ove Vanebo
Foto: NRK

Ifølgje leiar Ove Vanebo i Framstegspartiets Ungdom (FpU) kan dei to partia også klare å einast om miljøpolitikken.

- Vi starta ein stad vi visste det var mogleg å kome til gode løysingar. Dei andre punkta vil trenge litt meir forhandling, men eg trur det er fullt mogleg å lage ei liste også der, seier han.

- Må kome seg opp av sofaen

Men lista er ikkje fyrst og fremst laga som eit bevis på at dei to partia kan samarbeide. Hovudmålet er å skape debatt om økonomiske reformar dei to ungdomspartia meiner må gjennomførast, ifølgje Asheim.

Det vil vere meiningslaust med eit regjeringsskifte dersom det berre inneber at andre folk skal føre vidare den same sosialdemokratiske politikken vi har i dag.

Henrik Asheim / NRK

Representantar for Høgre og FrP har rosa initiativet frå ungdomspartia, men også påpeika at lista går mykje lenger til høgre enn det moderpartia kjem til å gjere.

- Med ønsket om flat skatt, går dei mykje lenger enn oss. Det same gjeld for statleg eigarskap, der går dei til og med lenger enn FrP, seier nestleiar Jan Tore Sanner i Høgre til Dagens Næringsliv.

Per Arne Olsen i FrP meiner enkelte av punkta er prega av ungdommeleg overmot. Det har Asheim følgjande kommentar til:

- Det må han gjerne meine, men då får eg seie at han bør kome seg ut av sofaen og verte ungdommeleg. Dette er god blå politikk. Alt kan gjennomførast. Det handlar ikkje om overmot, men om mot.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger