Kjell Larsen, lillebror til nazisten Johnny Larsen. Døde 4.6.45 . I TV-serien de dødsdømte. Kapittel 7, den som er uten synd.

Kjell Larsen

Foto: privat

Kven drap Kjell?

I mai 1945 vart ein 15-åring banka opp i eit fengsel i Lofoten. Guten døydde av skadane, men ingen vart straffa.
No krev nevøen ei unnskyldning frå staten.

– Heile livet har eg lurt på kva som skjedde.

Glenn Tjeldnes har alltid visst at onkelen vart fengsla i mai 1945, og at han døydde like etter.

At det skal ha vore eit magevonde som tok livet av han, kanskje tarmslyng.

Men stemmer det?

Glenn Tjeldnes

Glenn Tjeldnes voks opp med ei tante på morssida. Hadde det ikkje vore for krigen, hadde han òg hatt to onklar.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Då Glenn blei vaksen, fortalde eldre familiemedlemmer at det var noko heilt anna som tok livet av Kjell.

At han vart drepen. I fengselet.

Kva er sant?

Og finst det nokon som veit kva som hende?

To brør

Kjell var ikkje den einaste Larsen-guten som døydde etter frigjeringa.

Glenn mista to onklar.

Den eldste, Johnny, jobba for Gestapo i Bodø under krigen.

Han deltok under avhøyr, og torturerte fleire norske motstandsmenn.

Fekk Johnny sine val noko å seie for kva som hende med veslebroren Kjell?

Johnny Larsen

Johnny Larsen (22) fotografert like etter at han vart arrestert av politiet i 1945.

Foto: Nordlandsmuseet

Johnny Larsen fekk dødsstraff.

I 1947 blei han avretta, 24 år gamal.

Larsen-familien har aldri slått seg til ro med at dommen var rett.

Men Johnny fekk i det minste ei rettssak. Det fekk ikkje Kjell.

Og Johnny hadde torturert fangar. Kjell hadde ikkje gjort noko gale.

Så kva skjedde eigentleg?

Glenn vil ha svar.

Eg vil prate med dei som var der, og prøve å finne sanninga om det som skjedde. Før det er for seint.

Kjell Larsens dødsannonse i Lofotposten.

Lofotposten 5. juni 1945: Kjell Larsen fylte 16 år dagen før han døydde.

Faksimile: Lofotposten

Glenn reiser til Svolvær

Når NRK tek kontakt og spør om Glenn vil delta i TV-serien De siste dødsdømte, svarar han ja.

Dette er hans sjanse til å finne svara han leitar etter.

I mai 2020 reiser han og eit TV-team til Svolvær.

Dei neste dagane møter han menneske som kjende familien hans, og som kjenner historia om Kjell Larsen.

Somme seier det fanst nokon i Svolvær som ville at Kjell skulle straffast.

Nokon som hadde sett seg ut Kjell, og som bidrog til at han blei arrestert.

Men det kan ikkje dokumenterast.

Det finst ingen skriftleg kjelder om det som hende.

Men det finst eit tidsvitne, ein mann som kjende Kjell Larsen, og som snakka med han like før han døydde.

Ein som veit kva som hende.

Barndomskameraten

Hei!

Ein stillfarande 92-åring kjem inn døra på Lofoten Krigsminnemuseum.

Glenn helser på Kjell Arne Karlsen.

Han takkar for at Karlsen tek seg tid til å prate om onkelen hans.

Karlsen fortel at den eitt år yngre Kjell Larsen var ein snill, omsorgsfull og sprudlande gut.

– Me var ein gjeng som gjekk mykje på ski, og for å komme til marka passerte me heimen til Kjell. Ofte stod han der og ropa «Vent på meg, vent på meg!».

Glenn smiler litt. Det er fint å møte nokon som har gode minne om onkelen.

Men så seier Karlsen:

– Det var jo ein tragedie.

Gruppebilde med Kjell Larsen nede til høgre, 1944

Ein kameratgjeng i Svolvær i 1944. Kjell Larsen sit nedst til høgre.

Foto: Privat

Venta på at noko skulle skje

Då NRK fyrste gong kontakta Kjell Arne Karlsen, ville han ikkje bli intervjua.

Og han takka nei til å møte Glenn.

92-åringen liker ikkje merksemd.

Men noko fekk han til å ombestemme seg.

Eg har tenkt mykje på Kjell. Det har plaga mange av oss som bur her at det som skjedde ikkje fekk nokon konsekvensar.

I tida etter at Kjell døydde, venta mange på at nokon skulle stillast til ansvar for det som hende.

Dei venta forgjeves.

Ingenting skjedde.

Eg er veldig glad for at nokon tek opp denne historia, at det ikkje berre er glansbilete frå frigjeringa som kjem fram.

Fred i landet, hat i lufta

8. mai 1945 eksploderer Noreg i lykkerus.

Adolf Hitler er død, og Tyskland har kapitulert.

En stor folkemengde jubler utafor Adresseavisen 8. mai 1945.

Jubel i Trondheim 8. mai 1945.

Foto: Schrøder / Trondheim byarkiv/CC-BY

Men gleda er blanda med hat mot dei som samarbeidde med fienden.

No skal landssvikarane straffast.

Eksilregjeringa har laga lister over kven som skal arresterast.

Men for somme er ikkje lista lang nok.

Hemnlysta er for stor.

Ho må få utløp.

Ei tyskerjente blir skamklipt i Stavanger.

For somme vart fredsdagane eit mareritt. Her blir ei jente skamklipt, truleg fordi ho hadde hatt ein tysk kjærast.

Foto: Erling Søiland / Stavanger Museum

- Det kom ut av kontroll.

Statsvitar Baard Herman Borge har forska på rettsoppgjeret.

Han fortel at eksilregjeringa planla å arrestere kring 10000.

Det endelege talet på personarsom blei arresterte i 1945, kom på 24000.

Det er over dobbelt så mange som planlagt.

– Eigentleg skulle ein berre arrestere dei som hadde hatt leiande stillingar, og dei som hadde gjort alvorlege brotsverk.

Folk som Vidkun Quisling og statsrådane hans.

Folk som Johnny Larsen, som jobba for Gestapo.

Baard Herman Borge, Professor i statsvitenskap, UiT.

Baard Herman Borge, professor i statsvitskap ved UiT, har forska på overgangen frå diktatur til demokrati etter frigjeringa i mai 1945.

Foto: Tomas Rolland / UiT

Det vart ein enorm jobb å passe på fangane i dei overfylte fengsla og fangeleirane.

I fyrste omgang vart Hjemmestyrkene, tidlegare motstandsmenn, sette inn som fangevaktarar.

Så kom polititroppene frå Sverige, ein militær styrke på kring 13000 nordmenn.

Knapt nokon av dei hadde erfaring som fangevaktarar.

Somme var direkte uskikka til jobben.

Frykta lynsjestemning

Eksilregjeringa hadde lenge førebudd kva som skulle skje ved ein tysk kapitulasjon.

Dei største landssvikarane måtte raskt bak lås og slå.

Fangane skulle sitje i varetekt medan sakene deira vart etterforska.

I tillegg var frykta for sjølvtekt stor, ein ville unngå at mannen i gata tok lova i eigne hender.

Landssvikarane ville vere trygge bak murane.

Arrestasjonar på Hamar, mai 1945.

Arrestasjonar på Hamar i mai 1945. Det var ikkje uvanleg at arrestantar blei samla på lasteplan og køyrde gjennom byen.

Foto: Anno Domkirkeodden

I 1947, etter at Kjells eldre bror blir dømd til døden, skriv mor deira eit brev til Riksadvokaten der ho ber for livet til eldsteguten Johnny.

I brevet fortel ho kven som arresterte Kjell, den yngste sonen hennar:

«Vi hadde en gutt på 15 år som ble kastet i fengsel av heimefronten den 9. mai 1945.»

12. mai 1945 kjem polititroppene til Lofoten.

Tre veker seinare får kameratane til Kjell nyss i at han ligg på sjukestova i Svolvær.

Fire gutar bestemmer seg for å besøke kompisen.

Ein av gutane heiter Kjell Arne Karlsen.

Kjell Larsen på sykestuen i Svolvær.

Kameratane besøkte Kjell Larsen på sjukestova i Svolvær.

Illustrasjon: Nikolai Lockertsen / NRK

Ein hard geværkolbe

Nesten 80 år seinare sit Kjell Arne Karlsen på museet i Svolvær og fortel Glenn Tjeldnes kva han hugsar frå den sommardagen i 1945.

– Det sat ein væpna vakt utanfor døra til Kjell og passa på.

Karlsen fortel at dei nekta å gå sjølv om vakta ikkje ville sleppe dei inn.

Etter tre kvarter gav vakta opp, og gutane fekk besøke Kjell.

- Kjell var glovarm, han hadde høg feber, seier Karlsen.

Han fortel at dei snudde dyna hans fleire gonger under besøket for å kjøle han ned.

- Han klarte så vidt å snakke, han måtte anstrengje seg for å få orda fram.

Glenn lyttar. Han stiller nokre spørsmål her og der.

Fortalde onkelen kva som hadde hendt, kvifor han var så sjuk?

– Ja, seier Karlsen.

- Kjell sa han vart slått i magen med eit gevær. Han sa det var ein hard kolbe.

Kjell Larsen forteller at han ble banket opp i fengselet.

Kjell Larsen meinte det var eit kolbeslag i magen som øydela han.

Illustrasjon: Nikolai Lockertsen / NRK

Noko vart øydelagt inni Kjell.

Men han fekk ikkje legehjelp.

Dei andre fangane høyrde han jamre seg på cella. Han skreik om natta.

Først etter tre døgn vart han frakta til sjukestova i Svolvær.

Dagen etter at kameratane besøkte Kjell, døydde han på veg til sjukehuset i Narvik.

Den offisielle dødsårsaka var tarmslyng.

Ingen i styresmaktene undersøkte dødsfallet.

Trur det var planlagt

Karlsen trur ikkje angrepet på Kjell var ei impulshandling.

Han fekk inntrykk av fangevaktarane sytte føre at 15-åringen var åleine i fengselet.

Han var sett til å vaske korridorane. Dei andre fangane var ute, medan han vart igjen for å vaske.

I TV-serien De siste dødsdømte fortel Kjell Arne Karlsen om barndomskameraten Kjell Larsen.

I tida etter Kjell døydde, venta Kjell Arne Karlsen fånyttes på at nokon skulle stillast til ansvar for dødsfallet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Men kvifor vart Kjell i det heile tatt fengsla?

Han var medlem av NSUF under krigen, ungdomsforbundet i Nasjonal Samling.

Men born skulle ikkje sitje i fengsel.

– Veit du kvifor Kjell vart arrestert? spør Glenn.

Svaret kjem kontant:

Det var sjølvsagt fordi han var bror til Johnny.

Lovlause tilstandar

Kjell Larsen var ikkje den einaste som vart mishandla bak murane sommaren 1945.

I fengsel og fangeleirar over heile landet vart både norske og tyske fangar utsette for overgrep.

Oppfatninga var at dei skulle få straffa si der og då, fortel statsvitar Baard Herman Borge.

Dette er i strid med strafferetten, der sjølve straffa byrjar når ein har fått ein dom.

Her starta ein med ein gong å pine og plage fangane.

I løpet av 1945 kom det stadig fleire rapportar om overgrep.

Arrestasjonsfoto, Ole Wehus

Då landssvikfange Ole Wehus blei spurt om han blei torturert i fengselet, svara han ja: "Det var et helvete, men jeg vil ikke anmelde noen. Det er jo ingenting i forhold til det jeg selv har gjort."

Ole Wehus i retten, Porsgrunns Dagblad 09.12 1946

Ole Wehus jobba for Gestapo under krigen. Under rettssaka i 1946 sa han at opphaldet i Akershus landsfengsel sommaren 1945 fekk han til å beundre dei han sjølv hadde torturert.

Ole Wehus avretta, Tvedestrandsposten 12.03 1947

Ole Wehus blei dømd til døden og avretta 10. mars 1947.

Ein anonym fange beskreiv korleis han blei utsett for psykisk tortur i Sydspissen fangeleir på Tromsøya.

Så fort han kom til leiren, blei han fortalt at han var dømd til døden, og skulle skytast.

«I de følgende ti dager oppstiltes jeg til forskjellige tider på døgnet alt i alt tolv ganger foran eksekusjonspelotongen (red.anm. skytetroppen), dog ble alltid henrettelsen i aller siste øyeblikk utsatt.»

Vidare fortel fangen at han måtte ligge i ei likkiste kvar natt i over to månader.

«Kistelokket ble lagt på, hvorved jeg en rekke ganger nær dreptes av luftmangel.»

Dette er berre to av 16 punkt i skildringa hans.

En bunke med «mugshots» av landssvikfanger på Akershus landsfengsel sommeren 1945. En lite omtalt del av rettsoppgjøret etter krigen.

Arrestasjonsbilete frå Akershus landsfengsel, mai 1945. Også der vart det rapportert om overgrep mot fangar.

Foto: Hjemmefrontmuseet

«Uheldige foreteelser»

– Fyrst utover hausten kjem det øvde fengselsfolk. Då roar situasjonen seg, seier statsvitar Baard Herman Borge.

Styresmaktene må til slutt gjere noko med alle skuldingane og rapportane som kjem inn.

I 1950 kjem Stortingsmelding nr. 64, angrepa på rettsoppgjøret med landssvikerne.

Her innrømmer riksadvokaten at fangar vart utsette for ei rå og brutal behandling.

Han forklarar dette med at det var amatørar som var i arbeid, menn frå Hjemmestyrkene eller polititroppane.

Men det er ikkje mykje sjølvkritikk å spore i stortingsmeldinga.

«De uheldige foreteelser var ikke mer enn noen få svarte flekker i et ellers lyst bilde

Riksadvokaten hadde neppe høyrt om 15-åringen frå Svolvær som vart arrestert og som aldri kom heim.

Hendinga i fengselet i Kabelvåg vart nemleg ikkje meld til politiet.

Ingen vart straffa.

Sjølv om fleire visste kven som banka opp Kjell.

Kjell Larsen lå på cella i tre døgn med smerter før han fikk legehjelp.

Kjell Larsen låg tre døgn med store smerter før han fekk legehjelp.

Illustrasjon: Nikolai Lockertsen / NRK

Ein nordlending som slo

I eit kontor på Lofoten Krigsminnemuseum høyrer Glenn Tjeldnes ein gamal mann seie at han veit kven som drap onkelen hans.

Kjell Arne Karlsen hugsar ikkje namnet på politisoldaten, men han hugsar mannen:

Han var nordlending. Det er det ingen tvil om.

Karlsen seier mannen tilhøyrde polititroppane som kom frå Sverige i fredsdagane, og legg til:

Eg synest dei svensksoldatane skulle hatt betre kontroll på seg sjølv.

Karlsen fortel at mange i Svolvær var svært opprørte over dødsfallet.

– Me var i sjokk.

– Men ingen gjorde nokon ting? spør Glenn.

Tydelegvis ikkje. Det var lovlause tider, svarer Karlsen, og fortset:

– Me visste ikkje kva me skulle gjere. Det var jo styresmaktene som hadde forårsaka dette.

Glenn Tjeldnes

Glenn Tjeldnes på kyrkjegarden i Svolvær, der onkelen Kjell Larsen vart gravlagd.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

– Nokon må seie unnskyld

Det er rått.

Glenn Tjeldnes er opprørt. Sint.

At ein 15 år gamal gut blir slått så forferdeleg at han døyr, og ingen hevar eit øyeinbryn. Det var liksom berre: "Ja ja, han var broren til ein krigsforbrytar, så det blæs me i."

Nøyaktig kva som hende i fengselet i Kabelvåg, får han aldri vite.

Ingen av dei som var der, som deltok sjølv, eller som såg på, lever lenger.

Det finst ingen skriftleg dokumentasjon på at Kjell Larsen blei slått i hel.

Glenn føler likevel han har fått nokre svar.

Og han forstår at ingen torde å krevje at noko vart gjort.

For kven skulle dei gå til?

Det var jo politiet som slo han i hel. Det blir som å gå til ein drapsmann og seie: «Dette må du ordne opp i». Det er jo heilt håplaust.

Kjell Larsen og lillesøster Elsa

Kjell Larsen med veslesøster si Elsa, som blei mor til Glenn.

Foto: privat

Glenn synest tida er moden for ei oppreising til dei det vart gjord urett mot etter frigjeringa.

I 2018 kom den norske regjeringa med ei unnskyldning til tyskarjentene.

Glenn meiner alle som vart plaga, mishandla og stengt ute av samfunnet etter krigen, fortener ei offentleg unnskyldning frå staten.

No er det så lenge sidan at det må kunne gå an. At norske styresmakter går ut og seier at det vart gjort feil den gongen.

I eit gamalt fotoalbum heime hjå Glenns mor ligg eit portrett av Kjell Larsen.

På fotografiet står det skrive med handskrift:

Du var en liten solstråle.

Vi glemmer aldri vår egen Kjell.

Kjell Larsen, med tekst

Kjell Larsen (03/06 1929 - 04/06 1945)

Foto: Privat

Du kan sjå heile historia om brørne Kjell og Johnny Karsen i sjuande episode av De siste dødsdømte.

Hei!

Har du innspel til saka eller om TV-serien De siste dødsdømte?

Ta gjerne kontakt.

Eg har tidlegare skrive denne artikkelen om den fyrste nordmannen som blei avretta for landssvik etter krigen:

Den hemmelege bestefaren

I tillegg har eg skrive desse artiklane frå den andre verdskrigen:

Gifteringen som kom heim frå Tyskland etter 75 år

Dei norske studentane som ikkje ville bli nazistar

Vil du lese fleire saker frå TV-serien De siste dødsdømte? Her er nokre forslag til deg:

Les også Problembarnet som solgte vennene sine til tyskerne

Eilif Pisani