Det har dukka opp ein skatt på eit loft i Skien.
Unike bilete om ei absurd historie.
Nordmannen som tok bileta skulle omvendast til nazismen.
Men det var enklare sagt enn gjort.

Nazi-skulen

Dette er Hans Tveten.

Under krigen studerer han medisin i Oslo.

Ein haustdag i 1943 blir han arrestert.

Fangenskapet blir mildt sagt underleg.

Hans er ikkje åleine om å bli arrestert i Oslo denne dagen, tyskarane tek alle studentane dei finn.

Makteslause vitne kan berre stå og sjå på.

Mannen bak arrestasjonane, Josef Terboven, trur universitetet er fullt av motstandsfolk.

Aksjonen blir seinare kjend som "Terbovens tabbe".

Hans Tveten og 290 andre studentar blir førte om bord på eit transportskip.

Reisa går sørover, til ein SS-leir i det tyskokkuperte Frankrike.

Hans får tak i eit kamera.

I smug tek han fleire hundre bilete av studentane i leiren.

Sjølv om dei er fangar, viser bileta at studentane har stor fridom.

Dei spelar fotball.

Og pingpong.

Dei får nok av mat.

Dei badar med lokalbefolkninga.

Dei går på pub og flørtar med jentene.

26 år gamle Hans ser solbrun og sunn ut.

Men fridomen har ein høg pris.

Studentane skal bli nazistar.

Dei må delta i forelesingar om raselære, verdsbilete og ideologi.

Men Hans Tveten vil ikkje bli nazist.

Ingen av studentane vil bli nazistar.

Dei nektar å gå med nazi-symbol på uniformane.

Dei halvsøv under forelesningane.

Dei saboterer arbeidsoppgåvene,
og jobbar så sakte dei kan.

Det skal koste dei dyrt.

Dette er Hans Tvetens niese,
Marit Bjerva Sagvolden.

Det var ho som fann bileta i Skien.

Ho vil ikkje legge bileta opp att på loftet.

Somme skattar blir større når du deler dei med andre.

Marit kontaktar ARKIVET freds-
og menneskerettighetssenter,
og prosjektleiar Antoni Pisani kjem på besøk.

Han fortel at det knapt finst foto av nordmenn i tysk fangenskap.

Desse bileta er unike.

Marit kontaktar familiane til dei andre studentane.

Mange kjenner att ein far,
ein bestefar eller ein onkel.

«Er det pappa?»

Anne Kari Elle

«Ja, det er han, for det er jo mamma på fotoet bak! »

«- Det ser ut som om far er på ferie.»

Anette Mohr

Dottera til Kai Mohr humrar av selfien hans.

Men smila på bileta skjuler
kor redde studentane var.

Grensa mot Sveits er freistande nær, men ingen rømmer.

Det vil gå ut over dei som blir att.

Tyskarane trugar med å skyte dei.

Mange spør seg om motstanden er verdt å døy for, men dei sterke støttar dei svake, studentane held saman.

Til slutt gir den tyske leiinga opp.

Ingen av studentane blir skotne.

Men det finst fleire måtar å døy på.

Mange får tyfus og tuberkulose.

Den blonde mannen i midten, Tor Vangberg, blir berre 22 år gamal.

Han er ein av 17 studentar som aldri kjem heim.

I desember 1944 blir studentane flytta til Buchenwald.

Dei frys, svelt og blir sjuke. Fangar døyr som fluger rundt dei.

Konsentrasjonsleiren luktar av krematorium.

Hans Tveten reknar med han snart skal døy, og får smugla ut bileta han tok i Sennheim.

Bileta han tek inne i Buchenwald, må han øydelegge. Han vågar ikkje å ta vare på dei, fangar blir drepne for mindre.

Men Tyskland er i ferd med å tape krigen.

I Berlin tek Adolf Hitler sitt eige liv.

På Skaugum i Asker gjer Josef Terboven det same.

Studentane kjem heim 25. mai 1945.

Men når jubelen legg seg, er ikkje alt som før.

Mange slit etter tida i fangenskap.

Hans Tveten har mareritt. Borna hans høyrer han rope i søvne.

Hans blir 80 år gamal.

Når han døyr, blir negativa frå Tyskland lagra på loftet til systera.

Mange år seinare finn Marit bileta etter onkelen.

No donerer ho bileta til ARKIVET freds- og menneskerettighetssenter.

Slik kan alle som vil, ta del i skatten.

Du finn bileta på digitaltmuseum.no, og du kan lese meir om Tysklandsstudentane på fanger.no.

Skanning og redigering

Espen Hobbesland

Visualisering

Anders Nøkling
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal