Hopp til innhold

Stor streikefare ved Bodø lufthamn

Det vert full stans i den sivile luftfarta til og frå Bodø lufthamn frå og med måndag morgon – om ikkje LO og Spekter vert einige i kveld.

Rullebanen i Bodø med nytt dekke, Bodø lufthavn

VERT STÅANDE: Om ikkje meklarane kjem til nokon avtale i kveld, vert flya i Bodø ståande på bakken.

Foto: NIKLAS AUNE JOHNSEN / NRK

– Partane er ikkje komne til nokon avtale, seier riksmeklar Mats Ruland.

I kveld meklar LO Stat og Spekter på vegner av Norsk Tjenestemannslag (NTL) og Falck Brann og redning. NTL meiner situasjonen for dei tilsette er uhaldbar med altfor låg bemanning. Falck er ueinige.

Om dei ikkje kjem til einigheit innan midnatt, går brann- og redningstenesta på Bodø lufthamn i streik frå måndag klokka 10:00. Då stansar den sivile luftfarta.

– Sjølv om dei ikkje har blitt einige enno, er det mange timar att til freista går ut, seier Ruland klokka åtte i ein pause i meklinga.

Ruben Frendal, brannmann Bodø lufthavn

FOR FÅ: – Det er vel ingen flyplassar som har so få tilsett som i Bodø. Vi brukar so mykje overtid i dag for å få drifta til å gå rundt at vi kjem til å verte veldig sårbare ved sjukdom og ferie, sa tillitsvald Ruben Frendal til NRK i juni.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Privatisering

Som første lufthamn i Noreg sette Avinor plass-, brann- og redningstenesta på flyplassen i Bodø ut på anbod til private 1. august i fjor. Mesta vann anbodet for plasstenesta, medan Falck brann og redningsteneste AS overtok brann- og redningstenesta frå Forsvaret.

Av dei om lag 40 tilsette ved Forsvaret som dreiv tenesta ved lufthamna, blei berre 19 med over til Falck. Selskapet vil kutte endå meir, til 17 tilsette.

Håpar på ei løysing

– Vi håpar å kome til ei god løysing. Vi skal gjere alt for å unngå streik, seier Gunnar Larsen, direktør for kommunikasjon og samfunnspolitikk hjå Spekter.

– Vi jobbar iherdig for å unngå at folk skal bli hefta av denne ueinigheita, seier Larsen.

Gunnar Larsen

HÅPAR PÅ LØYSING: Gunnar Larsen understrekar at Spekter gjerne vil finne ei løysing før freista går ut fredag kveld.

Foto: Erik M. Sundt / Pressebilde

Forlengjer ikkje kontrakt

Falck og Avinor skreiv kontrakt for to år, med moglegheit for ytterlegare to års forlenging. Dagleg leier Loke Gulliksen i Falck brann og redningsteneste AS sa til NRK i juni at dei ikkje planlegg å forlenge kontrakten.

– Det er ikkje nokon dramatikk i dette. Det opphavlege anbodet inneheldt ein del avgrensingar som ikkje fungerer i kvardagen. Det vert opp til Avinor å fortsetje i eit anna spor, sa Gulliksen.

Han såg likevel ikkje vekk frå at Falck kom til å søkje på nytt når anbod vert utlyst att.

Widerøe-fly lander på Bodø lufthavn

INGEN LETTING: Om flyplassen i Bodø ikkje har tilstrekkeleg med tryggleiksmannskap, kan ikkje fly lette og lande i Bodø.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Freista for partane å kome til einigheit er laurdag kl. 00:00.