Hopp til innhold

Fann høg mann frå jernalderen med ryggvondt og biholebetennelse

Nye analysar gir flere svar om mannen som levde i Lofoten for over 1200 år sidan. Men nokon ting blir verande eit mysterium.

Skjelett-funn på Gimsøy i Lofoten

MYSTERIUM: Forskarane er ferdige med å analysere funna av mannen som blei funne på Hov gard i Lofoten. Likevel er det framleis ting som får arkeologane til å klø seg i hovudet.

Foto: Norges arktiske universitetsmuseum

Ein gong på 700-talet blei ein mann gravlagt på Hov gard i Lofoten.

Jernaldermannen var relativt ung. Ein stad mellom 25 og 35 år.

Med seg i grava hadde han ein øks, ein kam og to knivar.

I 2020 blei grava oppdaga.

No er arkeologane ferdig med å analysere funna.

Men det er framleis mange mysterium. Eit av dei handlar om ei tann.

Hadde med seg kam i grava

Så kven var denne mannen?

– Vi veit at det var ein ung mann i sin beste alder då han døydde. Sidan han hadde spyd og øks kan han ha hatt eit krigaransvar.

Det seier arkeolog og prosjektleiar Anja Roth Niemi.

Det var nemleg vanleg på den tida at ein måtte vere i beredskap for å kunne gå i strid. Særleg den øvre klassen var lært opp i våpenkunst.

Øks og spyd funnet ved gravstedet på hov fra 700-tallet

Sidan mannen var gravlagt med to øksar, to knivar og det arkeologane trur var eit spyd meiner dei han har fått våpentrening og har vore del av den øvre klassa.

Foto: Arkeologi ved Norges arktiske universitetsmuseum

– Han har nok tilhøyrt dei som leia i området, seier Niemi.

Men i tillegg til våpen hadde mannen på Hov med seg ein kam i grava.

– Var han òg ein barberer?

– Kammar er faktisk vanlege funn i vikinggraver. Bildet av skjeggate vikingar stemmer nok ikkje med korleis verkelegheita var. Dei var nok litt opptatt av utsjånaden.

Kam funnet ved gravstedet på Hov gård fra 700-tallet

Ein kam blei òg funne på gravstaden. Det seier Niemi er vanleg å finne. Vikingane var nok meir opptekne av utsjånad enn folk flest trur.

Foto: Arkeologi ved Norges arktiske universitetsmuseum

Mannen var lagt ned i ein grop i bakken, liggande på sida med beina trekt opp under seg.

Arkeologen seier at dei har sett både folk som ligg på ryggen, og folk som ligg på sida i vikinggraver.

– Det kan vere at det speglar av noko om individet som ligg i grava.

Utgravning av skjelett på Gimsøya

Anja Roth Niemi var med å grave ut mannen på Hov gard i Lofoten i 2020.

Foto: Norges arktiske universitetsmuseum

No er gjennomsnittshøgden for unge norske menn i overkant av 180 cm.

Denne mannen var mellom 172 og 178 cm høg. Med andre ord ville han ikkje ha vore særleg høg etter dagens standard.

Men på denne tida var det ganske høgt.

– Ein kan si at det er ein god høgde, men han var ikkje ein ruvande kjempe.

Les også Beinrester i populært festivalområde viste seg å være 9000 år gamle

Feltarbeid inni Kirkhellaren Træna

Tannmysteriet

– Men kvifor døydde han?

– Det er mykje av livet som set spor på skjelettet. Ein kan sjå små spor etter slag og betennelsar, men vi kan ikkje finne ut av dødsårsaka berre på grunn av skjelettet.

– Men det får berre bli eit mysterium. Han kan ha vore forkjølt eller hatt ein infeksjon.

I ein video frå 2021 forklarar ein UiT-ekspert kva dei kunne forstå av funna til då.

Likevel kan dei seie ein del om livet mannen levde ut ifrå skjelettet.

Som folk i dag hadde han sine kvardagsting å stri med. Denne mannen hadde eit smertefullt brot i ryggen.

I tillegg hadde han biholebetennelse.

Slik har steinaldermannen på Hov gård i Lofoten ligget i nesten 1200-år.

Skjelettet er i sjeldan god stand. Det er fordi han er gravlagd i skjelsand som bevarer skjelettet svært godt, forklarar Niemi.

Foto: Arkeologi ved Norges arktiske universitetsmuseum

– Vi kunne sjå spor om at han ikkje hadde like mykje velstand då han veks opp på skjelettet. Det er ikkje urimeleg å tenkje at det nokre år var mindre mat, eller at han var litt sjuk.

I tillegg veit arkeologane at han har brukt høgre arm mykje. I ein slags rotasjonsrøynsle.

– Vi veit ikkje nøyaktig kva det kan vere. Men det kan sjå ut til å vere ein type kasting.

Kanskje var han særleg opptatt av øksekast? Eller spydkasting?

I tillegg er det ein ting som forskarane har undra seg over.

Steinaldermannen på hov fra 700-tallet hadde gode tenner

Mannen hadde flotte tenner, men ei tann mangla. Den trur forskarane at dei fann like ved hofta til mannen.

Foto: Arkeologi ved Norges arktiske universitetsmuseum

Nokre år før mannen døydde mista han ein tann. Ein tilsvarande tann blei funne ved underkroppen.

– Tok han vare på tanna og bar ho med seg?

– Vi har informasjon om at dei tok vare på tenner i yngre jernalder. Til dømes mjølketenner. Ein hadde dei med seg som ein amulett eller lykkebringar, seier arkeologen.

– I grav frå 1998 har vi også funne ein tann. Det kan ha vore ein lokal tradisjon å bere med seg ei ekstra tann.

Les også Høysesong for hærverk: Anmelder ødeleggelser på flere tusen år gammel bergkunst

Hærverk helleristning Tysfjord

Ein brikke i eit puslespel

På Hov i Lofoten er det fleire ting som tyder på at staden var viktig i jernalderen.

Det er nemleg funne fleire gravhaugar i området. Det kan rett og slett sjå ut til at staden var eit lite senter på den tida.

Utgravning av skjelett på Gimsøya

1 1998 blei det funne ein annan grav omkring 70 meter unna graven til denne mannen. Også den inneheldt ein relativt ung mann som var gravlagt på liknande vis med tilsvarande gravgods.

Foto: Anja Roth Niemi / Norges arktiske universitetsmuseum

– Hov har vore ein av storgardane som var leia av ein lokal overklasse.

Bakgrunnen for at mannen blei funne i 2020 var at dei var planlagt ein ny campingplass på staden.

Arkeologen håper andre er like gode til å melde frå om dei finn gravar eller andre gamle funn.

Les også Havnesjefen vil fjerne vraket, mens arkeologene mener det kan bli en turistattraksjon

DS Hamburg

– Dette er berre ein brikke i eit stort puslespel. Kvar brikke gir eit riktigare bilde av heilskapen.

– Nord-Noreg veks fram på denne tida. Du får ein tydeleg etablering av aristokrati og handel som ein ser vidare i vikingtida, seier Niemi.

Nett for Hov viser det til ein lang kontinuitet der det har budd folk i fleire hundre år. Niemi kallar funnet ein felles arv for oss alle.

Les også Graver frem helt unikt skipsvrak: – Tror det kan bli en attraksjon

Prøver tas av en jekt i fjæra på Mjønes utenfor Bodø

Les også Fant mystisk sko i innsjø: – Kanskje den tilhørte ei jente som bodde her for 500 år siden

De to unge jentene, Louise og Pauline holder opp en gammel sko de har funnet.

Les også Har funnet godt bevart kropp fra jernalderen: – Det er helt fantastisk

Utgravning av skjelett på Gimsøya