Hopp til innhold

Sea King gjekk inn for si siste landing på luftfartsmuseet

Både mannskap og helikopter hadde si siste landing i Bodø denne veka. Og om litt kan alle besøke det.

Sea King redningshelikopter

Før Sea Kingen kan visast fram for museumspublikummet må det mellom anna tømmast for olje og drivstoff.

Foto: Allan Klo / NRK

Etter nesten 48.000 oppdrag skal kongen eller arbeidshesten i norsk søk- og redningsteneste gjennom 50 år pensjonerast.

Måndag vart Rygge flystasjon den siste og femte basen til å bytte frå Sea King til SAR Queen.

Og tysdag landa redningshelikopteret for siste gang i Bodø. I byen skal Sea King stillast ut på Norsk Luftfartsmuseum og dermed er ein epoke over.

– Det er ein fantastisk arbeidshest som det både er hyggeleg å parkere, men også litt trist, seier flygar og skvadronsjef for 330 skvadronen, Svein Tore Pettersen.

Ein veteran dukka også opp på den siste landinga.

– Eg må seie det, eg hadde tåra i auga. Det er ein epoke som er over, seier John Skogøy.

Han har 22 år og 4000 flytimar som maskinist i helikopteret, og var også med å henta den første maskina i England i 1972.

– Det har vore ei fornøyelse å vere med på dette.

Sea Kingen lander for siste gang i Bodø. Nå skal den inn på Norsk Luftfartsmuseum.

Sea Kingen lander for siste gang i Bodø. Nå skal den inn på Norsk Luftfartsmuseum.

– Bra for historia vår

Men det er ikkje berre helikopteret som skal pensjonerast denne tysdagen. Det gjeld også Pettersen og mannskapet som landa i Bodø.

– Det kjennast deileg på ein måte, men litt trist å skulle forlate gjengen. Men det er definitivt på tide, seier flygaren.

Helikopteret skal no inn som ein del av samlinga til Norsk Luftfartsmuseum.

– Eg syns det er bra for historia vår og landet vårt at vi får moglegheita til å ha desse maskinene på flymuseet i Noreg. Det fortener maskina, det fortena befolkninga i landet og det fotjerna kanskje vi som har floge han også, seier Pettersen.

Sea King redningshelikopter deltok i redningsaksjonen etter snøskredet i Sydalsfjellet i Lofoten første påskedag. En mann er bekreftet omkommet i skredet.

Sea King deltok i redningsaksjonen etter eit snøskred i Sydalsfjellet i Lofoten første påskedag i 2018. Ein mann omkom i skredet.

Foto: Eric Fokke / NTB

Sea Kingen har vore ein stor tryggleik når uhellet først var ute. For folk har lyden av helikopteret betydd mykje.

– Det er vel ikkje ein einaste gjenstand som har betydd meir for folk i Noreg, både i luftforsvaret, i redningstenesta og for publikum. Så for oss er det både eit helikopter, og eit døme på norsk kulturarv, seier direktør for Norsk Luftfartsmuseum, Rolf Liland.

– Eg har lyst til å seie nesten på linje med vikingskipa, viss vi skal sjå litt fram i tid.

Les også Åtte månader med nytt redningshelikopter: Verken verre eller betre enn 50 år gammal forgjengar

Video frå Luftforsvaret: SAR Queen

Blir gjort ekstra stas på

Før Sea Kingen kan visast fram for museumspublikummet må det mellom anna tømmast for olje og drivstoff.

– Men sett vekk frå det, så er målet og ambisjonen vår at det skal vera heilt intakt og nøyaktig. Slik som det var med instrument, utstyr, klatreselar og fullpakke, seier direktøren.

 Siste Sea King-helikoptere pensjoneres på Rygge

Frå 2020 har det nye redningshelikopteret AW101 SAR Queen gradvis erstatte den gamle arbeidshesten Sea King.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– De har jo veldig mange flymaskiner her på museet, men blir det gjort litt ekstra stas på Sea Kingen?

– Ja, det blir gjort ekstra stas på helikopteret. Vi skal lage ei ordentleg utstilling rundt det, sjølvsagt.

Dei reknar med å ha ei stor opning for helikopteret ein gong i løpet av våren.

– Sea King representerer jo heile redningshelikoptertenesta. Det er ein av dei mange spydspissane i det å redde liv her til lands og ta vare på folk.

Rolf Liland

– Det er ein veldig, veldig stor dag i dag. Vi har jobba hardt for å få den hit, seier direktør for Norsk Luftfartsmuseum, Rolf Liland

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

No er det SAR Queen som skal ta over beredskapen i landet. Men det har vore eit par utfordringar med dei nye helikoptera.

Dei har så langt ikkje vore dimensjonert for landingsplassane ved fleire sjukehus. Og pilotane fryktar straff fordi dei bryt loven når dei landar.

Difor har helikoptera skapt hovudbry på blant anna Ullevål sjukehus i Oslo og St. Olavs hospital i Trondheim. Ved sistnemnde har helikoptera blant anna knust ambulansevindauge og blåst ein direktør over ende.

Les også Forsvarets nye redningshelikopter er for tungt til å løse oppdrag høyt til fjells

Redningshelikopteret Sar Queen søker etter en person i en skog. Det er i skumringen og vi kan se helikopterets lyskastere som er rettet nedover mot bakken. Vi kan også se toppen på noen trær