Hopp til innhold

Åtte månader med nytt redningshelikopter: Verken verre eller betre enn 50 år gammal forgjengar

Det nye redningshelikopteret Sar Queen er verken verre eller betre enn Sea King, viser ny studie. Stor forbetring, meiner pilot.

Video frå Luftforsvaret: SAR Queen

NYTT REDNINGSHELIKOPTER: Luftforsvaret øver på redning frå havet med det nye Sar Queen.

For om lag 14 milliardar kroner blei gamle redningshelikopter byta ut med nye.

Innføringa av Sar Queen, blei tidlegare samanlikna med å gå frå ei 72-modell boble til ein sjølvkøyrande Tesla.

Men overgangen til det nye helikopteret kom likevel med fleire bekymringar.

– Det har særleg vore bekymring knytt til eit høgare vindtrykk under helikopteret, som gjer at det ikkje kan lande på like mange sjukehus som det førre redningshelikopteret, Sea King.

Dette seier overlege på akuttmedisinsk fagavdeling ved St. Olavs hospital, Helge Haugland.

Overlege på akuttmedisinsk fagavdeling ved St. Olavs hospital, Helge Haugland

– Dei tinga me trudde skulle bli veldig dårleg med det nye, har ikkje skjedd. Og dei tinga me kanskje skulle tru at blei veldig mykje betre, har heller ikkje skjedd, seier lege Helge Haugland om det nye redningshelikopteret Sar Queen.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han har leia ein studie der dei har sett på dei fyrste åtte månadane med det nye redningshelikopteret på Ørland flystasjon.

Dei ønska å sjå på om desse bekymringane har vore reelle.

Og resultatet?

Det nye er ikkje så mykje betre enn det gamle helikopteret.

Men heller ikkje så mykje verre.

– Dei tinga me trudde skulle bli veldig dårleg med det nye, har ikkje skjedd. Og dei tinga me kanskje skulle tru at blei veldig mykje betre, har heller ikkje skjedd, seier Haugland.

Auka reaksjonstid

Det nye helikopteret flyr litt raskare enn det gamle. Men reaksjonstida har auka med to minutt. Frå 11 minutt tar det no 13 minutt frå alarmen går til dei er i lufta.

Men sjølv om reaksjonstida er lenger no enn før, betyr ikkje det at den kan bli raskare.

Asbjørn Singstad

Pilot Asbjørn Singstad seier det har kome fleire førespurnader og oppdrag som har blitt utført med Sar Queen.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

– Det er eit heilt nytt helikopter og me treng litt tid for å gjere desse oppstartane raskare og for å hurtigare kome oss ut, meiner Asbjørn Singstad.

Han er avdelingsleiar for 330-skadronen på Ørlandet flystasjon og pilot på redningshelikopteret.

Kan lande på sju av 21 akuttsjukehus

Dei nye helikoptera kan berre lande på ein tredjedel av alle akuttsjukehusa i landet.

Les også: Norges nye redningshelikopter kan fortsatt ikke lande i Oslo

Det nye redningshelikopteret SAR Queen.
Det nye redningshelikopteret SAR Queen.

I Midt-Noreg kan helikopteret lande på St. Olavs hospital i Trondheim, men ikkje på sjukehusa i Molde, Kristiansund eller Namsos.

– Det er synd dersom me ikkje kan lande på sjukehus som me nyttar regelmessig, og det er uheldig at nye det ikkje er på plass før eit nytt helikopter blir fasa inn, seier overlegen.

På dei sju sjukehusa helikopteret kan lande har det måtte blitt gjort tilpassingar på grunn av det høge vindtrykket under helikopteret.

Les også: Like etter at justisministeren sa hun gleder seg til nye helikoptre, skjedde dette

Ambulanse truffet av grus virvlet opp av helikopter
Ambulanse truffet av grus virvlet opp av helikopter

Men helikopteret gjer det enklare å finne den som er sakna, og løyser søkeoperasjonar raskare.

– Eit fantastisk bra helikopter

Sar Queen er større, og det kan reise lenger.

Det betyr at det kan ta med seg fleire pasientar frå til dømes eit skipsforlis. Men det er sjeldan dette skjer.

– I dei fleste oppdraga me har treng me ikkje den store plassen, men me er nøydd å ha eit helikopter som kan ta den typen oppdrag i Noreg, seier Haugland.

Singstad som flyg helikoptera påpeiker at det var naudsynt med eit nytt helikopter.

– Me har fått eit fantastisk bra helikopter med moderne utstyr. Me kan fly raskare. Me kan fly i dårlegare vêr, også i isingsforhold. Det er vesentleg tryggare operasjonar. Navigasjonsutstyret er forbetra.