Hopp til innhold

Viste politisk bodskap på kulturbyfest: – Såpass må vi tole

«This is sami land» stod det på jakka til artist og aktivist Ella Marie Hætta Isaksen då ho stod på opningsscena til Bodø2024. Arrangøren forsvarar innhaldet.

Ella Marie Hætta Isaksen This is Sami land
Foto: NRK

«En samisk knyttneve»

Slik opnar Børre Arntzen i Avisa Nordland sin kommentar etter opningsshowet som markerte starten på Bodø som europeisk kulturhovudstad i 2024.

Ein fekk sjå joik, samisk dans, fiskebåtar og skodespelarar iført bunad og islendergensar. Det var musikkinnslag med fiolin og korsang.

Showet blei avslutta med den samiske artisten og aktivisten Ella Marie Hætta Isaksen.

«This is sami land» stod det på innsida av jakka som ho vrengde ut mot publikum.

Dagen etterpå blir showet debattert friskt i sosiale medium.

Ein skjermdump frå "Bodø i dag" på Facebook

Skjermdumpen syner eit av mange innlegg på Facebook etter opningsseremonien til Bodø2024 laurdag kveld.

Foto: Skjermdump frå Facebook

«Frå Bodø eller Kautokeino?»

På Facebook lar ikkje reaksjonane vente på seg. Nokre skriv:

Var dette fra Bodø eller Kautokeino? Visuelt var dette flott, men for lite med Bodø å gjøre.

Ikke rart søringan trur det går rein i gaten her, dette var deprimerandes.

Andre tar til motmæle og synest showet var fantastisk:

Så mektig med det samiske fokuset! Ble rett og slett rørt.

Syns det var et flott show.

Det beste med åpningen var fravær av bodøglimt og Halvdan Sivertsen.

Her kan du gjere deg opp di eiga meining om opningsseremonien:

Folkefest i Bodø! Bli med Silje Nordnes på den spektakulære feståpningen av Bodø som europeisk kulturhovedstad.

– Samisk knyttneve

– Fungerte opninga av Bodø2024 best som ei opning av samisk kulturveke og som eit oppspel til samane sin nasjonaldag meir enn som ein pangstart på ein elleve månader lang kulturfest for heile Bodø og Nordland? skriv Børre Arntzen i sin kommentar.

– Undervegs i showet slo det meg kor sentralt den samiske kulturen blei plassert i det heile.

Arntzen meiner det hadde vore merkeleg om samisk kultur ikkje hadde vore del av førestillinga.

Likevel tok han seg i å bli irritert då Ella Marie Hætta Isaksen song «Mu Váibmu», fordi han ikkje skjønte eit einaste ord av kva ho song.

– Ved nærare ettertanke gjekk det opp for meg at dette har det samiske folket blitt utsett for tiår etter tiår.

Børre Arntzen

Børre Arntzen i Avisa Nordland.

Foto: Avisa Nordland

Likevel skulle han gjerne ha spurt kva som er forventa av den jamne nordlending for å betre situasjonen til samane.

– Laurdag stod fram dei to nemnde kvinnene som ei slags samisk knyttneve som altså ikkje berre fekk det til å koke på sosiale medium, men som også fekk meg til å reflektere litt over kor vi står i utviklinga av forholdet mellom det norske og det samiske.

Åpningsseremoni Bodø2024

Eit av dei mange innslaga i framsyninga var samisk dans.

Foto: Jan Langhaug / NTB

– Kan forstå at Bodøfolket er snurt

Trine Jonassen, sjefredaktør i High North News, har fått med seg reaksjonane i sosiale medium.

Ho seier at denne bodskapen nok ikkje har vore godt nok kommunisert ut til publikum på førehand.

– Eg kan forstå at Bodøfolket er snurt. Men vi må hugse på at Bodø er Europeisk kulturby i år på grunn av det arktiske perspektivet.

Trine Jonassen i High North News

Trine Jonassen i High North News.

Foto: High North News

Det samiske var ein del av søknaden, forklarar ho.

– Leiinga i Bodø2024 har moglegvis tatt ei upopulær avgjersle, men då må dei stå for det og ta kjeften som kjem.

Direktør: – Akkurat som venta

André Wallann Larsen, direktør for Bodø2024, forsvarer opningsseremonien laurdag kveld.

– Det er akkurat som venta, seier han om kritikken.

– Ein del av kritikken på sosiale medium går på at det var ein del overvekt av samiske innslag. Kva vil du svare til det?

– Vi står heilt og fullt for opningsførestillinga som vi har laga og synest den blei veldig bra. At nokon ikkje synest det er også heilt greitt, det må dei få lov til å synest.

Festivaldirektør André Wallann Larsen

André Wallann Larsen tar kritikken imot med opne armar.

Foto: Nordland Musikkfestuke

Han understrekar at å utelate det samiske når ein søker om status som europeisk kulturhovudstad ville ha vore «heilt gale».

– Vi opplever at det er veldig stor interesse i Europa rundt den samiske dimensjonen av Bodø2024.

At Hætta Isaksen har eit politisk engasjement som heng saman med hennar kunst og gir uttrykk for det, var heller ikkje direkte overraskande for direktøren.

Les også Spektakulær åpning av Bodø2024: – Jeg er Norges lykkeligste mann

Bodø 2024 - åpningsseremoni

– Ikkje eit postkort frå Bodø

Også programsjefen i Bodø2024, Henrik Dagfinnrud, meiner at opningsseremonien var balansert.

Han legg til at det ikkje var noko poeng med ein «avsluttande seanse» i opningsshowet.

– I det perspektivet så tenker eg at det er heilt på sin plass at kunsten irriterer, inviterer og har ein bodskap. Det er slik det skal vere.

Han er ikkje einig i at «Bodø-kultur» var underrepresentert.

Bodø2024 åpningsseremoni

Det var festkveld i Bodø laurdag med ein spektakulær opningsseremoni.

Foto: Jan Langhaug / NTB

– Det heile føregår i Bodø hamn, det handlar om kyst, vår rolle som hovudstad for ein region. Det var aldri ein intensjon at dette skulle vere eit postkort frå Bodø.

Han viser også til at det handlar om å fortelje noko internasjonalt som berre kan forteljast akkurat herfrå.

Likevel forstår han at ikkje alle har fått sine forventningar innfridde.

– Eg kan godt forstå at nokre har forventingar til såkalla lokal kultur, men så er eg ikkje heilt sikker på om alle er einige om kva som ligg i det omgrepet.

Les også Enda en storm på vei – åpningsseremoni til 10 millioner står i fare

Slik ser det ut ved scenen hvor åpningsshowet til Bodø2024 skal foregå. Om det blir noe show her til helgen er imidlertid usikkert.

– Dette toler vi

Desse orda var ein del av opninga til Hætta Isaksen:

Vi står på pitesamisk og lulesamisk jord, men har de høyrt eit einaste pitesamisk eller lulesamisk ord her i kveld? Eg kan ikkje representere urfolket her som har beskytta havet og landet. Eg kjem hit som nordsame med ei enorm respekt for det samiske samfunnet her.

Sametingspresident Silje Karine Muotka meiner vi toler den samiske vekta under showet.

– Ella Marie er ein utruleg kraftfull og modig artist. Ho er menneskerettsforkjempar og at ho minner om at Bodø er eit samisk område synest eg er på sin plass.

Samepresident Silje Karine Muotka på åpningen av Bodø2024 – Europeisk kulturhovudstad.

Samepresident Silje Karine Muotka tala her på opninga av Bodø2024 – Europeisk kulturhovudstad.

Foto: Jan Langhaug / NTB

– Så vel ho sitt uttrykk og det tenker eg at vi toler veldig bra.

Ho trur Hætta Isaksen sitt «stunt» kan få folk til å tenke, og minner om at kunsten skal gjere nettopp det.

Les også Europeisk kulturbyfest lokker med ny akevitt: – Bryter alkoholloven

Bildet viser et skjermbilde av Hundholmen Brygghus som reklamerer for en akevittkveld i regi av Bodø2024.