NRK Meny
Normal

Planlegg turisme i utsett polområde

Hurtigruta planlegg turar gjennom Nordvestpassasjen, eit stort område som er utfordrande for redningsmannskap og opprydding av oljesøl.

MS Fram - her under cruise ved Grønland

ARKTISK TURISME: MS Fram kan frakte meir enn 300 passasjerar gjennom Nordvestpassasjen på 14 dagar.

Foto: Hurtigruten ASA

– Polområda er eit miljø utan særleg mange retrettmoglegheiter, verken for folk eller dyr, seier Birgit Njåstad, seksjonsleiar for miljørådgjeving ved Norsk Polarinstitutt.

17. september 2012 var Nordvestpassasjen isfri. Dette blei ein milestolpe for den globale oppvarminga og smeltinga av polane. Samstundes opna det for nye moglegheiter for skipstrafikk. Men med auka trafikk, aukar også faren for ulukker.

No planlegg Hurtigruten to turar i Nordvestpassasjen i 2018. Skipet MS Fram, med rom for vel 230 passasjerar, skal segle i fire veker mellom Kangerlussuaq på Grønland og Cambridge Bay i Canada.

Utfordrande å evakuere

Nordvestpassasjen er lite trafikkert og har avgrensa tilgang, i og med at isen frys att etter om lag halvannan månad. Ansvaret for søk og redning i passasjen ligg hjå Canada åleine, som har isbrytarar stasjonert i passasjen i den isfrie sesongen.

Men ulukker i polare farvatn kan vere utfordrande, sjølv om alt ligg til rette. 23. november 2007 sank skipet MV Explorer i Sørishavet, eit skip spesialisert på segling Antarktis. 154 menneske var om bord då det sank, men heldigvis var MS Nordnorge på seglas i nærleiken, og dei plukka opp mannskap og passasjerar berre fem timar etter mayday-signal vart sendt ut.

Explorer

SANK: Sjølv om MV Explorer var spesialbygd for å takle Antarktis, sank skipet etter ein kollisjon med eit isfjell.

Foto: Chiles luftforsvar / AP

– Me har segla i Arktiske farvatn i 125 år, og tek sjølvsagt ingen sjansar, seier Rune Thomas Ege, kommunikasjonssjef hjå Hurtigruten.

– Canada har ei flåte med isbrytarar som ligg klare heile sesongen, i tillegg til fleire lokalsamfunn og militære installasjoner langs ruta. Me er ikkje uroa for tryggleiken, seier Ege.

Kan få miljøkonsekvensar

– Me har ikkje klåre svar, men at der er nokre sårbare artar som kan verte påverka negativt, det er det ingen tvil om, seier Birgit Njåstad, seksjonsleiar for miljørådgjeving ved Norsk Polarinstitutt.

Birgit Njåstad

POSITIV: Njåstad veit kor skjørt miljøet er i Arktis, men trur turistnæringa tek ansvar sjølve.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Eit eventuelt oljesøl er nok det som kan skade naturen mest, fordi Arktis er eit skjørt miljø. Opprydding kan bli vanskeleg, mellom anna grunna at Nordvestpassasjen frys att store delar av året, og olje brytast sakte ned i kaldt vatn.

– Spesielt fuglane i Arktis er utsette. Dei er avhengige av feittlaga sine for å overleve i det kalde klimaet, og olje kan øydeleggje fjørdrakta. Dei kan rett og slett døy av kulde, legg miljørådgjevaren til.

– Dette er me klar over. Derfor har Hurtigruten teke til orde for strengare regulering av turisttrafikken mellom anna i Nordvestpassasjen. Me ynskjer avgrensing på storleiken på skip, me ynskjer fleire reglar for ilandstigingar og me ynskjer eit totalforbod mot tungolje i Arktis. Ei ulukke med eit megaskip lasta med tungolje og fleire tusen passasjerar ville fådd katastrofale fylgjer, seier Rune Thomas Ege.

Fugl tilsølt i olje fra Mexicogolfen.

OLJESØL: Miljøskadane som kjem av eit eventuelt oljesøl, kan ha store konsekvensar for dyrelivet. Her frå miljøkatastrofen i Mexicogolfen i 2010.

Foto: Charlie Riedel / Ap

– Men vår erfaring er at turistnæringa er opptekne av å bevare naturen. Det er jo den dei har å syne fram, seier Njåstad.

– Sidan Arktis er så utruleg stort, er det utfordrande å kartleggje området og gjere ei risikovurdering. Vidare er den vanskelege tilgjengelegheita ei utfordring for å overvake effektane av auka ferdsle over tid, fortel Njåstad.