Hopp til innhold

Her hentar dei søpla berre ein gong i året – må brenne han i fjæra

Befolkninga på øyene utanfor Bodø har ikkje lov å brenne søpla. Likevel gjer dei det. – Vi har ikkje noko anna alternativ.

Søppelbrenning i fjæra på Givær

Sjølv om det er ulovleg er innbyggarane på været utanfor Bodø nøydde å brenne søpla si.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kor mykje søppel kastar du i veka? Kva med i månaden?

Kan du sjå føre deg korleis det hadde vore om søpla di berre vart henta ein gong i året?

Slik er det for dei som bur på øyene utanfor Bodø.

Løysinga?

– Vi tek søpla til fjæra og brenn han. Det er ikkje så mykje anna å gjere med han. Vi har ikkje noko anna alternativ, seier Kim Rune Kvarsnes.

Han er ein av 14 fastbuande i Givær, ei av øyene på været utanfor Bodø.

Kim Rune Kvarsnes brenner søppel på Givær

Kim Rune Kvarsnes bur fast på Givær. For han er det eit kvardagsleg gjeremål å brenne søpla si.

Foto: Privat

– Vi er vant med det. Men det hadde ikkje vore så dumt å ha ein søppelkonteinar.

Kvarsnes har prøvd å ta opp saka med dei andre på øya, men han har ikkje kome nokon veg med det.

Om dei ikkje skal brenne søpla må dei sjølv frakte med seg søppel sjølv når dei er på tur til byen.

Men det er tungvint.

Og når dei ikkje har ei renoveringsløysing, har dei heller ikkje ei søppelavgift.

– Her har vi brent søpla vår i hundre år, så då kan vi jo gjere det i hundre år til, pleiar dei gamle på øya seie, fortel Kvarsnes.

– Sjokkerande

– Det er sjokkerande. Ukontrollert brenning av vanleg søppel er verkeleg ikkje bra, seier leiar av naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Han har ikkje tidlegare høyrt om at kommunar løyser renovering på denne måten, og synest det er overraskande at kommunen legg opp til at søppel skal verte brent der det er faste busetningar.

Truls Gulowsen, leder, Naturvernforbundet, gående langes en veiskjæring langs motorveien, E18, på Langrønningen i Bamble.

Truls Gulowsen er leiar i Naturvernforbundet

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Når ein brenn søppel vert det giftig røyk som inneheld farlege stoff som dioksin og andre miljøgifter. Det bør ein ikkje puste inn og halde seg unna, seier han.

Gulowsen meiner kommunen bør sørge for tilgang til renovasjon for alle sine innbyggarar, og at folk på været bør ikkje akseptere at dei tvinger dei til å brenne søpla si.

Han fortel at det var mindre farlege tilsetningsstoff i søppel før enn no. Difor vert det frigjort meir miljøgifter om ein brenn søppel i dag enn for 50 år sidan.

– Viss ein gjer det ofte kan det gi store helseproblem. Det er ein grunn til at ein ikkje brenn søppel i nokon særleg skala lenger, seier Gulowsen.

Men Kvarsnes på Givær seier at dei ikkje har tenkt mykje på kva søppelbrenninga har å seie for naturen rundt dei eller for helsa.

– Det luktar jo ikkje godt, så vi er nøye med å ikkje fyre opp når vinden står feil veg. Vi vil jo ikkje ha det inn mot husa, seier han.

Ulovleg brenning

Og det er ikkje berre på Givær dei må brenne søpla si – det gjer dei òg på øyene Fleinvær og Bliksvær.

Men i Bodø kommune er det ei forskrift som seier at det ikkje er lov til å brenne søppel.

Det er òg norma i kommunane i Noreg.

– Vi har inntil nå ikkje mottatt opplysningar om at dette er ein etablert søppelhandtering på øyene i Bodø kommune, seier kommunaldirektør i teknisk avdeling i Bodø kommune, Knut Hernes.

I ein e-post til NRK skriv dei at Bodø kommune som forureiningsmyndigheit er ansvarleg for å følgje opp slike saker, og at dei skal ta saka vidare.

Men dei legg til at ansvaret for renovasjon av hushaldningsavfall delegert til renovasjonsselskapet Iris IKS som tar seg av all handtering av avfall i Salten.

– Generelt er det forventa at bebuarane på øyene nyttar tilbodet som finst. Om det ikkje er tilstrekkeleg ber vi dei vende seg til Iris, seier Hernes.

For få folk

– Det er ikkje ønskeleg at det skal vere sånn, men det er ikkje gjort noko grundig analyse på korleis ein skal gjere det for å få i gang ein renovasjonsløysing på disse øyene, seier driftssjef André S. Johnsen i Iris.

Han legg til at dei har avtale med øyene Helligvær og Landegode, og at dei for ein del år sidan hadde ein mellombels løysing for Fleinvær.

Men det bur for få folk på Givær og Bliksvær til at det vert lønsamt å hente søppel der.

Og kaia på øyene er i for dårleg stand til at ein søppelkonteinar kan stå der.

Søppelbrenning i fjæra på Givær

Søppel klar til å verte brent i fjæra er ikkje eit uvant syn på Givær.

Foto: Privat

Difor har dei tenkt på om dei kan sende søpla med hurtigbåten, men der er dei avgrensingar på vekt som gjer det vanskeleg.

– Det er ein kabal som må gå opp. Søppel og matvarer til øyene kan ikkje stå i det same rommet. Difor er det vanskeleg å få frakta søppelet med dei.

– Disse øyene har aldri hatt noko renovasjonsløysing, leverer de då et godt nok tilbod?

– Vi har begynt på eit prosjekt, men vi har ikkje hatt tid til å jobbe med tilbodet på øyene, seier han.

Han meiner dei er låst på ressursar. No er dei lånt ut av Bodø kommune til prosjektet Ny By Ny Flyplass. Då har dei ikkje folk til å jobbe med tilbodet til øyene.

Strandrydding på Bliksvær

Nordland toppa lista over fylke med flest ryddeaksjonar registrert i Hold Noreg Rent sin ryddeportal både i 2018 og 2019, og har også i fleire år før dette lege øvst eller høgt på lista. Her frå Bliksvær i Bodø kommune.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Snikar med på strandryddinga

Enn så lenge har bebuarane på øyene funne ei anna løysing.

Ein gong i året kjem miljøbåten. Han hentar søppel som er rydda på strendene.

– Då sniker vi inn plastsøpla vår også. Det fungerer veldig fint, seier Kvarsnes på Givær.

Slik har dei funne sin eigen måte for å få henta søpla – i alle fall ein gong i året.

Men resten av året må dei førebels brenne søpla i fjæra.